Helse Vest RHF

Store variasjonar i rusomsorg og psykisk helsevern

Del
Kvar du bur i landet avgjer kva helsehjelp du får mot rusmisbruk og psykiske plager. Helse Førde lanserte i dag eit helseatlas som viser store variasjonar i behandlinga folk i Norge får mot desse lidingane.
Marte Bale har leia arbeidet med helseatlaset som blei lansert 10. juni. Foto: Helse Førde
Marte Bale har leia arbeidet med helseatlaset som blei lansert 10. juni. Foto: Helse Førde

Helseatlas psykisk helsevern og rusbehandling inneheld mykje informasjon om innbyggarane sin bruk, og variasjon i bruk, av psykisk helsevern, avtalespesialistar i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar. Det nye helseatlaset er nummer ni i rekka, og er det første som omhandlar lidingar som ikkje er somatiske (kroppslege).

Mest bruk i aust

Helseatlas for psykisk helsevern og rusbehandling er laga av Helse Førde på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, og blei lansert av statsråd Bent Høie onsdag 10. juni. Atlaset er i stor grad basert på data frå Norsk pasientregister (NPR) i perioden 2014 – 2018.

Blant funna i det nye helseatlaset er at kva behandling pasientane innan dette feltet får, varierer alt etter kor i landet dei bur. Denne variasjonen er særleg stor for vaksne ruspasientar. Ved rusliding og alvorleg psykisk liding hos vaksne (18-65 år) var variasjonane i bruk av poliklinikk og døgnopphald store og uønska: Det sentrale austlandsområdet har mest bruk medan Nord-Norge og deler av Vestlandet har minst bruk.

Vi fann buområde med utstrekt bruk av poliklinikk for pasientgruppene. Vaksne og eldre i Oslo brukar med klar margin mest poliklinikk. Det ser ikkje ut til at mindre bruk av poliklinikk i andre deler av landet blir kompensert for gjennom døgnbehandling i institusjon. Vi kan såleis ikkje seie at tenestene er likeverdig fordelt. Variasjonen i bruk av tenestene er store og uønska, både når vi ser på eldre samla eller ser på eldre med rusliding og eldre med alvorleg psykisk liding kvar for seg.

Nyttig verktøy

Det nye helseatlaset gjev altså eit unikt oversyn over innbyggarane sin bruk av helsetenester innan psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling, og kan vere eit nyttig verktøy og grunnlag for å avgjere retninga i framtidig helsefagleg utvikling og helsepolitikk. Atlaset er eit utgangspunkt for å forstå variasjonane i helsehjelp og konsekvensane av desse, og gjev eit bilde på kor vi står i arbeidet mot målet om likeverdige helsetenester – uansett alder, kjønn og adresse.

- Vi er glade for å endeleg kunne lansere eit helseatlas med psykiatri og rusbehandling som tema. Vårt håp er at dette blir ein nyttig kunnskapsbase for alle som arbeider inn mot desse helsefaglege områda, og også for beslutningstakarar og politiske aktørar i norsk helsevesen, seier Marte Bale, leiar for gruppa i Helse Førde som har utarbeidd det nye helseatlaset.

Nøkkelord

Kontakter

Marte Bale
Leiar helseatlas i Helse Førde


971 25 969


marte.bale@helse-forde.no

Bilder

Marte Bale har leia arbeidet med helseatlaset som blei lansert 10. juni. Foto: Helse Førde
Marte Bale har leia arbeidet med helseatlaset som blei lansert 10. juni. Foto: Helse Førde
Last ned bilde

Om Helse Vest RHF

Helse Vest RHF
Helse Vest RHF
Postboks 303 Forus
4066 Stavanger

+47 51 96 38 00https://helse-vest.no/

Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.

Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye