SamferdselsdepartementetSamferdselsdepartementet

Tenestetilbodet til trafikantane held fram i Larvik, Kragerø og Mandal

Del

– For regjeringa er det avgjerande å sikre gode tenester for trafikantar i heile landet. Særleg for dei tenesta som framleis krev oppmøte må det vere eit tilgjengeleg tilbod rundt i heile landet. Vi har no nøye vurdert forslaga frå Statens vegvesen, men også lytta til innspel og forslag frå lokale aktørar. Mellom anna betyr det at det tenestetilbodet som var foreslått nedlagt i Larvik, Kragerø og Mandal likevel held fram, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

I november i fjor leverte Statens vegvesen sitt endelege forslag til ny tenestemodell og -struktur for tenesta på trafikant- og køyretøyområdet. Bakgrunnen er dei store endringane Statens vegvesen går gjennom, både som ein følgje av overføring av fylkesvegoppgåver til fylka og omstilling av etaten. No har regjeringa vurdert forslaga, og har konkludert med framtidig tenestestruktur.

Larvik, Kragerø og Mandal var tre av stadene kor tenestetilbodet var foreslått lagt ned, men som no likevel held fram med dagens tilbod. Særleg har omsyn til ungdom og lokalt næringsliv vært avgjerande i konklusjonen om at tilbodet her held fram.

- Førarkort og køyretøyteneste er viktige for svært mange, både privatpersonar, næringsverksemd og lokalsamfunn, rundt om i heile landet. Det er viktig for ungdom som skal ta førarkort at dette kan skje utan for lang reiseveg og for mye fråvær frå skule, og det er viktig for næringsaktørar innanfor bilbransjen at dei ikkje må frakte køyretøya unødig langt for å få gjennomført de tenesta dei skal, seier samferdselsministeren.

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Avtaler signert: Nye Veier AS overtar Ringeriksbanen og ny E161.7.2021 15:05:00 CEST | Pressemelding

– Ringeriksbanen og ny E16 vil realisere en helt ny reisehverdag for folk og næringsliv i regionen. Raskere reiser, mindre kø, bedre togtilbud og økt transportsikkerhet vil utvide bo- og arbeidsmarkedene og styrke næringslivet. Nye Veier har de siste årene vist at det går an å bygge veier både raskere og rimeligere enn før. Når selskapet i dag har signert avtaler om å overta ansvaret for fellesprosjektet Ringeriksbanen og E16, er det god grunn til å tro at selskapet også kan oppnå slike positive effekter innen jernbanebygging, sier statsminister Erna Solberg.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom