Sunnfjord Utvikling

Sunnfjord får sin eigen karrierefestival

Del

Det finst mange festivalar rundt om i Norge, men ingen som kombinerer fest og karriere. Før no! I juni blir det karrierefestival i Førde i fire dagar til ende frå 6. til 9. juni.

Glad arbeidsgruppe: Frå venstre: Kristine Slettehaug frå Framtidsfylket, Sigrid Eikeland frå Sunnfjord Utvikling og U40, Kathe Arnesen frå Rekrutteringsforum Sunnfjord og Linda Hovland frå Framtidsfylket.
Glad arbeidsgruppe: Frå venstre: Kristine Slettehaug frå Framtidsfylket, Sigrid Eikeland frå Sunnfjord Utvikling og U40, Kathe Arnesen frå Rekrutteringsforum Sunnfjord og Linda Hovland frå Framtidsfylket. Foto: Thor-Aage Lillestøl/Photoevent

Initiativtakarane til festivalen er Rekrutteringsforum Sunnfjord og Framtidsfylket, i samarbeid med Sunnfjord U40.

- Det skjer så mykje spennande i næringslivet her at det var på tide at arbeidslivet i Sunnfjord fekk sin eigen festival, seier arbeidsgruppa for karrierefestivalen, som har fått namnet Elevate 2023. Elevate tyder å heve eller løfte opp, og det er nett det dette handlar om.

– Alle eventa i løpet av festivalen skal gje eit løft. Ein får heva kompetanse gjennom kurs og føredrag, ein får kunnskap om Sunnfjord og alle karrieremoglegheitene her gjennom arrangementa - og ikkje minst hevar vi gøy-faktoren med alt det sosiale, seier Kathe Arnesen, prosjektleiar i Rekrutteringsforum Sunnfjord.

Noko for alle
- Festivalen er for alle. Den er for dei som ynskjer litt fagleg påfyll og kompetanseheving, for dei som vil bli betre kjent med næringslivet i regionen, og for dei som søker jobb eller vurderer å byte jobb. Og sjølvsagt for alle som berre vil finne på noko gøy den veka, seier Arnesen. Og dei fleste arrangementa er gratis.

Presentasjonsteknikk, kunstig intelligens og gatefest
Og på festivalprogrammet står jammen litt for ein kvar smak. Kva med Kaffi & Karriereprat, presentasjonsteknikk med Siri Lill Mannes, matreddar-lunsj, bedriftspitchekveld & tombola med Dangfart, TechPub der du kan høyre om AI eller få styre ein robot – eller kanskje du heller vil vere med på Maol & Sup med Huldri, eller på gatefest i Smauet?

Heile programmet for karrierefestivalen kan du sjå her.

Legg til rette for «workation» i Førde
- Har du familie eller vener i Førde er dette veka å invitere seg sjølv på besøk, oppfordrar Arnesen.

Workation er eit ord sett saman av dei engelske orda «work» og «vacation», og tyder å ta med seg jobben og fjernjobbe frå ein anna plass enn ein bur på dagtid, og så har ein ferie når ein er ferdig på jobb.

- PEAK Sunnfjord sponsar remote-arbeidsplassar for dei som ikkje bur her. Slik kan ein teste korleis det er å bu og jobbe ei veke i Sunnfjord, samtidig som ein får innsyn i arbeidslivet og kan delta på karriererelaterte aktivitetar, seier Kristine Slettehaug, kommunikasjonsrådgivar i Framtidsfylket Vestland.

Samarbeid på tvers
- Karrierefestival er eit nytt konsept, og vi er glade for at så mange ulike aktørar samarbeider for å få det til, seier Kathe Arnesen i Rekrutteringsforum Sunnfjord.

- Her ser ein kva ein kan få til når fleire aktørar går saman om større satsingar, seier Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Hovudsponsor er Sparebanken Sogn og Fjordane, PEAK Sunnfjord sponsar kontorplassar og lokale til mange av arrangementa, og Rekrutteringsforum Sunnfjord/Sunnfjord Utvikling, Framtidsfylket og U40 går inn med solide bidrag. I tillegg bidreg næringslivet gjennom eigne arrangement i samanheng med festivalen.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Gjengen bak festivalen: Frå venstre: Kristine Slettehaug frå Framtidsfylket, Sigrid Eikeland frå Sunnfjord Utvikling og U40, Kathe Arnesen frå Rekrutteringsforum Sunnfjord og Linda Hovland frå Framtidsfylket.
Gjengen bak festivalen: Frå venstre: Kristine Slettehaug frå Framtidsfylket, Sigrid Eikeland frå Sunnfjord Utvikling og U40, Kathe Arnesen frå Rekrutteringsforum Sunnfjord og Linda Hovland frå Framtidsfylket.
Last ned bilde
Last ned bilde
Last ned bilde
Last ned bilde
Last ned bilde
Last ned bilde
Last ned bilde

Lenker

Sunnfjord Utvikling AS er nærings- og tiltaksapparatet til næringslivet og Sunnfjord kommune

Føremålet vårt er enkelt sagt å bidra til utvikling i Sunnfjord.

Vi skal hjelpe nye etablerarar, og vi skal leggje til rette for at eksisterande næringsliv kan utvikle seg vidare og eventuelt skape ny aktivitet.

Knoppskyting er viktig, særleg i distrikta, og det skjer som regel i etablerte og kreative næringsmiljø eller selskap.

Sunnfjord Utvikling har som mål å vere ein tilretteleggjar med god oversikt over kva som skjer i heile Sogn og Fjordane, på tvers av kommunegrensene. Vi har eit nettverk som næringslivet kan bruke i sitt utviklingsarbeid.

Selskapet er eigd av Sunnfjord kommune samt næringslivet i området. Styret er samansett av representantar frå kommunen, samt tre representantar frå næringslivet

Følg pressemeldinger fra Sunnfjord Utvikling

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sunnfjord Utvikling på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sunnfjord Utvikling

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye