Statens vegvesen

Stengjer E134 Håradalen i samband med bilberging

Del
Statens vegvesen må stengja E134 Håradalen i samband med bilberging etter utforkøyringa måndag.
E134 Håradalen vert stengd natt til i morgon og torsdag i samband med bilberging etter denne utforkøyringa. Foto: Thord Paulsen AS
E134 Håradalen vert stengd natt til i morgon og torsdag i samband med bilberging etter denne utforkøyringa. Foto: Thord Paulsen AS

Det var måndag kveld at ein semitrailer køyrde av vegen i ein av svingane i Håradalen sør for Røldalstunnelen, og vart liggjande 15 meter nedfor vegbanen.

Bilberginga startar i kveld, tysdag, klokka 22.00. 

– Det er ein stor jobb å få bilen opp på vegen att. Det krevst stor oppstillingsplass til bergingsbil, og for å få gjort bilberginga på ein forsvarleg måte må E134 Håradalen difor stengjast heilt natt til både onsdag og torsdag. Vi vel å stengja vegen på den tida av døgnet det er minst trafikk, seier byggjeleiar Gaute Sekse i Statens vegvesen.

VTS Vest (Vegtrafikksentralen) opplyser at omkøyring austfrå blir via riksveg 13, mens vestfrå må du fylgja E134 mot Ølen.

Noko opning blir det likevel gjennom Håradalen dei to nettene bilberginga pågår: 

Klokka 23.00 - 23.30, 01.00 - 01.30, 03.00 - 03.30 før det vert jobba uavbrote frå 03:30 - 06:00 då det er minimalt med trafikk på strekninga som gjennomsnittleg vert trafikkert av 2200 køyretøy. 15 prosent, eller 330 av desse, er lange køyretøy.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

E134 Håradalen vert stengd natt til i morgon og torsdag i samband med bilberging etter denne utforkøyringa. Foto: Thord Paulsen AS
E134 Håradalen vert stengd natt til i morgon og torsdag i samband med bilberging etter denne utforkøyringa. Foto: Thord Paulsen AS
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye