«The Wind» - første singel frå Buster Sledge's kommande album!
21.1.2022 10:21:04 CET | Sounds Like Gold | Pressemelding

Buster Sledge - "The Wind" - Single release 21/01
I Buster Sledge er det fele, banjo, gitar og tre songstemmer som ber historiene fram langs eit orkestralt bakteppe forankra i akustiske musikktradisjonar frå USA. Hovudvokalist og låtskrivar, Michael Barrett Donovan, kjem frå Nord-California, og let personleg erfaring smelte saman med arketypar frå folk- og countrymusikken. Slik vert nytt liv blåst inn i velkjende songstrukturar. Gjennom Call Home sine elleve spor, løftar Buster Sledge på hatten til artistar som Norman Blake, Punch Brothers, Tim O'Brien og John Hartford.
No kjem låta «The Wind», den første singelen frå albumet. Michael Donovan seier om låta:
«Inspirasjonen bak denne låten er ein arketype frå folkemusikken som finst i fleire variantar, der ei kvinne, i eit anfall av sjalusi, myrdar ei yngre søster. Kroppen til den drepne vert brukt til å byggje eit musikkinstrument, og instrumentet bærer med seg eitt eller anna element av den myrda søstera – det vil t.d. berre spele triste songar, avslører identiteten til mordaren hennar, lagar dårleg stemning i mordaren sitt bryllaup, osv.»
Trioen var første band ut i Sjur Lyseid (Little Hands ofAsphalt) sitt nyopna Globus Studio. Lyseid har leia bandet inn i eit noko utvida akustisk lydlandskap der arrangementa er meir straumlinjeforma – som igjen står i kledeleg samspel til William Hay sitt omslagsbilete der breie penselstrøk i impresjonistiske fargar viser ein einsleg ryttar som skodar ut over ein stor elvedal.
Banjospelar Mikael Jonassen frå Bodø, er den første i Noreg som har tatt høgare utdanning på dette instrumentet. Sjølv om det heile byrja med ein elektrisk banjo og fusion-jazz, fordjupar han seg for tida i akustisk banjo i Scruggs-stil via spelet til Béla Fleck. Han har tatt fleire turar til USA for å lære av meistrane der. Jakob Folke Ossum, jazzgitaristen som blei flat-pickingaficionado, oppdaga lyden av akustisk plekterbruk gjennom Tony Rice og Bryan Sutton og studerte plater og videoar nøye for å lære seg teknikken. Felespelar Michael Barrett Donovan levde som musikar i New York City og tok ein mastergrad i klassisk komposisjon medan han turnerte med eit Grateful Dead-hyllestband. Dei tre møttest i eit kommentarfelt på eit bluegrass-forum etter at Donovan hadde flytta til Noreg i 2019. Resten av historia må du spørje dei om på ein konsert ein gong i framtida. Buster Sledge har stått på mange små og store scenar i Sør-Noreg – ikkje la sjansen gå frå deg neste gong dei tar turen til dine trakter!
Nøkkelord
Kontakter
Frøydis Bergheim RuudLabel Manager: Heilo / Odin / Hubro
Tel:924 62 924froydis@grappa.noBilder


Lenker
Om Sounds Like Gold
Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
CURBZ fikk internasjonale musikkgiganter på laget før de hadde sluppet musikk – nå debuterer de med «Zhuggah»!23.10.2026 09:09:00 CEST | Pressemelding
De har spilt by:Larm, blitt nominert til Årets stjerneskudd, varmet opp for brenn. på Sentrum Scene og sikret seg avtaler med internasjonale aktører som jobber med artister som Phoebe Bridgers til Guns N' Roses. Alt før de har gitt ut en eneste låt. Nå er ventetiden over: CURBZ er ute med debutsingelen «Zhuggah», som slippes i dag, 23. oktober, sammen med en musikkvideo.x Lytt til «Zhuggah» her
Anna Lille annonserer debutalbum og slipper ny single 'Middle Ground' - ute nå!23.10.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Den norske indiepopartisten Anna Lille annonserer endelig sitt etterlengtede debutalbum 'Master Complicator', som slippes 15. januar 2027. Samtidig er hun aktuell med den nye singelen 'Middle Ground', en fengende og personlig låt om tilgivelse, selvrespekt og kunsten å gå videre uten å miste seg selv. Albumslippet etterfølges av Annas aller første klubbturné, som tar henne rundt i Norge og til Stockholm tidlig i 2027.
Iris Caltwait utforsker grensen mellom forelskelse og avhengighet på ny singel16.10.2026 09:02:00 CEST | Pressemelding
En brutal tittel, et drømmende lydbilde og en type kjærlighet som holder deg på pinkebenken. I dag er Iris Caltwait ute med "THE RAT AND THE FUCKING COCAINE", hennes første utgivelse siden fjorårets kritikerroste album "Again, for the first time", som sikret henne Spellemannprisen for Årets låtskriver og nylig ble nominert til Årets album hos P3 Gull. Lytt til "THE RAT AND THE FUCKING COCAINE" her.
Yngvils nye julelåt rørte filmskaperne til tårer - "Når mørket slipper tak" er ute nå16.10.2026 08:57:00 CEST | Pressemelding
I dag er Yngvil ute med "Når mørket slipper tak", en original julelåt skrevet spesielt til den nye norske familiefilmen "Mysteriepakken". Da regissør Silje Evensmo Jacobsen hørte den for første gang i klipperommet, satt både hun og klipperen igjen med tårer i øynene. Lytt til "Når mørket slipper tak" her.
Rolf Guptas prisbelønte Jordens sang er endelig ute på plate16.10.2026 08:45:00 CEST | Pressemelding
Et av de mest betydningsfulle norske kor- og orkesterverkene fra de siste årene, Rolf Guptas prisbelønte storverk Jordens sang, er endelig ute på CD og digitalt.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
