Statsbudsjettet 2023: Ei ny tid for norsk romverksemd – regjeringa opprettar romtilsyn og satsar på satellittbasert havovervaking
6.10.2022 10:06:43 CEST | Nærings- og fiskeridepartementet | Pressemelding

– Vi går inn i eit tidsskilje for norsk romverksemd. Regjeringa ønsker å støtte opp om satellittoppskyting frå Andøya og sikre norsk eigenevne til satellittbasert havovervaking. Derfor opprettar vi eit nytt romtilsyn, vidarefører norsk deltaking i dei industriretta programma i den europeiske romorganisasjonen ESA og etablerer eit nasjonalt system for satelittbasert havovervaking, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
Nytt romtilsyn i Bodø
Det nye Romtilsynet skal leggast til Luftfartstilsynet i Bodø. Eit nasjonalt tilsyn med romaktiviteter er nødvendig for at oppskytingar frå Andøya blir gjennomført på ein trygg og forsvarleg måte. Det er òg ein føresetnad for å utnytte næringspotensialet i Andøya Spaceport.
– Etablering av ein nasjonal tilsynsmynde vil bidra til stabile rammevilkår for næringslivsaktørar frå Noreg og andre land som vil gjere oppskytingar til bane frå Andøya. Vi forventar at dette vil utløyse privat kapital og skape nye arbeidsplassar, seier Vestre.
Romtilsynet vil i perioden 2023-2025 få fagleg bistand frå Norsk romsenter. Etter 2025 vil Luftfartstilsynet operere som eit uavhengig romtilsyn. Første oppskyting frå Andøya Spaceport er planlagt til neste år.
Satelittbasert havovervaking
Satsinga på satellittbasert havovervaking vil gjere det mogleg å bygge opp nasjonal satellittkapasitet for betre situasjonsforståing i nordområda, til nytte for forsvar, kyst- og fiskeriforvalting.
– Samarbeid med ESA om utvikling av småsatellittar for havovervaking vil medverke til betre fiskeri- og havforvalting og styrke situasjonsforståinga vår i nordområda. Data frå satellittar har svært stor betydning for ein moderne, effektiv og berekraftig forvalting av det store havområda i Noreg, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
Vidarefører ESA sitt industriretta romprogram
Noreg er medlem i den europeiske romorganisasjonen ESA. Deltakinga i ESA gjev norske bedrifter høve til å konkurrere om romrelaterte forskings- og utviklingskontraktar. I statsbudsjettet gjer regjeringa framlegg om ei forplikting til industriretta program i den europeiske romorganisasjonen ESA på 45 millionar euro i perioden 2023-2030.
Kontakter
Pressevakt NFD
902 51 303 (ikkje SMS)
Bilder

Om Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementetKongens Gate 8
0032 Oslo
Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd
Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Mer kråkebolle til Kina!29.10.2026 09:10:02 CET | Pressemelding
Norge og Kina signerte i dag en protokoll for norske villfangede arter i Beijing.
Snøkrabbekvoten aukar i 202728.10.2026 17:24:40 CET | Pressemelding
Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett totalkvoten for snøkrabbe i 2027 til 16 594 tonn.
Vågan kommune får innføre besøksbidrag28.10.2026 16:33:21 CET | Pressemelding
Vågan er blant dei første kommunane i Noreg som får godkjent planen sin for besøksbidrag. Det betyr at kommunen kan innføre overnattingsavgift frå 2027.
Stranda kommune får innføre besøksbidrag28.10.2026 16:30:34 CET | Pressemelding
Stranda er blant dei første kommunane i Noreg som får godkjent planen sin for besøksbidrag. Det betyr at kommunen kan innføre overnattingsavgift frå 2027.
Tromsø kommune får innføre besøksbidrag28.10.2026 16:23:27 CET | Pressemelding
Tromsø er blant dei første kommunane i Noreg som får godkjent planen sin for besøksbidrag. Det betyr at kommunen kan innføre overnattingsavgift frå 2027.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom