Statens vegvesen

Stengjer vestre seglingsløp under Måløybrua ut året

Del

Statens vegvesen skal ved midtre pilar på Måløybrua bygga ein barriere mot skipspåkøyrsel. Vestre seglingsløp blir difor mellombels stengt for all sjøtrafikk frå 14/9 klokka 20.00 til 31/12 klokka 23.59.

Riksveg 15 Måløybrua. Foto: Harald Berstad, Statens vegvesen
Riksveg 15 Måløybrua. Foto: Harald Berstad, Statens vegvesen

Vi skal no utdjupa farleia, noko som inneber at vi må grava, sprenga og støypa fundament.

– Det skal vera trygt for alle, både i dag og i framtida

– Det er tryggleiksomsyn som gjer at vestre seglingsløp må stengjast for dykkarar og all sjøtrafikk i anleggsperioden, seier byggeleiar Pål-Anders Rindal i Statens vegvesen.

Vedlikehald av våre bruer handlar om å ta vare på det vi har, til beste for både trafikantane og miljøet. Vedlikehald kostar maksimalt ti prosent av prisen for å bygga nytt, og gir i tillegg langt lågare utslepp av klimagassar. 

Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å syta for at vi klarer det i morgon, slik at vi kan utføra vårt samfunnsoppdrag som er å gje trafikantane eit trygt og føreseieleg framkomeleg transportsystem også i framtida

– Trygt skal det også vera for alle medan vi jobbar, og då er slike mellombelse endringar som dette naudsynte, legg Rindal til.

Vi har forståing for at anleggsarbeid kan vera krevjande for dei som vert råka, men då er det viktig å minna om at vi gjer det nettopp for dei, avsluttar han.

– Alle sjøfarande må ta omsyn

Farleia vil verta stengd med bruk av bøyer plassert nord og sør for vestre seglingsløp. Merkinga av begge seglingsløp blir endra.

‒ For å unngå ulukker og farlege situasjonar for sjøtrafikken, er det viktig at alle sjøfarande, både store og små, tar omsyn til gjeldande seglingsmønster i perioden når vestre seglingsløp er stengt, seier seniorrådgjevar Per Magne Rovde i Kystverket.

I stengeperioden blir det vakthold døgnet rundt ved anleggsområdet.

Det er planlagt ein ny stengeperiode våren 2023.

Kontaktinfo

Biltrafikken på brua vil i denne fasen ikkje bli påverka av arbeidet. Oppdateringar om prosjektet får du her

Døgnkontinuerleg vakt (brovakt Måløy) på telefon +47 919 08 552 og VHF kanal 16

Kinn VTS har lyttevakt på VHF kanal 18.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Riksveg 15 Måløybrua. Foto: Harald Berstad, Statens vegvesen
Riksveg 15 Måløybrua. Foto: Harald Berstad, Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom