Statsministeren opna kraftverk i Jølster
Kraftverket er eigd av SFE og Eviny med 50 prosent kvar, og forsyner nær 13 000 husstandar med straum. Med sine 252 GWh er Jølstra Kraftverk eit av dei største kraftverka som er bygd i Noreg dei seinaste åra. I juni stod SFE og Eviny for opninga av eit anna stort kraftverk i regionen, Østerbø kraftverk, på sørsida av Sognefjorden.
– Vi er stolte på vegne av SFE og Eviny. Fordi vi får til dette i lag. Og er det noko vi verkeleg treng i møte med klimautfordringane vi står overfor, så er det samarbeid. Vi må løfte i flokk, og vi treng alle gode krefter med på laget, seier Kristin Aadland, konstituert konsernsjef i Eviny.
Jølstra Kraftverk fekk konsesjon i 2018, og etter ein byggeperiode på i underkant av to år kom kraftverket i prøvedrift allereie hausten 2021.
Skånsam utbygging
Jølstra er ei populær fiskeelv, og fleire peika under opninga på den skånsame måten kraftverket er bygd på. Kraftverket nyttar eit fall på 131 meter, der vatnet blir ført gjennom totalt sju kilometer med tunnellar i fjellet. Her er det gjort store tiltak mellom anna med ein avansert «buypass-installasjon», som gjer at påvirkninga på vasstanden i elva er minimal, sjølv om ein skulle få ein brå stopp i produksjonsanlegget.
– Vi er stolte over våre dyktige organisasjonar som har klart å utvikle eit såpass stort kraftverk på ein skånsam måte. Verda treng meir fornybar energi, og når vi nyttar naturen til kraftproduksjon er vi opptekne av å gjere det på ein berekraftig måte, seier Johannes Rauboti, konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi.
Også Jonas Gahr Støre lot seg imponere over utbygginga. – Eg vil hylle det de gjer for å ivareta naturen med dette anlegget, uttalte statsministeren i si tale på opninga. – Dersom ikkje Vestlandet lukkast, så lukkast ikkje Noreg. Og mykje av dette handlar om fornybar energi, heldt han fram.
Nøkkelord
Kontakter
Jannicke Lindvik,
Konserndirektør kommunikasjon
jannicke.lindvik@sfe.no
Rolf Sanne-GundersenSeniorrådgiverEviny
Tel:97055208Rolf.sanne-gundersen@eviny.noJannicke LindvikKonserndirektør kommunikasjonSogn og Fjordane Energi (SFE)
Tel:90573077jannicke.lindvik@sfe.nohttps://www.sfe.no/konsern/om-oss/konsernleiing/jannicke-lindvik/Bilder
Om Eviny
SFE byggjer på ei 100 år lang historie som vasskraftprodusent, og har bygd seg opp som ein av dei største produsentane av fornybar energi på Vestlandet. Selskapet har ein gjennomsnittleg, årleg kraftproduksjon på 2,4 TWh, som tilsvarar forbruket i rundt 130 000 heimar. SFE-konsernet består av det heileigde dotterselskapet Linja som byggjer, driftar og vedlikeheld straumnett, straumsalsselskapet Wattn og breibandleverandøren Enivest. SFE-konsernet har 250 tilsette over store delar av Sogn og Fjordane. Selskapet har hovudkontor på Sandane.
Eviny er et av Norges største energi- og teknologikonsern. Eviny kombinerer klimaansvar med lønnsom forretning. I over 100 år har selskapet produsert ren fornybar energi av vestlandsregnet. Selskapet eier 38 kraftverk. Eviny har mål om bli størst på elektrifisering i Norge. Eviny bygger ladestasjoner med lynlading for elbiler og tungtransport, landstrøm til skip, elektrifiserer havbruk og transportnæringen, samt jobber for utslippsfrie byggeplasser. Eviny bygger fibernett, fjernvarmenett og et av verdens første nettverk for hurtiglading av elbåter.
Følg pressemeldinger fra Eviny
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Eviny på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Eviny
1,3 milliardar kroner i utbytte frå Eviny24.4.2024 13:08:02 CEST | Pressemelding
Resultatet for Eviny i 2023 vart 3,8 milliardar kroner, som er 2,4 milliardar høgare enn i 2022. Styret i Eviny innstiller på 1,3 milliardar kroner i utbytte til eigarane: 17 kommunar på Vestlandet, Statkraft og to lokale kraftlag.
Nå kan fiskebåter hurtiglade i Lofoten11.4.2024 15:59:54 CEST | Pressemelding
Fredag 12. april åpner verdens første hurtigladeanlegg rettet mot fiskefartøy i Ramberg havn i Lofoten. Utslipp fra fiskefartøy har økt betraktelig siden 2014, og står for 2 % av Norges totale CO2 utslipp. Anlegget markerer en viktig milepæl for dekarboriseringen fra en av Norges fremste næringer, og er det første i et fremtidig ladenettverk.
Eviny skal investere tungt i fornybar energi og nett16.2.2024 15:40:55 CET | Pressemelding
Det underliggende resultatet for Eviny ble 745 millioner kroner i 4. kvartal 2023. Det er 519 millioner høyere enn 4. kvartal 2022. De neste ti årene skal Eviny-konsernet doble investeringene i strømnett og øke investeringene i ny fornybar energi.
Eviny kjøper vindparkene Guleslettene og Tellenes16.1.2024 12:46:59 CET | Pressemelding
Eviny har kjøpt vindkraftparkene på Guleslettene og Tellenes på vestkysten av Norge fra det globale investeringsselskapet BlackRock. Kjøpet øker Evinys langsiktige eierskap i fornybar energi med nærmere 20 prosent, fra 7,7 til 9 terrawatt-timer (TWh).
Eviny Elsikkerhet får nye eiere20.12.2023 14:03:37 CET | Pressemelding
To ansatte blir nye eiere av Eviny Elsikkerhet. Helge Marchmann Andersen og Rune Lid kjøper selskapet, som har 29 ansatte i Bergen, Førde og Florø.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom