Svekt lønsemd for avisene i 2019
7.7.2020 07:00:00 CEST | Medietilsynet | Pressemelding

Dei samla driftsinntektene til avisene gjekk ned med 73 millionar kroner, eller 0,6 prosent, i 2019. Kombinert med ein svak auke i driftskostnadene, førte det til at driftsresultatet blei knappe 22 prosent lågare enn i 2018. Samla driftsresultat for avisene var på 644 millionar kroner i 2019. Alle tal omtalt i denne meldinga er utan statleg mediestøtte.
Dei siste fem åra har avisene mista 1,3 milliardar kroner i driftsinntekter, det svarer til eit inntektsfall på ti prosent. I same perioden reduserte avisene kostnadene med 1,2 milliardar kroner, eller ti prosent, viser den siste rapporten frå Medietilsynet om den økonomiske utviklinga i avisbransjen.
Digitale inntekter kompenserer ikkje for papirfall
Annonseinntektene til avisene fall med 238 millionar kroner, eller 5,4 prosent, til 4,1 milliardar kroner i 2019. Samtidig auka brukarinntektene med 170 millionar kroner, eller 2,5 prosent, til 6,9 milliardar kroner.
Trass i at dei digitale inntektene til avisene auka med 273 millionar kroner, eller 9 prosent i 2019, blei ikkje inntektsfallet knytt til papirutgåvene kompensert fullt ut. Papirinntektene gjekk ned med 346 millionar kroner, eller 4,1 prosent.
– Her ser vi eit tilbakefall frå 2018, da dei digitale inntektene til avisene auka meir enn inntektsfallet på papir, seier Velsand.
71 prosent av inntektene til avisene kom i 2019 framleis frå papirrelaterte produkt, som komplettabonnement eller reine papirabonnement.
– Tala viser at mange aviser framleis er avhengige av inntekter frå papirprodukta, seier Velsand.
Medietilsynet ventar framleis inntektsfall i 2020
Korona-situasjonen har ført til at annonseinntektene har falle betydeleg for heile mediebransjen, og Medietilsynet ventar dermed at inntektsfallet til avisene kjem til å blir forsterka det året vi er inne i.
– Mange aviser rapporterer om ytterlegare inntektsbortfall på grunn av korona-situasjonen, men det er for tidleg å slå fast kor store tapa blir i 2020, seier Velsand.
Regjeringa la nyleg fram ei midlertidig kompensasjonsordning for redaktørstyrte medium som taper inntekter på grunn av korona-krisa. Ordninga har ei ramme på 300 millionar kroner.
– ESA skal no godkjenne kompensasjonsordninga, og Medietilsynet opnar for søknader frå 4. august. Vi legg opp til ei rask behandling og har som mål å betale ut kompensasjonen innan utgangen av august, seier Velsand.
Aviser med stort opplag og høge inntekter er komne lengst med digitaliseringa
I økonomirapporten i år har Medietilsynet utvikla ein ny digitaliseringsindeks, som viser kva typar aviser som er komne lengst med å digitalisere abonnementsmassen.
– Rapporten viser at aviser med stort opplag og høge inntekter har komme lengst med digitaliseringa. Aviser som får produksjonstilskott er i mindre grad digitaliserte. Dette er i hovudsak små aviser med begrensa ressursar, noko som kan vere ei av forklaringane på at dei ligg bak i utviklinga, seier Velsand.
Medietilsynet meiner at desse avisene no må ta grep.
– Alle aviser som vil nå lesarar framover, må sørge for å ha eit godt digitalt tilbod, seier Velsand.
Økonomien i norske aviser i 2019
- Samla driftsresultat var på omkring 644 millionar kroner, ein nedgang på 178 millionar kroner, eller 21,7 prosent, frå 2018.
- Gjennomsnittleg driftsmargin var 5,6 prosent, ned frå 7,1 prosent i 2018.
- Avisene hadde samla 11 479 millionar kroner i driftsinntekter, ein nedgang på 73 millionar kroner, eller 0,6 prosent, frå 2018.
- Inntektsfallet frå papirutgåvene var større enn auken i inntekter frå dei digitale utgåvene.
- Brukarinntektene heldt fram med å auke, og utgjorde 6,9 milliardar kroner i 2019 etter ein auke på 170 millionar kroner. Heile veksten på 2,5 prosent kom frå nettavisene. Brukarinntektene auka for alle typar aviser, unntatt for laussalsavisene og dei nasjonale vekemedia.
- Annonseinntektene blei reduserte med 238 millionar kroner, ein nedgang på 5,4 prosent frå 2018. Fallet var på papir, mens annonseinntektene frå dei digitale utgåvene auka med 36 millionar kroner eller 2,2 prosent. Avisene har mista meir enn 30 prosent av annonseinntektene dei siste fem åra.
- Avisene hadde samla 10 835 millionar kroner i driftskostnader, ein auke på 105 millionar kroner eller éin prosent frå 2018. Dei siste fem åra har avisene redusert driftskostnadene med 1,2 milliardar kroner, tilsvarande 10,3 prosent.
- Alle tal er utan statleg mediestøtte.
Nøkkelord
Kontakter
Nina BjerkeRådgiver, avdeling for kommunikasjon, rådgivning og analyse
Tel:41934154nina.bjerke@medietilsynet.noBilder

Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Gutter og jenter møter ulike verdener i sosiale medier12.8.2026 08:45:00 CEST | Pressemelding
Jenter er mer eksponert for innhold om livsstil, mote, skjønnhet og mental helse, mens gutter i større grad ser innhold om gaming, idrett og nyheter. Det viser en analyse fra Medietilsynet av ungdommers feeder på TikTok og YouTube.
Over halvparten tar nyhetspauser11.8.2026 10:45:00 CEST | Pressemelding
55 prosent av de mellom 25 og 67 år tar bevisste pauser fra nyhetene, viser en ny undersøkelse fra Medietilsynet. For noen dreier det seg om kortere pauser, mens 12 prosent kobler seg av mer varig.
Barn og medier 2026: Tydelige kjønnsforskjeller i tenåringenes mediebruk10.8.2026 14:58:00 CEST | Pressemelding
Fra barna blir tenåringer, er deres digitale hverdag preget av betydelige kjønnsforskjeller, viser Medietilsynets undersøkelse Barn og medier 2026. Dette gjelder både bruk av teknologi, type digitale aktiviteter og hva slags innhold ungdommene ser og følger.
Medietilsynet deler ny innsikt i Arendal7.8.2026 10:09:00 CEST | Pressemelding
Resultater fra Medietilsynets undersøkelse Barn og medier 2026 blir lagt fram under Arendalsuka. Ny innsikt om unges bruk av sosiale medier og nordmenns nyhetsvaner blir også presentert i Arendal.
Lokal-tv-kanal ilegges gebyr av Medietilsynet3.7.2026 07:50:00 CEST | Pressemelding
TVH AS er ilagt sanksjon i form av gebyr av Medietilsynet for brudd på reglene om sponsoridentifikasjon. Aktøren må betale 20 000 kroner etter regelbruddene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
