Tett konkurranse om kontraktar på rekkverk i Vestland

Det er snakk om to kontraktar.
¤ 3. mai var det frist for å levera tilbod på ein kontrakt på stålrekkverk i gamle Hordaland.
– Det er 15 kilometer nytt rekkverk som skal opp. 30 prosent skal gjerast i år, 70 prosent neste år. Mesteparten i år blir på E39, i grenseområdet mellom Bergen og Bjørnafjorden kommunar, mellom Sandven (ved Kalandsvatnet) og Søfteland, seier byggeleiar Jan Bremer Remø i Statens vegvesen.
Det er mest snakk om erstatning av gammalt rekkverk. Nokre plassar blir det sett opp rekkverk der det ikkje har vore tidlegare.
¤ 9. mai var det frist for å levera på ein tilsvarande kontrakt i gamle Sogn og Fjordane. Også her er det snakk om 15 kilometer, der 30 prosent skal gjerast i år og 70 neste år. I år blir truleg område i Nordfjord prioritert.
Slik er den tette konkurransen mellom tilboda
¤ Hordalands-kontrakten: Her er det fem tilbydarar. Arendal-firmaet Veisikring har levert det lågaste tilbodet, på 19,6 millionar pluss moms. Mellom dei fire andre tilbydarane (Trygg Vei AS frå Drammen, Arvid Gjerde AS frå Innfjorden i Romsdal, SVB Veisiking frå Tonstad i Agder og Mesta AS) skil det i underkant av 650.000 kroner.
| Tilbydar: | Tilbodssum ekskl.mva: |
| Veisikring AS | 19.628.750,00 |
| Trygg Vei AS |
22.799.789,00 |
| Arvid Gjerde AS | 23.139.115,12 |
| SVB Veisikring AS | 23.181.925,00 |
| Mesta AS | 23.448.477,82 |
¤ Sogn og Fjordane-kontrakten: Her er det fire tilbydarar. Arvid Gjerde AS har levert det lågaste, på 18,4 millioner pluss moms. Det er berre 100.00 og ein halv million opp til det nest lågaste (Trygg Vei AS) og tredje lågaste tilbodet (Mesta AS).
| Tilbydar: | Tilbodssum ekskl.mva: |
| Arvid Gjerde AS | 18.404.173,28 |
| Trygg Vei AS | 18.557.226,00 |
| Mesta AS | 18.933.211,59 |
| SVB Veisikring AS | 22.117.298,00 |
– Det er viktig å presisera at ingen av tilboda er kontrollrekna, så det er enno ikkje avgjort kven får tilbod. Etter at tilbod er gjeve, er det også ti dagars klagefrist, presiserer Remø.
Men me tek uansett sikte på ei så rask avgjerd som mogleg på begge kontraktane, og satsar på oppstart før sommaren, legg han til.
Difor gjer Statens vegvesen dette
Det er fleire årsaker til at Statens vegvesen set opp nytt rekkverk.
– Eksisterande rekkverk kan vera gammalt og slite. Det kan vera ulike grunnar til at det ikkje tilfredsstiller dagens krav. Og det kan vera plassar det ikkje står rekkverk i dag, som det bør vera rekkverk på.
Slik påverkar arbeida trafikken
Arbeida for Sogn og Fjordane-kontrakten vil stort sett føregå på dagtid.
Trafikkavviklinga i samband med stålrekkverk-arbeida vil stort skje i form av trafikklys, og det vil ikkje verta lang ventetid.
For Hordalands-kontrakten vil det i stor grad verta nattarbeid. Dette fordi vegstrekninga som skal asfalterast, har høg trafikk, rundt 13.000 køyretøy i døgnet. Det er dette som kallast årsdøgntrafikk (ÅDT). Nærare 1700 av desse (13 prosent) er lange køyretøy.
Ta vare på det vi har
For å få oversikta over vegarbeid før ein skal ut og køyra, vert bilistar oppmoda til å sjekka trafikkmeldingane på 175.no. Her finst det til ei kvar tid oppdatert oversikt over nosituasjonen på norske vegar.
– Me har forståing for at vegarbeid kan vera krevjande for bilistane, men då er det viktig å minna om at me gjer det for dei; for å vareta trafikktryggleiken også i framtida. Vegdrift handlar ikkje berre om å byggja nytt, men også om å ta vare på det vi har, og gode rekkverk er ein del av dette, legg Remø til.
Tett konkurranse også tidlegare
Dette er ikkje fyrste gong det er tett konkurranse om ein rekkverks-kontrakt i Vestland, på oppdrag frå Statens vegvesen.
Så seint som i september 2021 opplevde vi det same: Tett løp om rekkverk-kontraktar til totalt 50 millionar i Vestland | Statens vegvesen
Nøkkelord
Kontakter
Jan Bremer RemøByggeleiarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:99331310jan.remo@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Har sikra dei fire mest skredutsette fjellovergangane i Sør-Noreg4.11.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Dei mest skredutsette fjellovergangane i Sør-Noreg har fått nye skredtårn på plass før vinteren, for å hindre ukontrollerte snøskred mot open veg.
Markerte oppstart på E39 Veibustkrysset3.11.2025 16:26:45 CET | Pressemelding
Statssekretær Tom Kalsås og Sula-ordførar Turid Humlen tok mandag første spadestikk for utbetring av E39 Veibustkrysset.
Statens vegvesen tar i bruk opsjon i fem av åtte driftskontrakter3.11.2025 11:51:30 CET | Pressemelding
Fem av åtte vegdriftskontrakter som går ut i 2026, forlenges med to eller tre år, etter at Statens vegvesen har blitt enig med entreprenørene om å ta ut opsjon.
Stenger rv. 41 i Birkenes for å skifte bruplate3.11.2025 10:41:48 CET | Pressemelding
Den gamle bruplata på rv. 41 Myrene bru langs Birkelandsveien skal fjernes og erstattes av ei ny. Rv. 41 sør for Høygilt blir stengt i fire uker fra 10. november.
Nesten 100 omkomne i trafikken1.11.2025 06:30:00 CET | Pressemelding
Så langt er 99 mennesker drept i trafikken i Norge. Ni av dem døde i oktober. Det er 21 flere omkomne i år enn på samme tid i fjor. Dette viser Statens vegvesens foreløpige ulykkestall.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
