NRK

Slik vert hausten på NRK

Del
Humor og action, prisvinnande drama, samiske forbanningar og mordgåter. Slik vert hausten på NRK

I år kan publikum sjå fram til ei rekkje nye satsingar. Frå forsiktige motstandsmenn under 2. verdskrig, ein eksentrisk millionær og eventyr på Grønland til gjengoppgjer i Oslo og livet langs kortbanenettet i Nord-Noreg.

Drama og underhalding

Flus

Først ut i årets haustlansering er thrillerkomedien Flus. Vi vert tatt med tilbake til Oslo på 90-talet. Året er 1999, og det er norsk gjengkriminalitet sin gullalder. Vi følgjer ein kompisgjeng sin kvardag. Bæbs (Filip Bargee Ramberg) ser ikkje på seg som ein gangster og er overtydd om at konsekvensar frå gjengkriminalitet ikkje vil råke han. Samstundes er bestevenene hans, Even André (Herman Flesvig) og Kelechi (Tobias Haile Furunes) involverte i kvar sine rivaliserande gjengar. Når Even André dreg med seg Bæbs inn i ei pågåande konflikt går det gradvis opp for Bæbs at han ikkje høyrer heime her. Men det er ikkje enkelt å forlate ei verd der farlege idiotar forsøkjer å leve opp til tittelen "Noregs farlegaste"

Gutta på skauen

Frå 1999 til 1941, ei tid då Oslo heller ikkje var ufarleg. Under krigen gjekk det føre seg motstandsarbeid over heile Noreg. Nokre grupper ofra alt for landet, og vart seinare heidra og hylla. Andre ofra lite eller ingenting og vart gløymde. Gutta på skauen er historia om ei slik gruppe.

Vi følgjer opprettinga av Thorvald-gruppa på ei hytte i skogen utanfor Oslo hausten 1941. Thorvald (Ola G. Furuseth) er initiativtakar og leiar. Han får med seg Kåre (Mikkel Niva), Leif (Morten Svartveit), Alf (Sjur Vatne Brean) og Sverre (Nader Khademi) som saman utgjer ein brokete gjeng med særs ulike føresetnader for å drive motstandsarbeid.

Dei har gode tankar og planar, men slit med motivasjon, evner og gjennomføringskraft. Dei er misunnelege på Pelle-gruppa og Osvald-gruppa og alle andre som klarar å gjennomføre farlege aksjonar. For desse karane passar det aldri heilt å gjennomføre dei heilt store aksjonane. Men ambisjonane er høge, og dei tenkjer at dei når som helst vil slå til. Då skal nok folk få sjå kva dei er laga av.

Etterglød

Vel tilbake i notida har vi gleda av å introdusere dramaserien Etterglød. Vi møter livsglade Ester (Nina Ellen Ødegård) som fyller førti. Feiringa tek ei uventa vending når både familie og vener – ved eit uhell – får vite at Ester har fått kreft. Ho er den typen alle trur vil leve evig, og ingen kan førestille seg ei verd utan henne.

Sjukdomen påverkar dei rundt Ester. Ektemannen Arild (Thorbjørn Harr), dei tre borna og venene. Dei byrjar å stille spørsmål om sine eigne liv, lev dei slik dei ynskjer? Kvar og ein tek nye val som endrar både deira eige og andre sitt liv.

Det som kunne vore ei dyster historie endar opp med å vere ei historie om gleda over å få leve og å gjere fantastiske ting for dei du elskar.

Etterglød vann ungdomsprisen for beste serie i Cannes tidlegare i år

Verdens beste venner

Eit meir lettbeint innslag får vi frå Live Nelvik og Einar Tørnquist i eit heilt nytt, direktesendt underhaldingsprogram som vert å sjå på laurdagskveldane i haust. I Verdens beste venner skal kjende vennepar konkurrere for å bevise kven som kjenner kvarandre best. To par møtast i kvart program og gjennomgår varierte utfordringar. Kor mykje veit dei om kvarandre? Kor godt samarbeider dei? Kor langt er dei villige til å strekke seg for vennskapet?

Verdens beste venner er ein hyllest til vennskapet. Gjennom programma vil publikum bli betre kjend med favorittprofilane. Og kanskje vil vennepara lære noko nytt om kvarandre også?

Bestevennene vi får møte i løpet av hausten er:

  • Thomas Numme og Harald Rønneberg
  • Martha Leivestad og Annika Momrak
  • Abu Hussain og Mayoo Indiran
  • Solveig Kloppen og Ingrid Gjessing Linhave
  • Ronny Brede Aase og Niklas Baarli
  • Siri Avlesen-Østli og Carina Olset
  • Martin Lepperød og Jonis Josef
  • Abid Raja og Noman Mubashir
  • Stian «Staysman» Thorbjørnsen og Petter «Katastrofe» Kristiansen
  • Wanda Mashadi og Jorun Stiansen
  • Lisa Tønne og Sigrid Bonde Tusvik
  • Hasse Hope og Magnus Devold

Apropos bestevenner! I Evy og alltid møter vi Evy (Malene Wadel), ho er i slutten av 20-åra og er nettopp ferdig med ein master i Bergen. Når besteveninna skal gifte seg dreg ho tilbake til Sandnes for å vere forlovar. Heime i Sandnes treffer ho gamle kjende, vert kjend med nye folk og lurar samstundes på kva ho eigentleg skal bruke tida og livet sitt på. I Mommo sin gamle, nedslitne konfeksjonsbutikk ser Evy eit uforløyst potensial. Ho børstar støv av symaskina og finn gamle skattar på butikklageret.

Ho byrjar å ta på seg oppdrag som bryllaupsplanleggjar, gamle kjolar får nye eigarar og nytt liv, medan Evy sakte, men sikkert finn seg til rette i barndomsbyen.

Dokumentar og historier frå røynda

Det hektiske livet på ein brannstasjon i Noregs nest største by, nervøse brudepar, gutetur på Grønland og hovudet til Kong Harald i fjellsida! Her er ein smakebit på dokumentarane som kjem til hausten, først ut: Forbannelsen.

Forbannelsen

Forbannelsen er ein serie om forbanningar, mystikk og jakta på sanninga. Stian "Staysman" Thorbjørnsen og Ole Rune Hætta tek det overnaturlege på alvor og reiser på kryss og tvers i Noreg for å leite etter svar på historier dei har fått høyre. Reisa tek dei til blant anna Skjervøy, Andørja og Sulitjelma.

I møte med folk undersøker dei om det finst meir mellom himmel og jord enn kva ein kan forklare.

Cowboyen og kongen

Arvid Mæland er moglegvis ikkje overnaturleg, men i Cowboyen og kongen vert vi kjend med ein mann som ikkje er heilt som alle andre. Ein omstridt person som går sine eigne vegar. Globetrotter og visjonær. Ein folkehelt på Jæren. Elska og hata. Ein mann med eit frynsete rykte. Enten han går baklengs opp Kilimanjaro eller flyg hovudet til Gulliver frå Kongeparken heim til Jæren, han bryr seg ikkje om kva andre folk meiner om han.

No har han teke over ein avideliggandes fjellgard i ein stille sauekommune i Rogaland. Den første ideen han lanserer der er å hogge ut hovudet til Kong Harald i fjellet bak garden. Så inviterer han 250 gjestar til bryllaup - utan å ha funne ei kone.

Ein mann som Arvid har eit fargerikt karaktergalleri rundt seg. Vi møter den eksentriske kitschmålaren Ivan Strom Juliussen, som er Arvids faste forlovar og den livsglade milliardæren Sverre Garpestad, som vart verdskjend då han gjenreiste Trollpikken. Vi møter og Nikolai Mæland, son til Arvid, som fortel om det ambivalente forholdet til denne mannen.

Cowboyen og kongen er ein underhaldande, nær dokumentarserie om å vere tru mot seg sjølv, ikkje bry seg om jantelova og aldri gje opp.

110

Frå brennbare relasjonar til dei som faktisk sløkkjer brannane. I 110 følgjer vi brannvesenet i Bergen. Serien gir eit ekte og nært innblikk i livet på brannstasjonen og korleis det pregar brannmannskapet når alarmen går, og raske, taktiske vurderingar må takast kontinuerleg under tidspress og med avgrensa informasjonstilgang.

Bryllupsfeber

Dei er store, fargerike og varer i fleire dagar. Bli med på fem fantastiske festar der gifteklare par med skyhøg bryllaupsfeber førebur seg til den store dagen. Para treng sjølvsagt hjelp. Kven skal lage bryllaupskake, kven er byens beste fotograf og kva gjer ein når DJ-en frå London får korona?

Du møter 18 åringen Bawer som driv eige bryllaupslokale, samtidig som han er russ og konditoren Edwards, som brødfør ni familiemedlemmar i Venezuela av inntektene han får frå å bake bryllaupskake. Sminkøren Sanna gjer brudene vakre, men drøymer sjølv om å finne den rette. Klarer ho å finne ein draumemann som dei pakistanske foreldra godtek?

Fiskerne

Så vidare til dei som har bytt bort glitter og glamor med blodslit. Å vere fiskar på dei små fiskebåtane langs kysten er ein av dei hardaste jobbane i Noreg. Medan mannskapet jaktar på fangsten, lever dei saman om bord i den tronge båten og er vekke frå familien i vekevis.

Båtane som fyller kvotane tener eventyrlege summar, men for å oppnå dette krevst det både hardt arbeid og fiskelykke. Det er ein uføreseieleg jobbkvardag, der ein er avhengig av kvarandre for å lukkast.

På toppen er skipperen ansvarleg for både løn og sikkerheita til eit mannskap som ofte både er ferske og risikovillige.

Jens og Isak på tynn is

Vi slepp ikkje tøffingane heilt. Jens og Isak på tynn is følgjer villmarkingane Jens Kvernmo og Isak Dreyer på eventyr på Grønland. Dei byggjer slede og kajakk med hjelp frå inuittane og får tak i eige hundespann med halvville Grønlandshunder. Reisa går inn i område som enno er kvite flekkar på kartet, på jakt etter det store jakt- og fiskeeventyret.

Dei vert og å høyre i ein ny sesong av Skitprat med Jens og Isak.

Kortbaneliv

Det finst riktignok fullstendige kart over Nord-Noreg, men det er ikkje berre enkelt for dei som bur der fordi. Kortbaneliv handlar om menneska som er avhengige av eit unikt flytilbod for å kunne leve, bu og arbeide i distrikta. Gjennom ei luftig reise langs ei av Noregs mest vêrharde kystlinjer møter vi passasjerar og dei som gjer alt dei kan for at folk skal kome seg fram.

Passasjerar, flybesetning og bakkemannskap trassar flyskrekk, store avstandar og handterer dårleg vær. Alt for å gjere det mogleg å bu og leve eit godt liv i Noregs ytste utkant.

Barn og ungdom

Dei yngre kan sjå fram til eit bredt spekter av både informative dokumentarar og underhaldande seriar. Hausten byr på kjendiskonflikter, dystopiske framtidsdrama, fart og spenning med Morten Strand og Saft Suse, i tillegg til eit innblikk i dyra si verd. Først ut er Kraft!

Kraft

Kraft er ein doku-dramaserie frå streetdance-miljøet i Oslo. Vi følgjer fem unge og lovande dansarar på vegen mot draumen om å gjere det stort som dansar. Serien byr på ekte historier om forelsking, sjalusi, einsemd, usikkerheit og meistring frå eit unikt miljø.

Jazzy introduserer oss for dansemiljøet, ho er heilt i starten av vidaregåande og har høge mål for seg sjølv. Jojo går tredje året og er dødeleg forelska i Elsa, men kva skjer når han må velje mellom dans og kjærleik?

Kuppel 16

Kjærleik er kjærleik, også i framtida. I Kuppel 16 møter vi Anton og Emma, som bur i ulike klimasoner i same by, 120 år fram i tid. Anton er velståande og bur innanfor kuppelen, medan Emma må leve med utfordringane på utsida.

Dei skulle aldri møtast, og absolutt ikkje verte forelska. Men når det skjer må dei snu opp ned på verdene sine for å vere saman.

Norske beefer

Vi er tilbake i vår eiga tid, for denne gong. Norske Beefer tek deg med på innsida av nokre av dei mest kjende og ukjende konfliktane norsk offentlegheit har å by på.

Jenny Huse, Erik Sæter, Per Sandberg og TIX er berre nokre av kjendisane som gir deg pikante detaljar rundt dei mest konfliktfylte kranglane dei sjølv har opplevd.

Kvar episode tek for seg ein ny konflikt og her får du alt frå spion- og blackfaceskuldingar til graffitioppgjer og musikkmeldarar med slaktekniv.

I tillegg får du sjå kjende fjes som Kevin Lauren, Oskar Westerlin, Abu Hussain og Lars Berrum spele ut humoristiske dramatiseringar i eit forsøk på gjenskape dei mest kaotiske og dramafylte kranglane. Bli med inn i bokseringen – for her vert det kamp!

VGS

Vi flyttar fokuset frå kjendisar til grunnskulen no. VGS er ein serie om livet på vidaregåande skule, skildra gjennom augene til elevane.

Vi møter Amalie, Joffe, Mathias og Lara frå Klassen - ute av sitt trygge univers - nye på VGS. Ein ny serie med ein råare kvardag, og heilt andre spelereglar. Gjennom førti episodar får vi eit ærleg innblikk i livet som førsteklassing på Eikebro vidaregåande skule. Her må karakterane finne seg nye gjengar å høyre til, medan dei møter nye problemstillingar som “nudes” for rulling, rating, seksuell debut, russebussrekningar og jodelstress.

Rykter

Vidaregåande er ikkje det einaste skuletrinnet som byr på utfordringar. Rykter er ein ungdomsserie om vennskap, mobbing og den siste tida på ungdomsskulen. Ein kul bergensgut er ein del av eit overfall som vert lagt ut i sosiale medium. Han vert derfor flytta ut på ei avsidesliggande øy og må ta 10. klasse på bygda.

Men fortida er vanskeleg å unnsleppe, og sjølv ikkje heilt der ute, kan ein kontrollere historia si - for det er alltid rykta om deg som definerer kven du er.

Maks gass

I motsetnad til rykter som ofte er usanne er det hundre prosent ekte når Morten Strand og Saft Suse, kjend frå «Gjør det sjøl», byr på fart og spenning i Maks gass. Dei kjøyrer land og strand rundt for å møte barn som også elskar motorsport. Det vert motorbrøl, lukt av svidd gummi og ikkje minst masse meistring.

Gjennom åtte episodar testar Morten åtte ulike motorsportar, under rettleiing av eit barn som er ekspert i sin sport. ​Først og fremst for å ha det mest mogleg gøy! Samtidig som Morten får testa seg sjølv i ein seriøs konkurranse mot landets beste barn.

Ane vs dyrene

Frå talentfulle barn som arbeidar hardt for å bli beste, til dyr som er fødde med det dei treng for å overleve. Alle dyr har sine unike eigenskapar, kall dei gjerne superkrefter. I denne serien ser Ane Norum Kvistad nærmare på dyr sine gode ferdigheiter, og testar om ho kan konkurrere mot kaninen i hopping, om ho kan kamuflere seg like godt som ein blekksprut, eller om det er mogleg å bruke ekkolokalisering for å orientere seg, akkurat som ei flaggermus. Dette vert både morosamt og veldig utfordrande, vil ho i det heile tatt ha ein sjanse til å slå dyra?

Den magiske laben

Den magiske laben er ein leiken og spanande læringsserie for barn mellom fire-seks år. Djupt inne i skogen ligg det eit magisk laboratorium. Der jobbar den ivrige og morosame professor Dinkel og hans gode hjelpar. Dei gjer eksperiment og utforskar dei raraste spørsmål, let seg fascinere og overraske over naturen og tinga i den. Med seg har dei det magiske kameraet Kamilla. Ho tek bilete av det vi ikkje kan sjå med auga våre.

Professor Dinkel spelar på lag med barna. Han prøver så godt han kan, men får det ikkje alltid til. Heldigvis har han fleire gode hjelparar han kan tilkalle med fløyta si. Når han bles i den kjem to barn til unnsetning, hjelper han og saman får dei til mykje rart.

Podkast

I haust vil publikum, store som små, kunne glede seg til mange nye podkastar. Nokre er heilt nye konsept, medan andre byr på nye historier frå kjende format som "Hele Historien" og "Historier fra virkeligheten". Vi startar med krim frå røynda, og Leo Ajkic.

I dødens spor

I denne nye krimpodkasten tek programleiar Leo Ajkic lyttaren gjennom tre gripande drapssakar og følgjer spora i eit etterforskingsarbeid fram til pågriping og dom. Han intervjuar etterforskarar, rettsmedisinarar og psykiatrar som fortel om kva som skjedde, korleis det skjedde og kvifor.

Trygdekontoret

Frå drap til reinkarnasjon, Trygdekontoret er tilbake som podkast! Thomas Seltzer og gjestar grev i det mørke, smale og rare, men også allmenkjende og brennbare. For som Seltzer sjølv seier: Kva er likskapen mellom ein hemoroide og ein podkast? Jau, på eit eller anna tidspunkt får kvart einaste rævhol sin eigen. Til hausten er det altså Thomas sin tur.

Ukjent - er det noen der ute?

Vi held fram med reisa på den galne sti. Er vi helt åleine i universet eller har nokon allereie besøkt oss? Programleiar Line Elvsåshagen tenner lommelykta og viser veg inn i ei skyggefull verd der konspirasjonsteoriar møter vitskap. Lev vi allereie i eit sci-fi-univers?

Ukjent er ein dokumentarisk sci-fi true crime der Elvsåshagen og medpilot Torkild Jemterud legg ut på ei reise i verdsrommet. Klarer dei å finne ut kva som er løgn og sanning i jakta på intelligent liv i universet?

Millionærhjerne

Har du lyst til å verte rik? I Millionærhjerne gjer Christian Strand eit underhaldande djupdykk ned i kontoen og hjernane til norske, sjølvgjorde millionærar. Korleis vart dei rike? Korleis kjendest det å tene den aller første millionen, og kor mykje har dei eigentleg på brukskontoen akkurat no? Kanskje lærer dei oss nokre triks, slik at vi også kan verte rike.

Historier fra virkeligheten: Mannen i Thereses gate

9. november 2021 kom ein mann springande nedover Thereses gate med ein stor kniv i handa. Han ropte på Allah og trua tilfeldige forbipasserande. Politiet kom til staden, dei kjøyrde på han med patruljebilen, og då han angreip på politibetjentane, skaut dei han, seks gonger.

Mannen i Thereses gate heitte Rustam Louis Foss. Men opplysningane om han, etter at han vart skoten, var fulle av motseiingar. Nokre sa han var gjengkriminell, andre sa han var eit lovande skodespelartalent. Podkasten Mannen i Thereses gate fortel historia om ein mann som flyktet til Noreg. Ein mann som kom med ein draum om å verte berømt, og som aldri ga opp den draumen. Rustam Louis Foss fortalde om livet sitt til mange, men historia endra seg heile tida og ingen kjende heile sanninga.

Kven var eigentleg Rustam Louis Foss? Og kvifor måtte livet hass ende slik, på eit fortau i Thereses gate?

Mellom oss: Livs siste sjanse

Liv ønskjer seg berre det heilt grunnleggjande. Å elske nokon, og sjølv å bli elska tilbake. Ho har aldri knytt seg til ein kjærast. Ikkje før no. Men kan det verkeleg vere slik at ho må velje mellom mann og barn?

Den erfarne journalisten Kirsti Kraft har følgd Liv gjennom fleire år når ho snublar inn i førtiåra utan å ha tatt eit val. Liv skjønar at ho får det frykteleg travelt. Dette er ei nær og vakker, men også ei brutal og utruleg historie om ei heilt vanleg kvinne som ikkje skyr nokon ting for å få orden på livet i siste liten.

Gal & genial

Albert Einstein fekk oss til å sjå universet med nye auge og detaljstyrte ekteskapet sitt. Marie Curie fekk to nobelprisar og gjekk rundt med radioaktivitet i lomma. Tycho Brahe revolusjonerte astronomien og hadde ein elg som kjæledyr.

Gal & genial er ein serie for deg som elskar rare smartingar og sære genier, for deg som er nysgjerrig på korleis verda er skrudd saman, og som vil lære og forstå korleis verda vart slik. Gjennom menneska som gjorde alt for lyspære-augeblinka; gjennom galskap og genialitet.

Tilbake på NRK

Side om side

I haust er det klart for den niande sesongen av Side om side når vi vender tilbake til Lisbeth, Frode og resten av gjengen i Granlia.

Folkeopplysningen

Programleiar Andreas Wahl tek for seg tre nye tema i Folkeopplysningen i haust når han sett fokus på ulv, giftstoff og psykiske lidingar og diagnosar.

Maskorama

Silje Nordnes og superdetektivane Marion Ravn, Jan Thomas og Nicolay Ramm er tilbake når åtte nye musikalske, og umusikalske, kjendisar skjuler seg bak dei mest utrulege masker. Maskoramapodden er og tilbake for å forsøke å nøste opp i dei ulike hinta.

Helene sjekker ut

Lakseoppdrett, transmiljø og unge på Mortensrud er blant tema Helene Sandvig ser nærare på i ein ny sesong av Helene sjekker ut.

Norges tøffeste

Kven er den neste som fortener tittelen Norges tøffasteJørgine «Funkygine» Massa Vasstrand er programleiar når ti nye deltakarar står klare for å vise at nettopp dei har det som skal til. Gled deg til sesong fire av Norges tøffeste i haust. 

Beat for Beat

Atle Pettersen er tilbake saman med pianistlagleiarar Trond Nagell Dahl og Lars Andreas Aspesæter når norske kjendisar igjen skal få utfolde seg musikalsk i Beat for beat.

Ukjent arving

Når nokon døyr utan at familien deira vert funnen går arven til staten. I andre sesong av dokumentarserien Ukjent Arving tek programleiar Tarjei Strøm oss med på den spanande jakta etter arvingar og ukjende familiehistorier vert rulla ut. Kven var mannen som lét etter seg seg femten millionar utan nokon til å arve dei? Kan Tarjei finne nokon som får det store pengebeløpet? I andre sesong tek jakta på slektningar oss blant anna til Østfold, Voss, Bodø Ukraina, Tyskland.

GYM 2

Humorrealityen Gym er tilbake med nok ein forrykande sesong som sender kjendisar tilbake til gymsalen. Nokon huskjer gymtimen som einaste fritime på skulen, andre som eit sveitt og pubertalt mareritt.

Åtte meir eller mindre kjende deltakarar konkurrer i åtte ikoniske gymøvingar, i alt frå basketball til haien kjem. Målet er å få karakteren 6 av gymlærar Mia Hundvin og ende opp med best snitt. Ho har bestemt seg for å vere mykje strengare i år, det nye kullet får ikkje overtalt ho til å gi betre karakter.

Kunstnerliv

Det vert ny sesong av Kunstnerliv, serien der vi kjem tett på nokon av Noregs fremste kunstnarar og forbileta deira.

I haust møter vi:

  • Amir Asgharnejad og Arne Ekeland 
  • Idun Baltzersen og Kjell Erik Killi Olsen
  • Marianne Hurum og Elisabeth Haarr
  • Lars Lofthus og Nikolai Astrup
  • Ane Barstad Solvang og Mette Hellenes
  • Máret Ánne Sárá og Niillas Somby

I desse dobbelportretta får vi eit innblikk i lik- og ulikskaper mellom dei to kunstnarane – og innpass i ei verd som det ellers ikkje er så lett tilgang til.

Havarikommisjonen

Det er duka for tredje sesong av Havarikommisjonen når programleiar Eivind Sæther er tilbake saman med psykologkommisjonen. Saman dykker dei ned i fleire havarerte parforhold.

Kongerekka

Are Sende Osen er tilbake med nye forteljingar om erobrerane, statsbyggjarane og rockestjernene i den norske Kongerekka. Først ut er Sverre Sigurdsson som talte Roma midt i mot og vart lyst i bann av paven.

Historiske kjendiser

Det er klart for nye kjendisar frå historiebøkene når Alexandra Gjerpen er tilbake med ein ny sesong Historiske kjendiser.

Sport

Fotball-EM

Frå 6. til 31. juli er seksten lag samla i England for å kjempe om å bli best på kontinentet. NRK satsar stort på meisterskapet i sommar, som vi sender saman med TV 2. Vi har sjølvsagt profilar som følgjer Noreg tett, i tillegg til team som skal reise rundt for å følgje dei andre laga. Carina Olset og Andreas Hagen leiar sendinga frå studio på Marienlyst. Med på laget får dei selskap av Aleksander Schau og andre spanande gjestar. På Noreg sine kampar, samt finalen, flyttar vi heile studiooperasjonen til England for å vere tett på laget. Andreas Stabrun Smith og Carl-Erik Torp er vårt faste kommentatorpar i England, i tillegg kommenterer Patrick Rowlands enkelte kampar. Olav Traaen kommenterer utvalde kampar for radio.

VM i friidrett

Frå 15. til 24. juli er det tid for det 18. verdensmeisterskapet i friidrett, denne gongen frå Eugene, Oregon i USA. NRK sender alt som skjer live, og fleire av dei største norske friidrettsnamna er aktuelle. Programleiar vert Ida Nysæter Rasch. VM vert kommentert av Jann Post, Christina Vukicevic og Vebjørn Rodal.

EM-veka i München

11. til 21. august er fleire av dei største sommaridrettane samla til EM i München. I tillegg til friidrett inneheld meisterskapet roing, padling, sykkel, klatring, turn, bordtennis, sandvolleyball og triatlon. NRK sender direkte stort sett heile dagen. Det vil vere mange nordmenn i aksjon i dei ulike idrettane.

Toppidrettsveka

25. til 27. august er Johannes Høsflot Klæbo og fleire av de andre store stjernene på plass under Toppidrettsveka. Fleire profilar frå både langrennslandslaget, kombinert og langløp vil delta på arrangementet, som har blitt eit av verdas største innan sommarski. Det blir blant anna spanande dueller i løypene som skal brukes under ski-VM i Granåsen i 2025. Harald Thingnes vil vere programleiar.

Kjendis-VM

I fjerde sesong av humorprogrammet Kjendis-VM konkurrerer kjendisar for første gang i sommaridrettar, blant anna bryting, der landslagstrenar Fritz Aanes, kjend fra «Hodet i klemme», er mentor. Brytinga vert eit blodslit for deltakarane. I tillegg til bryting står friidrett og turn på programmet. To nye kjendis-lag konkurrerar mot kvarandre i kvar episode, i likskap med førre sesong er Ida Nysæther Rasch og Emil Gukild lagleiar for kvart sitt lag. Sesong fire av Kjendis-VM vert publisert i NRK TV i samband med EM i friidrett og EM-veka.

Fotball-VM

21. november sparkar ein i gang fotball-VM i Qatar. NRK og TV 2 deler på retta til kampane. Foreløpig er det klart at Emil Gukild og Ingerid Stenvold leiar sendingane for NRK, medan Christian Nilssen og Andreas Stabrun Smith kommentere kampane. VM-studio vert i Oslo med ekspertar og gjester, i tillegg til journalistar på plass i Qatar.

Dei vil sjølvsagt dekke fotballen, men også ha et kritisk blikk på VM-arrangøren og bakteppet for meisterskapet. Andre profilar som foreløpig er klare er Åge Hareide, Carl-Erik Torp og Tete Lidbom.

Toppserien

I haust skal dei beste laga på kvinnesida gjere opp seg i mellom. I august får vi dei fire avsluttande rundane av seriespelet, før alt skal avgjerast i sluttspelet. Christian Nilssen, Olav Traaen og Carl-Erik Torp kommenterer kampane. Tidlegare Lillestrøm- og landslagsspelar Ingrid Moe Wold kjem og til å vere med som studioekspert. Emil Gukild og Andreas Hagen leiar sendingane.

Anna sport du kan glede deg til å sjå på NRK i haust er blant anna VM i fischersjakk, cupen for menn og kvinner, VM-kvalifiseringskampar for fotballjentene og vintersport.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Last ned bilde
Jens og Isak på tynn is - foto Øyvind Nordahl Næss, NRK
Jens og Isak på tynn is - foto Øyvind Nordahl Næss, NRK
Last ned bilde
Gutta på skauen Foto:NRK
Gutta på skauen Foto:NRK
Last ned bilde
Flus Foto:Michael Ray Vera Cruz Angeles/Spark/NRK
Flus Foto:Michael Ray Vera Cruz Angeles/Spark/NRK
Last ned bilde
Etterglød Foto: Monster Scripted/NRK
Etterglød Foto: Monster Scripted/NRK
Last ned bilde
Einar Tørnquist og Live Nelvik i Verdens beste venner Foto: Jonathan Kise/Monster/NRK
Einar Tørnquist og Live Nelvik i Verdens beste venner Foto: Jonathan Kise/Monster/NRK
Last ned bilde
Malene Wadel i Evy og alltid Foto: Lasse Norlemann Mathiesen/NRK
Malene Wadel i Evy og alltid Foto: Lasse Norlemann Mathiesen/NRK
Last ned bilde
Forbannelsen Foto: Dragan Čubrilo/NRK
Forbannelsen Foto: Dragan Čubrilo/NRK
Last ned bilde
Cowboyen og kongen Foto: Erik Waage/NRK
Cowboyen og kongen Foto: Erik Waage/NRK
Last ned bilde
110 Foto: Eivind Senneset/NRK
110 Foto: Eivind Senneset/NRK
Last ned bilde
Bryllupsfeber Foto: NRK
Bryllupsfeber Foto: NRK
Last ned bilde
Fiskerne Foto: Mothership/NRK
Fiskerne Foto: Mothership/NRK
Last ned bilde
Kortbaneliv Foto: NRK
Kortbaneliv Foto: NRK
Last ned bilde
Kraft Foto: NRK
Kraft Foto: NRK
Last ned bilde
Kuppel 16 Foto: Daniel Voldheim / Tordenfilm
Kuppel 16 Foto: Daniel Voldheim / Tordenfilm
Last ned bilde
Norske beefer Foto: NRK
Norske beefer Foto: NRK
Last ned bilde
VGS Foto: NRK
VGS Foto: NRK
Last ned bilde
Rykter Foto: Mothership/NRK
Rykter Foto: Mothership/NRK
Last ned bilde
Maks gass Foto: NRK
Maks gass Foto: NRK
Last ned bilde
Den magiske laben Foto: NRK
Den magiske laben Foto: NRK
Last ned bilde
Leo Ajkic vert å høyre i Dødens spor Foto: Pandora Film
Leo Ajkic vert å høyre i Dødens spor Foto: Pandora Film
Last ned bilde
Thomas Seltzer er tilbake med Trygdekontoret som podkast Foto: Kim Erlandsen/NRK
Thomas Seltzer er tilbake med Trygdekontoret som podkast Foto: Kim Erlandsen/NRK
Last ned bilde
Line Elvsåshagen er tilbake i Ukjent - Er det noen der ute? Foto: NRK
Line Elvsåshagen er tilbake i Ukjent - Er det noen der ute? Foto: NRK
Last ned bilde
Christian Stran møter millionærar i Millionærhjerne Foto: NRK
Christian Stran møter millionærar i Millionærhjerne Foto: NRK
Last ned bilde
Rustam Louis Foss, Mannen i Thereses gate Foto: Privat
Rustam Louis Foss, Mannen i Thereses gate Foto: Privat
Last ned bilde
Mellom oss: Livs siste sjanse Foto: NRK
Mellom oss: Livs siste sjanse Foto: NRK
Last ned bilde
Gal og genial Foto: NRK
Gal og genial Foto: NRK
Last ned bilde
Det blir ny sesong av Maskorama og Maskoramapodden Foto: Julia Marie Naglestad/NRK
Det blir ny sesong av Maskorama og Maskoramapodden Foto: Julia Marie Naglestad/NRK
Last ned bilde
Helene Sandvig er klar for ny sesong av Helene Sjekker ut Foto: Anders Leines/NRK
Helene Sandvig er klar for ny sesong av Helene Sjekker ut Foto: Anders Leines/NRK
Last ned bilde
Beat for Beat er tilbake med programleiar Atle Pettersen Foto: NRK
Beat for Beat er tilbake med programleiar Atle Pettersen Foto: NRK
Last ned bilde
Programleiar Tarjei Strøm leitar etter bortkomne arvingar i ny sesong av Ukjent Arving Foto: Kjell Joran Hansen/NRK
Programleiar Tarjei Strøm leitar etter bortkomne arvingar i ny sesong av Ukjent Arving Foto: Kjell Joran Hansen/NRK
Last ned bilde
Mia Hundvin er tilbake som gymlærar. Foto
Mia Hundvin er tilbake som gymlærar. Foto
Last ned bilde
Det blir ny sesong av Havarikommisjonen i haust. Foto: NRK
Det blir ny sesong av Havarikommisjonen i haust. Foto: NRK
Last ned bilde
Are Sende Osen er tilbake med fleire forteljingar om den norske Kongerekka Foto: Kjersti Lofthaug/NRK
Are Sende Osen er tilbake med fleire forteljingar om den norske Kongerekka Foto: Kjersti Lofthaug/NRK
Last ned bilde
Du vert kjend med nye historiske kjendisar på NRK i haust. Foto: NRK
Du vert kjend med nye historiske kjendisar på NRK i haust. Foto: NRK
Last ned bilde
Heile denne gjengen leiar deg gjennom Fotball-EM i sommar. Foto: Julia Marie Naglestad/NRK/TV2
Heile denne gjengen leiar deg gjennom Fotball-EM i sommar. Foto: Julia Marie Naglestad/NRK/TV2
Last ned bilde
Det vert fleire kraftanstrengelsar under Toppidrettsveka
Det vert fleire kraftanstrengelsar under Toppidrettsveka
Last ned bilde
Det vert knall og fall når deltakarane får bryne seg på bryting. Foto:
Det vert knall og fall når deltakarane får bryne seg på bryting. Foto:
Last ned bilde
Andreas Wahl er tilbake med Folkeopplysningen. Foto: Ole Kaland/NRK
Andreas Wahl er tilbake med Folkeopplysningen. Foto: Ole Kaland/NRK
Last ned bilde
Det er klart for niande sesong Side om side Foto: NRK
Det er klart for niande sesong Side om side Foto: NRK
Last ned bilde
I andre sesong av Kunsterliv møter vi blant anna Amir Asgharnejad Foto: Kamilla Marie Johnsen/NRK
I andre sesong av Kunsterliv møter vi blant anna Amir Asgharnejad Foto: Kamilla Marie Johnsen/NRK
Last ned bilde
Ingerid Stenvold og Emil Gukild leiar sendingane når Fotball-VM sparkast i gang. Foto: NRK
Ingerid Stenvold og Emil Gukild leiar sendingane når Fotball-VM sparkast i gang. Foto: NRK
Last ned bilde
I haust skal det heile avgjerast, her frå kampen mellom Brann og Rosenborg. Foto: Even Norheim Johansen/NRK
I haust skal det heile avgjerast, her frå kampen mellom Brann og Rosenborg. Foto: Even Norheim Johansen/NRK
Last ned bilde
Ane Norum Kvistad utfordrar dyra på heimebane i Ane mot dyrene. Foto: NRK
Ane Norum Kvistad utfordrar dyra på heimebane i Ane mot dyrene. Foto: NRK
Last ned bilde
Jørgine "Funkygine" Massa Vasstrand vert å sjå i ein ny sesong Norges Tøffeste Foto: Erlend Lånke Solbu/NRK
Jørgine "Funkygine" Massa Vasstrand vert å sjå i ein ny sesong Norges Tøffeste Foto: Erlend Lånke Solbu/NRK
Last ned bilde

Om NRK

NRK
NRK
Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1
0340 Oslo

23 04 70 00http://www.nrk.no

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.

Følg pressemeldinger fra NRK

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra NRK

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye