Sogn og Fjordane: Åtte brefrontar har trekt seg tilbake 11 meter
8.12.2020 11:10:40 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
– Mange norske brear hadde framstøyt på 1990-talet, men etter år 2000 har alle brefrontane trekt seg tilbake, seier glasiolog i NVE Hallgeir Elvehøy.
Negativ massebalanse i lengre tid
NVE sine målingar av massebalanse på brear – forholdet mellom kor mykje snø som legg seg på breen i løpet av vinteren og kor mykje snø og is som smeltar om sommaren, – viser at i 2020 fekk seks brear masseoverskot, to brear var i balanse, medan to brear hadde underskot.
Breane i Noreg har minka mykje både i lengde, areal og tjukkleik sidan år 2000. Men samanlikna med perioden frå 2000 til 2019 hadde åtte av dei målte breane vesentleg betre massebalanse i 2020. Årsaka til det er ein uvanleg snørik vinter kombinert med at snø- og issmeltinga gjennom sommaren var om lag som gjennomsnittet for perioden etter 2000. Mest snø var det på Ålfotbreen i Nordfjord der snølaget tilsvara 5000 millimeter nedbør.
– Breane i Noreg har den same utviklinga som breane i resten av verda. Årsaka til at brefrontane trekk seg tilbake er at massebalansen har vore negativ i lengre tid. Dei ti breane der vi måler massebalanse har i gjennomsnitt minka om lag 15 meter i tjukkleik sidan år 2000, forklarer Hallgeir Elvehøy.
Sogn og Fjordane
I breområda i Sogn og Fjordane har åtte målte brefrontar i snitt trekt seg tilbake 11 meter. Fem av disse brefrontane har trekt seg tilbake mellom 181 og 583 meter dei siste 20 åra. Nigardsbreen trakk seg tilbake berre 4 meter i år, men den har trekt seg tilbake 583 meter i løpet av dei siste 20 åra.
Massebalansemålingane på Ålfotbreen i Bremanger og Nigardsbreen i Luster har vist at Ålfotbreen har vorte om lag 20 meter tynnare dei siste 20 åra, medan Nigardsbreen berre har minka med om lag 2 meter. Begge breane fekk svært mykje snø i vinter, medan sommarsmeltinga var litt mindre enn gjennomsnittet for dei siste 20 åra. Dermed fekk både Nigardsbreen og Ålfotbreen eit stort overskot i år.
Fakta: Tilbakegang for brefrontane
- Størst tilbakegang i år hadde Gråfjellsbrea ved Folgefonna (-47 meter) og Engabreen ved Svartisen (-46 meter).
- Seks brefrontar hadde inga endring, medan ein bre hadde litt framgang.
- Midlare tilbakegang for dei 30 breane er 14 meter.
- Dei 30 breane med brefrontmålingar i 2020 utgjer om lag 12 prosent av brearealet i Noreg.
- Dei siste 20 åra har 19 brear med samanhengande målingar i gjennomsnitt gått tilbake 336 meter
Kontakter
Senioringeniør Hallgeir Elvehøy, mobil 924 46 189
Seksjonssjef Rune Engeset, mobil 990 38 868
Bilder
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Offentlig informasjonsmøte om ny kraftledning i Råde og Fredrikstad1.10.2026 09:52:28 CEST | Pressemelding
Elvia AS har søkt om konsesjon for fire ulike tiltak i kraftnettet mellom Råde, Fjærå og Skytterhuset. Norges vassdrags- og energidirektorat har sendt saken på høring, og inviterer til et offentlig folkemøte på Tomb VGS den 6.oktober.
NVE gir Nscale varsel om tvangsmulkt29.9.2026 11:23:30 CEST | Pressemelding
Nscale Norway AS startet bygging av datasenter i Narvik uten å ha levert en lovpålagt analyse om mulighetene for bruk av overskuddsvarme fra anlegget. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt Nscale et varsel om tvangsmulkt dersom de ikke utarbeider og sender inn en analyse innen 15. november.
NVE avslår søknad om Bjønntjønn kraftverk og pumpestasjon i Nissedal24.9.2026 09:57:10 CEST | Pressemelding
NVE avslår søknaden frå Juvåna Fallrettighetslag SA om løyve til å bygge Bjønntjønn kraftverk og pumpestasjon i Nissedal kommune i Telemark. Kraftverket ville ført til tap av myr og gje negative konsekvensar for registrerte naturverdiar. Samstundes ville inngrepa også gje ulemper for landskap i eit mykje brukt friluftslivsområde.
Vindkraftsøknader i Finnmark leveres 31.januar21.9.2026 14:26:32 CEST | Pressemelding
Kraftselskapene som jobber med vindkraftprosjekter i Finnmark, har samlet bedt om at fristen for innsending av søknader utsettes til 31.januar. Selskapenes hovedbegrunnelse er at enkelte konsekvensutredninger ikke blir ferdige i tide. NVE har valgt å akseptere en utsettelse som skissert i forespørselen.
Vindkraftkommuner får utbetalt 332 millioner kroner18.9.2026 08:18:26 CEST | Pressemelding
Vindkraftprodusenter må hvert år betale en produksjonsavgift, som NVE fordeler til vertskommunene. Dette sikrer at kommuner som stiller areal til rådighet for vindkraft får noe av kraftinntektene. Årets utbetaling til norske vindkraftkommuner er på rett under 332 millioner kroner.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
