Sprenger vekk stein frå riksveg 13 i Hardanger

Tysdag for ei veke sidan gjekk det eit stort skred mellom Tyssedal og Stana. Store steinmassar vart likevel liggande igjen oppe i lausneeområdet, og etter eit mindre steinskred og mykje nedbør vart vegen stengd igjen måndag på grunn av fare for nye skred.
Planlagt operasjon
For å unngå ukontrollerte skred ved nye nedbørsperiodar skal det sprengast ned om lag 300 kubikk stein i kveld.
– Statens vegvesen gjer det vi kan for å halda vegen open. Stengningen av vegen har store konsekvensar for trafikantane og gir stor belastning på ferjesambanda. Grunnen til at vi ikkje har provosert fram skred tidlegare, er at det har vore mykje nedbør og skodde, slik at det ikkje har vore mogleg og forsvarleg å gjera dette tidlegare, seier byggeleiar Rolf Anders T. Svensson.
I kveld er det gode forhold for operasjonen, som involverer geolog, skytebas og klatrere. I tillegg er det gjort grundige førebuingar for å redusera risikoen for skadar på vegen og på naust i nærleiken.
Opning av vegen
I utgangspunktet blir venta vegen å vera stengt fram til klokka 12 torsdag, men Statens vegvesen vil opna vegen så snart han er forsvarleg rydda.
I mellomtida er det omkjøring via ferjesambanda Utne – Kvandal, Jondal –Tørvikbygd og Årsnes – Gjermundshavn. Berre det siste går på natta.
Rikveg 13 på Vikafjellet
I tillegg til utfordringane i Hardanger, er riksveg 13 på Vikafjellet lengre nord i Vestland stengt på grunn av skredfare. Skredsikringsarbeid pågår i området. Her vil det bli gjort ny vurdering av situasjonen fredag, og vegen vil vera stengt fram til då.
Nøkkelord
Kontakter
Rolf Anders Tønder SvenssonByggelederStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:48027103rolf.anders.tonder.svensson@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje
Bilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Anleggsarbeider i Rådhusgata i Oslo for å etablere pullerter13.10.2025 15:14:29 CEST | Pressemelding
Mandag 20. oktober starter arbeidet med å etablere hev- og senkbare barrierer øst i Rådhusgata. Omkjøring blir skiltet.
Lyser ut verdas lengste tunneloppgradering13.10.2025 14:45:24 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen lyser no ut arbeidet med å oppgradere verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen på 24,5 km. Første frist for interesserte entreprenørar er 17. november.
Riksveg 2 får ny vinterstandard – trygg veg med mindre salt og smartere drift13.10.2025 12:28:18 CEST | Pressemelding
Fra og med denne vintersesongen endrer Statens vegvesen vinterdriftsklasse på riksveg 2 fra DkB til DkC. Det betyr at vegen fortsatt skal være trygg og fremkommelig, men med mindre bruk av salt og smartere drift.
Gjennomslag i den tredje av fire vegtunnelar på Sotrasambandet13.10.2025 12:04:03 CEST | Pressemelding
Eit halvår etter at første salve blei avfyrt, ser ein no lys i begge endar av Knarrvikatunnelen.
Utbedring av Molde ferjekai fører til kanselleringer13.10.2025 11:18:16 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skal oppgradere til nytt hydraulisk aggregat for E39 Molde ferjekai. Dette fører til at to avganger mellom Molde og Vestnes kanselleres i natt.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom