Fiskebåt

Styrer unna viktige tobis-felt

Del
Dei utlyste områda for vindkraft, Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord, er nedjustert i forhold til tidlegare planar. Blant anna er dei viktige gyteområda for tobis i Sørlige Nordsjø II no utafor det aktuelle arealet for utbygging. Regjeringa har såleis kome Fiskebåt sine synspunkt i møte på dette området.
Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.
Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

- Høyringsbrevet som er sendt ut av Olje- og energidepartementet er difor eit steg nærare sameksistens mellom næringane i havet. Samtidig må vi igjen understreke at det må grundigare undersøkingar til for å avdekke eventuelle negative konsekvensar for fiskeria og bestandane før det er aktuelt å starte utbygging av store vindkraftanlegg, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt. 

I høyringsbrevet som no er sendt ut er det samla arealet mindre enn det som tidlegare har vore planlagt. Mellom anna er det tatt omsyn til dei viktige gyteområda for tobis. Tobis er rekna som ein nøkkelart for økosystema i Nordsjøen. Den gyter i sanden og lever heile livet i det same området. Gytefelta for tobis er difor viktige å ta vare på.

- Det er bra at regjeringa har valt å nedjustere områda i Sørlege Nordsjø II, slik at utbygginga ikkje rammar viktige fiskefelt og gyteområde for tobis. For oss er det avgjerande at sentrale gyte- og oppvekstområde og viktige fiskefelt blir halde utafor, seier Maråk.

 Han viser til at det særleg er tre forhold som er viktige for fiskerinæringa;

  • Vindkraftverka må ikkje etablerast i gyteområde og fiskefelt.
  • Det må raskt settast av pengar til å gjennomføre relevant forsking på kva konsekvensar vindkraftutbyggingar har på bestandane sine vandringsmønster, gyteåtferd, reproduksjonsevne, og miljøet elles.
  • Det må prioriterast å få utarbeida ein samla areal-/næringsplan for norske havområde for å sikre ein god sameksistens mellom etablerte og nye haværingar.

- Vi meiner det er heilt avgjerande at regjeringa viser at dei tar fiskerinæringa og miljøet på alvor, og at dei parallelt med storsatsinga på havvind også prioriterer det som skal til for å sikre god og reell sameksistens mellom næringane, seier Maråk.

Her kan du lese høyringsnotatet frå Olje- og energidepartementet.

Her kan du lese Fiskebåt sitt brev til regjeringa om saka.

Les også;

Klar for å starte bygginga av Nordsjø II

Kontakter

Bilder

Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.
Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.
Last ned bilde

Om Fiskebåt

Fiskebåt
Fiskebåt
Røysegata 15
6003 Ålesund

70 10 14 60http://www.fiskebat.no

Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon, jobber for en miljøvennlig og lønnsom fiskeflåte, som leverer sunn mat fra bærekraftige bestander i verdens reneste havområder. 

Følg pressemeldinger fra Fiskebåt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fiskebåt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye