Universitetet i Bergen (UiB)

Svakare atlantisk Niño under global oppvarming

Del

Stillehavets El Niño-prosessar har ein veslebror i det tropiske Atlanterhavet. Denne endrar nedbør og fiskeri langs Afrikas vestkyst, og blir sterkt påvirka av global oppvarming.

Fiske er gir levebrød til store delar av folk langs kysten av vest-Afrika. Her frå Elmina i Ghana. Foto: Seyiram Kweku by Unsplash, 2020
Fiske er gir levebrød til store delar av folk langs kysten av vest-Afrika. Her frå Elmina i Ghana. Foto: Seyiram Kweku by Unsplash, 2020

Det tropiske Atlanterhavet er avgrensa av den brasilianske kystlina i vest og i aust av den afrikanske kystlina. Ettersom havet speler ei stor rolle i klimasystemet og lokale vêrsystem, vil endringar i havet ofte påverke været lokalt – i tillegg til å påverke økosystem og dermed også folk som lever av fiskeriressursane.

El Niño og La Niña-episoder er slike hendingar som både påverker vêr og fiskeri. Sjølve namnet El Niño og La Niña er det óg fiskarar som står bak. Forskarar nyttar mest namnet ENSO (El Niño-Southern Oscillation).

Den atlantiske Nino er mindre kjent enn storebroren i Stillehavet. Den er óg mindre forska på, og no har forskarar for første gong undersøkt korleis den atlantiske Ninoen blir påverka av global oppvarming. Resultatet publisert i Nature Climate Change, viser ei tydeleg nedgong i variasjonar i overflatetemperaturar.

Lokale effektar av atlantisk Niño

Gunieabukta: Uvanleg varme overflatetemperaturar i havet gir meir regn i landa langs Guineabukta og mindre regn over Sahel-regionen. Under La Niña- hendingar er effekten motsett, kaldare overflatetemperatur gir mindre regn i Guineabukta og meir regn i Sahel.

Fiskeri – særleg for den vest-afrikanske kystlina: Ein atlantisk Nino gir mindre kontakt mellom overflatelaet og dei djupare laga i havet. Derfor vil oppvelling av kaldare og meir næringsrikt vatn frå djupet og opp i overflata ha mindre effekt. Mindre næring til de ivre laga, gir mindre produksjon i det marine økosystemet.

Langs den brasilianske kysten på den andre sida av det sørlege Atlanterhavet, blir ikkje lokalt vêr, nedbør og fiskeri i like stor grad påverka av Niño-hendingar.

Redusert variasjon i havets overflatetemperatur

I den nye studien har forskarane undersøkt eit stort ensemble av klimamodellar. Resultatet viser ein nedgang på så mykje som 24-48% i variasjonen av overflatetemperatur. Dette er ved slutten av århundret, rekna i det høgaste utsleppsscenariet.

I følge førsteforfattar Lander Crespo gir studien gode indikasjonar på venta endringar i den atlantiske Niño.

– Vi vart overraska over å finne såpass robuste endringar i variasjonar i det tropiske atlanterhav. Den framtidige svekkinga av atlantisk niño er stor nok til at me kan vente endringar i havsirkulasjon og atmosfæresirkulasjon, med konsekvensar for lokalt fiskeri, så vel som endringar i tørke og nedbørsmønster, seier Lander Crespo, forskar ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret for klimaforskning.

Crespo peiker på at ein no må undersøke kva desse endringane vil bety for klimasystemet og også for konsekvensar for samfunnet.

Svakare kopling mellom overflata og djupare lag i havet

I ei varmare framtid i vil overflatetemperaturane langs ekvator i det austlege Atlanterhavet, auke raskakre enn lengre nede i dei djupare vasslaga. Dette gjeld spesielt for Guineabukta, langs vestkysten av Afrika.

Nedover i vasslaga vil det ein kallar termoklinen bli djupare – dette er eit lag der temperaturen endrer seg raskt med djupet. I dette tilfellet markerer det skilnaden mellom temperatur over og under 20°- 23° C.

Med ein djupare termoklin, vert det større avstand mellom overflatelaget og dei djupare vasslaga. Overflatelaget blir dermed mindre sensitivt til endringar i dei djupare vasslaga, som som temperatur og oppvelling av næringsstoff. Når oppvelling av næringsstoff ikkje når opp i overflata, vil dette påverke produksjonen i det marine økosystemet, noko som for samfunnet kan vise seg att i dårlegare fiske.

Kontakter

Lander R. Crespo
Forsker, Bjerknessenteret for klimaforskning
Tlf: 403 03 750
E-post: lander.crespo@uib.no

Bilder

Fiske er gir levebrød til store delar av folk langs kysten av vest-Afrika. Her frå Elmina i Ghana. Foto: Seyiram Kweku by Unsplash, 2020
Fiske er gir levebrød til store delar av folk langs kysten av vest-Afrika. Her frå Elmina i Ghana. Foto: Seyiram Kweku by Unsplash, 2020
Last ned bilde
Illustrasjonen viser hvordan havtemperaturen drastisk går ned mellom 100-1000 meters dybde. Illustration by Preveenron via Wikipedia
Illustrasjonen viser hvordan havtemperaturen drastisk går ned mellom 100-1000 meters dybde. Illustration by Preveenron via Wikipedia
Last ned bilde

Om Universitetet i Bergen (UiB)

Universitetet i Bergen (UiB)
Universitetet i Bergen (UiB)
Postboks 7800
5020 Bergen

+47 55 58 00 00http://www.uib.no

Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom