Statens vegvesen

Statens vegvesen tek i bruk smarte brøytestikker på fire fjellovergangar

Del
Statens vegvesen tek i bruk ny teknologi – GPS-logging av brøytestikker – for å redusera kolonnetida og auka oppetida på Hardangervidda, Hemsedalsfjellet, Filefjell og Vikafjellet.
Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen (til venstre) og dagleg leiar Peder Strømsvåg i Roadtech med ei intelligent brøytestikke som nett er sett ned ved Halne Fjellstove på Hardangervidda. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen

Teknologien fungerer slik:

Når vi set ut brøytestikker om hausten loggar vi nøyaktig posisjon for kvar enkelt stikke frå begge sider av vegen. Gjennom ein eigen app på nettbrett har brøytebilsjåføren dermed også i dårleg sikt kontroll over kvar brøytestikkene er, slik at han alltid kan plassera seg rett.

Kvart av dei maks 25 køyretøya i kolonnen får utdelt ei kolonnevakt, ei brikke på storleik med ein liten mobiltelefon. Brikkene har ein lysdiode som lyser grønt når avstand til bilen framfor er riktig, og raudt viss avstanden blir for stor. Også brøytebilsjåførane framst og bakerst i kolonnen får informasjon om avstanden mellom køyretøya.

Dette gjer kolonnane tryggare og meir effektive, og betyr at vi kan køyra fleire kolonnar på kortare tid enn i dag. Dette gir høgare oppetid på fjellovergangane, noko me jobbar kontinuerleg med å forbetra gjennom prosjektet Forutsigbart framkommelige fjelloverganger.

Statens vegvesen: – Vi er stolte

Svenn Egil Finden er avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

– Vi er stolte over å kunna ta i bruk og testa ny teknologi på ein driftskontrakt som med fire høgfjellsovergangar er mellom dei tøffaste i landet. Dette set store krav til oss som vegeigar, som ser frem til godt samarbeid med entreprenør Presis Vegdrift og brøytestikke-produsent Roadtech for å utføra vårt samfunnsoppdrag som å syta for eit trygt og føreseieleg framkomeleg vegnett med høg oppetid, seier han.

Presis Vegdrift: – Vi gler oss

Eivind Iden er administrerande direktør i Presis Vegdrift AS.

– Vi er topp motiverte og gler oss til jobben med eit krevjande og spennande kontraktsområde. Vi skal utføra oppdraget med optimal tryggleik og høgast mogleg oppetid. Vi kjem i tillegg til å redusera CO2-avtrykket i vinterdrifta betydeleg ved å bruka nytt utstyr med langt lågare drivstoffforbruk enn eksisterande løysningar.

– Vi er kanskje den aktøren med mest erfaring frå fjellovergangar aust/vest, i tillegg til i Nord-Noreg, legg han til.

Dette er kontrakten

Kontraktsummen er 670 millionar pluss moms. Kontrakten omfattar 471 kilometer riksveg, pluss 78 kilometer gang- og sykkelveg, i eit stort og variert kontraktsområde:

¤ Riksveg 7 Haugastøl – Bu (inkluderer Hardangervidda)

¤ Riksveg 52 Storeskar - Borlaug (Hemsedalsfjellet)

¤ Riksveg 13 Skare (Kløvet) – Vangsnes (Vikafjellet)

¤ E16 Voss – Tyin (Filefjell)

¤ Riksveg 5 Håbakken - Fodnes

Mellom dei 45 tunnelane i kontraktsområdet er 24509 meter lange Lærdalstunnelen, verdas lengste vegtunnel. Totalt er det 103232 meter (103 km) tunnel i kontraktsområdet. Dette inkluderer også Gudvangatunnelen, som med sine 11428 meter er landets nest lengste oversjøiske vegtunnel.

Har tilsett fleire byggjeleiarar enn vanleg

Kontrakten omfattar kommunar i dei tre fylka Vestland (Voss, Vik, Aurland, Lærdal, Eidfjord, Ullensvang og Ulvik), Viken (Hemsedal og Hol) og Innlandet (Vang).

– Statens vegvesen har tilsett fleire byggjeleiarar enn vanleg. I tillegg til ordinær byggjeleiar har vi valt å ta med også teknisk byggjeleiar for tunnel og teknisk byggjeleiar for høgfjell, ein kompetanse som er spesielt viktig i ein krevande vegkonrakt som dette, seier Finden.

I tillegg til mykje høgfjell og mange lange tunnelar, har kontrakt også enkelte punkt som kan vera skredutsette, mellom anna riksveg 13 over Vikafjellet.

Slik er dette ein grøn vegkontrakt

¤ Vegvesenet skal halvera utsleppet på våre prosjekt innan 2030. I kontrakten krev vi delvis utsleppsfrie eller nullutslepps køyretøy. Alle Statens vegvesens nye vegkontraktar krev miljøsertifisering.

¤ Vaskevatn brukt i tunnelreinhald skal samlast inn og takast prøvar av. Vi set strenge krav til prøvar frå kumtømming og gateoppsop for å sikra korrekt massedeponering.

¤ På Vikafjellet og Hardangervidda skal det normalt ikkje brukast salt i vinterdrifta, grunna sårbar natur. På Filefjell og Hemsedalsfjellet kan entreprenøren nytta salt under visse føresetnader for å oppnå godkjende føreforhold.

¤ For å vareta biologisk mangfald har vi valt å redusera kantklippen for delar av dei høgareliggande områda, og vi tilpassar tunnelreinhaldet til tidspunktet for utvandring av laksesmolt.

Fire kontraktar vert til éin

Kontrakten gjeld i fem år, frå 1. september 2022 til 31. august 2027, med moglegheit for forlenging i inntil tre år.

Regionreforma som vart innført 1. januar 2020, inneber at fylkeskommuane har ansvaret for drift av fylkesvegane. Den nye kontrakten gjeld derfor utelukkande riksvegar, og det er fire gamle kontraktar som heilt eller delvis er slegne saman til éin.

Gjennomsnittleg døgntrafikk i kontraktsområdet varierer frå 400 til 9.600. Det er dette som kallast årsdøgntrafikk (ÅDT). Høgast er talet på Voss, mellom Palmafossen og Brynagjelet.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen (til venstre) og dagleg leiar Peder Strømsvåg i Roadtech med ei intelligent brøytestikke som nett er sett ned ved Halne Fjellstove på Hardangervidda. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen (til venstre) og dagleg leiar Peder Strømsvåg i Roadtech med ei intelligent brøytestikke som nett er sett ned ved Halne Fjellstove på Hardangervidda. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
Last ned bilde
Roadtech monterer her ei intelligent brøytestikke ved Halne fjellstove på Hardangervidda, 1140 meter over havet. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
Roadtech monterer her ei intelligent brøytestikke ved Halne fjellstove på Hardangervidda, 1140 meter over havet. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
Last ned bilde
Administrerande direktør Eivind Iden i entreprenør Presis Vegdrift (nummer to fra venstre), flankert av (frå venstre) divisjonsdirektør Bjørn Laksforsmo, vegdirektør Ingrid Dahl Hovland og avdelingsdirektør Svenn Egil Finden. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen

Svenn  Egil Finden, avdelingsdirektør Statens vegvesen. Foto: Statens vegvesen
Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør Statens vegvesen. Foto: Statens vegvesen
Last ned bilde
Eivind Iden, administrerande direktør Presis Vegdrift. Foto: Hans Jørgen Brun
Eivind Iden, administrerande direktør Presis Vegdrift. Foto: Hans Jørgen Brun
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye