Sommarskuta med musikk-rekord
29.6.2021 10:28:20 CEST | NRK | Pressemelding

Dei sju timane med sending på dagtid vil by på 10 norske låtar i timen, og om lag halvparten av desse vil vere artistar frå området skuta er i. Det vil altså vere 35 lokale låtar kvar dag frå områda Sommarskuta stoppar ved i løpet av 34 sendingar.
–Aldri har ei minutt for minutt-satsing presentert så mykje norsk musikk, og aldri har jakta på lokale artistar kravd meir av NRK. Kanskje er dette det største eksponeringsvindauget for norsk musikk og lokale artistar nokosinne, seier Ragnhild Veire, leiar for NRKs researchsenter. I research-arbeidet er 1200 lokale låtar i alle sjangrar spora opp.
– Vi har starta jakta på den lokale musikken akkurat ved den hamna eller neset der skuta skal ligge, og så har vi utvida søket gradvis, fortel Veire om arbeidet som er gjort.
– Seglturen blir sjølvsagt ei stor geografisk oppleving, men du vil og kunne høyre musikken forandre seg langs kysten. Musikken er like variert som naturen sjølv og i alle sjangrar, seier Veire.
Sendinga går på NRK2 på dagtid og held fram på NRK1 fra kl 19.45, seks dagar i veka.
Les: Seks uker med sakte-tv fra Statsraaden: Her skal «Sommerskuta» seile
Hav, sjø og segling
Førre musikk-rekord vart sett under Svalbard minutt-for-minutt. Då fekk publikum høyre om lag 14-1500 forskjellige norske låtar. Denne gongen blir det omtrent 2000 unike låtar i løpet av dei om lag 400 timane med direktesending. Nokre av låtane blir spelt meir enn ein gong, så totalt er det ca 3600 avspelingar i løpet av turen. Også nye norske hits bli presentert, men låt-utvalet er først og fremst basert på temaet sjø, segling, vêr og vind, i tillegg til dei lokale artistane.
– Derfor kjem vi også til å høyre ein del artistar som vanlegvis ikkje blir spelt så mykje, seier Veire. No ligg den finmaska geografiske databasen med oversikt over artistar og låtane deira klar, men Veire understrekar at vêret kan endre musikk-planane:
– Bles det opp til storm i ausande regnvêr, kan vi ikkje spele «Videre i solskinn»!
I år blir det ikkje sendinger frå kai med folkeliv og store samlingar, publikum langs kysten er i staden oppfordra til å vinke til Statsraaden undervegs. Elles kan du følgje Sommarskuta på NRK1, NRK2 og i straumetenesta NRK TV.
Les også: Disse tolv blir programledere på «Sommerskuta»
Her er den geografiske og musikalske ruta til skuta:
- Havøysund 6.-7. juli
- Øksfjord 8. juli
- Hansnes 9. juli
- Senjahopen 10. juli
- Andenes 13. juli
- Myre 14. juli
- Melbu 15. juli
- Stamsund 16. juli
- Værøy 17. juli
- Kjerringøy 18. juli
- Selsøyvik 20. juli
- Til havs (vest for Brønnøysund) 21. juli
- Bessaker 22. juli
- Kyrksæterøra 23. juli
- Langøy 24. juli
- Brattvåg 25. juli
- Selje 27. juli
- Askvoll 28. juli
- Til havs (vest for Fedje) 29. juli
- Lerwick (Shetland) 30. juli
- Til havs (vest for Bergen) 31. jul
- Strusshamn 1. aug.
- Rubbestadneset 3. aug.
- Kopervik 4. aug
- Lysebotn 5. aug.
- Sirevåg 6. aug.
- Båly 7. aug.
- Bredalsholmen 8. aug.
- Helgeroa 10. aug.
- Holmestrand 11. aug.
- Vollen 12. aug.
- Skjærhalden 13. aug.
- Stavern 14. aug.
- Bratteklev 15. aug.
Kontakter
Kontaktpersonar:
Prosjektleiar for Sommarskuta: Thomas Hellum: thomas.hellum@nrk.no - 41425509
Leiar for researchsenteret: Ragnhild Veire: ragnhild.veire@nrk.no - 90827674
Pressevakt
Tel:414 28 800pressevakt@nrk.noBilder


Om NRK
NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.
Følg pressemeldinger fra NRK
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra NRK
Historisk livekonsert på NRK Jazz11.9.2026 14:18:41 CEST | Pressemelding
I forbindelse med Ultimafestivalen går musiker Lasse Marhaug for et musikalsk maraton på NRK med sin 24 timer lange konsert.
Disse deltar i sesong 2 av «Ville fristelser» på NRK11.9.2026 13:01:11 CEST | Pressemelding
Når egne behov kolliderer med fellesskapets beste, hva gjør du da? I andre sesong av NRK-serien «Ville fristelser» får deltakerne satt seg selv og sine verdier på ekstreme prøver.
NRK leverer TV-bilder ved H.M.K. Harald Vs bortgang og tronskiftet28.8.2026 08:50:58 CEST | Pressemelding
NRK er leverandør av fjernsynsbilder fra de offisielle hendelsene i forbindelse med H.M.K. Harald Vs bortgang og tronskiftet.
NRK lager ny humorserie med gjengen bak «Hvite gutter» og «Basic Bitch»26.8.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Skaperne av seriene «Hvite gutter» og «Basic Bitch» er i gang med innspillingen av en ny humorserie for NRK: «Champagnesosialistene».
«Humoretaten» er tilbake med ny sesong25.8.2026 15:00:00 CEST | Pressemelding
NRKs humorflaggskip «Humoretaten» ruller ut sesong 4. Denne gangen med en stjernegjest i hver episode.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
