Styrker satsinga på teknisk-industrielle institutt

– Målet er å styrke evna til langsiktig kunnskapsoppbygging på område av verdi for nyskaping og omstilling i næringslivet, seier næringsminister Iselin Nybø (V).
Regjeringa har auka grunnløyving til teknisk-industrielle institutt kvart år dei siste fire åra.
Auka til 486,6 millionar kroner i 2022 følgjer opp ambisjonane til regjeringa i Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning. I 2021 blei det gitt 457,4 millionar kroner i grunnløyving, som var 50 millionar kroner meir enn i 2020.
Auka på 29,2 millionar kroner i 2022 inkluderer opptaket av treforedlingsinstituttet RISE PFI i Trondheim, som får ei grunnløyving på 3,43 millionar kronar i opptaksåret 2022.
Viktig for forsking og innovasjon
Forskingsinstitutta er ein sentral del av det norske forskings- og innovasjonssystemet. Instituttsektoren er samarbeidspartner og leverandør av FOU-tenester for næringsliv og offentleg sektor, og hjelper til å overføre teknologi og kompetanse mellom aktørar.
– Dei teknisk-industrielle institutta dekker eit breitt fagområde innanfor naturvitskap og teknologi. Dei opererer ofte på internasjonalt nivå, og er ein viktig aktør for å hente heim ny kunnskap til norsk næringsliv. Eksempel på slike institutt er SINTEF, Norges Geotekniske Institutt, Institutt for Energiteknikk og Norce, seier næringsministeren.
Inntektene til dei teknisk-industrielle forskingsinstitutta kjem i stor grad frå oppdrag frå etablerte verksemder. Grunnløyvinga gjer det mogeleg for institutta å gjere langsiktige investeringar i kunnskap der det førebels er liten etterspurnad i marknaden.
Nærings- og fiskeridepartementet gir grunnløyvingar til forskingsinstitutt gjennom Noregs forskingsråd.
Teknisk-industrielle institutt som får grunnløyving er:
- Institutt for energiteknikk (IFE)
- Norce (den teknisk-industrielle arenaen)
- Norges Geotekniske Institutt (NGI)
- NORSAR
- Norsk Regnesentral (NR)
- RISE-PFI
- SINTEF
- SINTEF Energi
- SINTEF Manufacturing
- SINTEF Ocean (den teknisk-industrielle arenaen)
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt NFD
902 51 303 (ikkje SMS)
Bilder

Lenker
Om Nærings- og fiskeridepartementet

Kongens Gate 8
0032 Oslo
Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd
Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Presseinvitasjon: Fiskeri- og havministeren til Brasil14.10.2025 13:39:22 CEST | Pressemelding
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss besøkjer São Paulo og Rio de Janeiro i Brasil 20.–24. oktober.
Regjeringen satser på lukket oppdrett10.10.2025 08:38:31 CEST | Pressemelding
Regjeringen har vedtatt en ny ordning som skal gi insentiver til at oppdrettere skal ta i bruk lukkede produksjonsenheter.
Stabil snøkrabbekvote i 202610.10.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nærings- og fiskeridepartementet har fastsatt totalkvoten for snøkrabbe i 2026 til 12 336 tonn. Det er i tråd med anbefalingen fra Havforskningsinstituttet, og er 389 tonn lavere enn i 2025.
Næringsministeren i Washington D.C. for tollsamtaler7.10.2025 13:00:03 CEST | Pressemelding
Næringsminister Cecilie Myrseth møtte Jamieson Greer, USAs handelsrepresentant, i Washington D.C.
Nye regler for torskeoppdrett: Krav om evaluering av kjønnsmodning og beredskapsplan mot gyting i merd2.10.2025 07:01:00 CEST | Pressemelding
Nærings- og fiskeridepartementet har fastsatt endringer i akvakulturdriftsforskriften for oppdrett av torsk.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom