Sparebanken Vest

Studentane i Bergen får korona-stønad frå Sparebanken Vest

Del
UKEN på NHH måtte avlyse, studentkor har mista oppdrag og inga lyd frå Hulen på Nygårdshøgda på mange månader. No får ti ulike studentorganisasjonar i Bergen til saman 430 000 kroner i krisestøtte frå Sparebankstiftelsens Korona-fond.
Jan-Tore Smith, banksjef ved Bergenskontoret til Sparebanken Vest, mimrar tilbake til tida som Hulen-gjengar og -styremedlem saman med Hulen-leiar Christian Midthun. Foto: Marthe Berg-Olsen
Jan-Tore Smith, banksjef ved Bergenskontoret til Sparebanken Vest, mimrar tilbake til tida som Hulen-gjengar og -styremedlem saman med Hulen-leiar Christian Midthun. Foto: Marthe Berg-Olsen

– Dette er jo fantastisk! Det vil bidra til å sikre drifta av Hulen – ein 51 år gamal kulturinstitusjon i Bergen – gjennom ei vanskeleg tid, seier Christian Midthun, leiar for Hulen.

Reduserer innteninga med 75 prosent

Han står midt i planlegging av første arrangement på Hulen på meir enn fem månader. Det er mykje som skal på plass og inntektene blir kraftig redusert når ein berre kan selje 50 billettar per konsert.

Innteninga på konsertkveldar blir redusert med 75 prosent, fortel Midthun.

– Vi kan ikkje slippe inn fleire folk enn at vi både kan følge smittevernsreglane og samstundes sikre at alle kan sjå scena. Det ville vere å lure folk. Men så lenge vi får lov til å halde opent, så blir det konsertar og andre arrangement på Hulen, seier han.

– Viktig at fritidstilbodet til studentane består

Med 90 000 kroner frå Sparebankstiftelsens Korona-fond kan dei oppretthalde tilbodet utover hausten, sjølv om det er vanskeleg å planlegge. Planen er å ha ein konsert i veka.

Nettopp dette er utruleg viktig, bemerkar Jan-Tore Smith, banksjef for Bergenskontoret til Sparebanken Vest. Både for studentane og artistane.

– Det er annleis og meir krevjande å vere student under ein pandemi – både økonomisk og sosialt. Derfor er det viktig at fritidstilbodet til studentane består. Samtidig er det viktig for artistar å ha ei scene der dei får vise seg fram. Det er ei viktig del av drivkrafta, seier Smith.

Eks-rockaren har tilbragt utallige timar på Hulen

Han veit kva han snakkar om – som mangeårig Hulen-gjengar, medlem av Hulen-styret og eks-rockar.

– Eg tilbragte utallige timar her på Hulen for 20 år sidan. Derfor er dette ein av dei gøyaste dagane på jobb på lenge – eg får lov til å dele ut korona-midlar til Bergensstudentane som elskar å gå på Hulen.

100 millionar til lag og organisasjonar

Sparebankstiftelsens Korona-fond blei oppretta i mars i år som eit ekstraordinært tiltak. Formålet med fondet er å støtte lag og foreiningar på Vestlandet som slit økonomisk som følge av korona-epidemien.

– Dette viser styrken i sparebankmodellen. Vi skal være leiande på bankdrift, men vi skal også ta samfunnsansvar. Korona-fondet gir oss endå større rom for å støtte opp om lokalmiljøet og organisasjonane som bidreg til gode, inkluderande lokalmiljø, seier Smith.

Framleis mogeleg å søke om midlar

Totalt har fondet satt av 100 millionar kroner og nærare halvparten er no delt ut til idrettslag, festivalar, korps og andre frivillige organisasjonar over heile Vestlandet. Det vil kome fleire tildelingar utover hausten.

– Vi ønsker fleire søknadar og oppfordrar fleire til å søke. Korona-fondet kan ikkje dekke alt, men likevel vere ein viktig bidragsytar, seier banksjefen.

Søk om midlar frå Korona-fondet her

Desse organisasjonane får støtte:

  • Stiftelsen Hulen: 90 000 kroner
  • Pikekoret Sangria: 15 000 kroner
  • Direksjonsmusikken: 50 000 kroner
  • Svæveru’: 50 000 kroner
  • Studentlekene Bergen Challenge: 50 000 kroner
  • Studinekoret Kalliope: 15 000 kroner
  • Dragefjellets Musikkorps: 18 750 kroner
  • NHH Studentforening Kulturfestivalen Uken: 120 000 kroner
  • Studentersamfunnet – studentfestival: 20 000 kroner

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Jan-Tore Smith, banksjef ved Bergenskontoret til Sparebanken Vest, mimrar tilbake til tida som Hulen-gjengar og -styremedlem saman med Hulen-leiar Christian Midthun. Foto: Marthe Berg-Olsen
Jan-Tore Smith, banksjef ved Bergenskontoret til Sparebanken Vest, mimrar tilbake til tida som Hulen-gjengar og -styremedlem saman med Hulen-leiar Christian Midthun. Foto: Marthe Berg-Olsen
Last ned bilde

Om Sparebanken Vest

Sparebanken Vest
Jonsvollgaten 2
5011 Bergen

915 05 555https://www.spv.no

Sparebanken Vest er landets tredje største sparebank. Vi er et komplett finanshus for mer enn 290.000 person- og bedriftskunder. Vi er stolt over å være et selvstendig finanskonsern med hovedkontor i Bergen med en sentral rolle i mye av den verdiskapningen som skjer på Vestlandet.

Følg pressemeldinger fra Sparebanken Vest

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sparebanken Vest

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye