Stalheimskleiva stengd for alle besøkjande

– Vi har full forståing for at dette spektakulære stykket veg, kalla Noregs svar på den kinesiske mur, er eksotisk for tilreisande turistar frå fjern og nær, både frå ut- og innland. Men grunna skredfare må vi diverre stengja dette unike stykket veg-Noreg for alle besøkjande inntil vidare. Tryggleiken går fyrst – alltid, seier byggjeleiar Åge Fanebust i Statens vegvesen.
Kva med sommaren?
Han har forståing for at det vil koma mange spørsmål om når Stalheimskleiva kan opna att, mellom anna med tanke på sommaren.
– Svaret er det same, og kanskje litt kjedeleg. Men vi kan diverre ikkje seia anna at enn at ho er fullstendig stengd for besøkjande inntil vidare, legg han til.
Steinsprang i vinter
Det har sidan i vinter vore restriksjonar for parkering i Nærøydalen. Årsaka var steinsprang ved brua. Bommen vart difor flytta nærare E16, slik at det ikkje vart mogleg å køyra inn i området for andre enn arbeidarar.
Dette vil seia at kun er plass til nokre få bilar mellom E16 og bommen. Også Statens vegvesen og entreprenørar har fått restriksjonar på eigen transport av tilsette og materiell.
Forbodsskilt på begge sider – både på norsk og engelsk
No viser i tillegg store skilt at det er forbode for uvedkomande å ta seg inn i området.
– Me vil på det sterkaste opmoda folk om å respektera forbodsskilta. Me understrekar at det er skilta både på norsk og engelsk på begge sider av kleiva, både i botnen (Nærøydalen) og på toppen (ved Stalheim Hotel), supplerer Fanebust.
– Me har jamnleg geologar ute, og vil opna for besøkjande når me vurderer det som trygt, avsluttar han.
Arbeidet i Stalheimskleiva
I september 2020 rasa ein fire-fem meter høg mur ut i Minesvingen, og ei gravemaskin med førar fall 10-15 meter. Det er i ettertid avdekt fleire stader med utsette murar som kan rasa ut dersom ein set trafikk på.
Statens vegvesen bestemte difor at vegen bygd i 1842-49 vert stengd for trafikk for all framtid, for dei aller fleste typar køyretøy.
Og altså: Inntil vidare også for besøkjande til fots og sykkel.
Dette er Stalheimskleiva
¤ Vart bygd som grusveg i 1842-49. Om lag 100 personar var involverte i byggjinga. Vegen har seinare fått asfalt og fått utvida innarsvingar (det siste vart gjort på 60-talet).
¤ Har 20 prosent stigning, og er med det vår truleg brattaste riksveg. Utrasinga skjedde den i den femte av 16 hårnålssvingar sett nedanfrå.
¤ I samband med restaureringa har Statens vegvesen oppdaga eit endå flottare byggverk enn me tidlegare var klar over.
¤ Til dømes vart unike smijernsrekkverk langs vegen på 1930-talet delvis støypte inn i betong. No skal desse få dei få sin renessanse og verta synlege i Minesvingen, i den 1,5 kilometer lange, vakre og ville gamle E16-traseen i UNESCO-området Nærøydalen i Voss herad i Vestland fylke.
¤ I oktober 2021 vart ein tidskapsel sett ned i Minesvingen, forsynt med forskjellige dokument som skal gje eit tidsbilete av Noreg anno 2021. Mellom dette var nokre av Vegvesen sine dokument om kleiva gjennom tida, teikningar frå ein lokal barnehage, munnbind, Antibac og ein mobiltelefon. Samt ei utgåve av lokalavisa Hordaland, der hovudoppslaget var at Stalheimskleiva vert stengd for turistbussar.
¤ Alle dokumenta er i papirformat. Ein er ikkje trygg på at digitale eksemplar vil tåla tidas tann, og vera lesbare for arkeologar om kanskje mange hundre år.
¤ Truleg vil tidskapselen liggja svært så trygt i nye Stalheimskleiva. Det skal reisast ein ikkje mindre enn 2,5 meter høg mur over han.
Nøkkelord
Kontakter
Åge Johan FanebustByggeleiarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:99519887aage.fanebust@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder





Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Startar arkeologiske utgravingar i Ørsta18.8.2025 13:04:14 CEST | Pressemelding
Arkeologar frå Universitetet i Bergen startar tysdag 19. august utgravinga av to automatisk freda kulturminne i samband med reguleringsplan E39 Ose–Osborg.
Rombaksbrua i Narvik blir lysregulert18.8.2025 10:12:33 CEST | Pressemelding
Rombaksbrua på gamle E6 i Narvik blir lysregulert inntil videre på grunn av en skade på et hengestag.
Sjå video: Sølvguttene heldt konsert i Lærdalstunnelen15.8.2025 14:35:33 CEST | Pressemelding
Det er ikkje kvar dag det er live-musikk i verdas lengste vegtunnel.
Veiarbeid begrenser fremkommeligheten på rv. 315.8.2025 14:27:36 CEST | Pressemelding
Nordgående felt på rv. 3 ved Atna bru i Stor-Elvdal kommune i Innlandet stenges mandag til fredag neste uke på grunn av forsterknings- og asfaltarbeider.
Fra september kan du ta eksamen for nasjonalt varebilløyve13.8.2025 10:07:40 CEST | Pressemelding
Fra 1. september er det mulig å ta eksamen for nasjonalt varebilløyve. Dette gjelder for transportleder i bedrifter som skal søke om varebilløyve.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom