Amedia

Sogn Avis og Firda flytter trykkinga til Voss

Del

Styra i Sogn Avis og Firda har beslutta å inngå trykkerisamarbeid med Hordaland trykk og distribusjon på Voss. Det inneber at Amedia sitt trykkeri i Førde vert avvikla.

Styreleiar i Firda Media, Ole Morten Ona Ringstad (t.v.) og styreleiar i Sogn Avis Svein Atle Huus. Foto: Ihne Pedersen / Astrid Iren Solheim Korsvoll.
Styreleiar i Firda Media, Ole Morten Ona Ringstad (t.v.) og styreleiar i Sogn Avis Svein Atle Huus. Foto: Ihne Pedersen / Astrid Iren Solheim Korsvoll.

Styreleiar i Firda, Ole Morten Ona Ringdal, seier at avisbransjen står midt i ei stor omstilling. Stadig fleire brukar avisa digitalt, og talet på papiravisabonnentar er kraftig redusert. Alt tyder på at denne utviklinga vil halde fram. 

Å trykke aviser er dyrt. Når talet på aviser som skal trykkast er fallande, betyr dette at trykkekostnaden per avis blir høgre.

– Vi  må  heile tida finne dei mest optimale og kostnadseffektive måtane å produsere papiraviser på i åra som kjem. Å samle trykkinga av fleire aviser i eitt trykkeri er ei openberr  moglegheit til å redusere kostnadene. Reduserte utgifter kjem i neste omgang abonnentar og mediehusa til gode. Desse pengane  kan vi kan investere i å lage  innhald, seier Ringdal

Styreleiar i Sogn Avis og administrerande direktør i Firda, Svein Atle Huus, stiller seg bak dette: – Trass den sterke digitale utviklinga for Sogn Avis og Firda dei siste åra, har vi framleis ein stor del av kostnadane våre knytt til papirproduktet. Dette tvingar oss til å sjå på kostnadane våre, seier Huus. Målet er å bevare og helst styrke posisjonane våre i åra framover.

Styreleiar i Sogn og Fjordane Avistrykk, Morten Kringler, opplyser at dei tilsette på trykkeriet vart orientert om beslutninga tysdag. Styret i trykkeriet har i møte onsdag beslutta at det ikke lenger er grunnlag for drift for trykkeriet i Førde. 10 tilsette fordelt på 7-8 årsverk blir berørt av nedlegginga.

Dei andre avisene som blir trykte i Førde i dag er Firdaposten, Avisa Nordhordland, Firdaposten, Firda Tidend og Ytre Sogn. Dei er i dag orienterte om Firda og Sogn Avis sine styrevedtak. Firdaposten og Avisa Nordhordland som er 100 prosent Amedia-eigde, vil også flytte trykkinga til Voss som følge av nedlegginga av trykkeriet i Førde.

– Det er gjort ei grundig vurdering av distribusjonsopplegget og risikoen med tanke på lenger transport ved flytting av trykkinga til Voss. Vi klarer å halde trykketidene om lag som i dag, og då vil det vere meir enn nok tid til å få fram avisene til abonnentane i Sogn og Fjordane til same tid som i dag, seier Ringdal.



Kontakter

Ole Morten Ona Ringdal, styreleiar i Firda Media AS, tlf. 909 18 959

Svein Atle Huus, administrerande direktør i Firda Media AS og styreleiar i Sogn Avis, 951 98 504

Morten Kringer, styreleiar i Sogn og Fjordane Avistrykk AS, tlf. 975 65 506

Bilder

Styreleiar i Firda Media, Ole Morten Ona Ringstad (t.v.) og styreleiar i Sogn Avis Svein Atle Huus. Foto: Ihne Pedersen / Astrid Iren Solheim Korsvoll.
Styreleiar i Firda Media, Ole Morten Ona Ringstad (t.v.) og styreleiar i Sogn Avis Svein Atle Huus. Foto: Ihne Pedersen / Astrid Iren Solheim Korsvoll.
Last ned bilde

Om Amedia

Amedia
Amedia
Akersgata 34
0107 Oslo

22 00 90 00http://www.amedia.no

Amedia er landets største utgiver av lokale medier. Daglig når konsernets medier 1,9 millioner lesere.

Amedias redaksjonelle medarbeidere er hver dag til stede i lokalsamfunn over hele landet for å rapportere om det som skjer. Samtidig bidrar våre selgere til å skape lokale markedsplasser gjennom å koble lokale næringsdrivende med kunder. Sammen dekker disse funksjonene vårt samfunnsoppdrag i alle lokalesamfunn hvor Amedia er til stede. Verdiene som ligger til grunn for Amedias tolking av samfunnsoppdraget finner man i vår forretningsidé og vår utgivererklæring.

Følg pressemeldinger fra Amedia

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Amedia på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Amedia

Storavtale om norsk fotball: Skal vise 50.000 breddekamper28.4.2022 13:30:00 CEST | Pressemelding

Med TV 2 og Amedia på eiersiden, blir MyGame plattformen for strømming av all breddefotball i Norge de neste syv årene. Med automatiserte sportskameraer på over tusen fotballbaner over hele landet, skal selskapet dekke kamper i full HD-video, med høydepunkter, kampanalyse og trenerverktøy bare eliteklubbene hittil har hatt tilgang til. Fotballpresident Lise Klaveness ser et stort potensial i det nye samarbeidet.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom