Slik søker Vegvesenet etter sprengstoff i tunnelar

Som til dømes då vi nyleg søkte etter sprengstoff i Vågstunnelen på riksveg 13 i Rogaland. Med hund. Og like ved stod ein bil parkert – med logoen «eksplosivhund.no» på.
– Ikkje dramatisk
Byggeleiar tunnel, Espen Skjærbekk, er raskt ute med å presisera:
– Vi har forståing for at det kan sjå oppsiktsvekkande ut med hundesøk, og ikkje minst at søk etter sprengstoff kan høyrast voldsomt ut. Men det er det altså ikkje.
Eksplosiv kan ikkje gå av utan tenning, og Vegvesenet har dessutan for lengst betra sine rutinar for å ta vekk restar etter sprenging.
– Det er ikkje fare for at det ligg farleg sprengstoff i våre tunnelar. Søket vi gjorde i Vågstunnelen var rein rutine før vi skulle i gang med eit nytt sprengingsarbeid, understrekar han.
Dette er praksisen
Søk med hund i tunnel er altså alt anna enn uvanleg. Vegvesenet gjer alltid slike søk før vi skal sprenga i ein av våre om lag 600 tunnelar. Dette er ein veletablert praksis gjennom mange år.
Hundane som vert nytta, er spesialtrena, og det er Jessheim-firmaet eksplosivhund.no vi har avtale med for denne type oppdrag.
Vi ryddar opp etter sprenging
I tillegg har Vegvesenet eit strengt regime for å rydda opp etter at vi har sprengt.
Tidlegare var det ikkje så stort fokus på at udetonert sprengstoff måtte fjernast. Men dette er stramma inn for mange år sidan.
– Statens vegvesen har ansvaret for nærmare 600 tunnelar på det norske riks- og europavegnettet. Ein del av vårt ansvar som vegeigar er at trafikantane alltid skal kunna oppleva desse som trygge. Som med alt anna vi gjer på våre vegar; vi gjer dette for dei. Tryggleik kjem alltid først, både for trafikantane og dei som skal jobba i tunnelane. Alle har nokon dei skal heim til.
Fann vi noko?
Og om publikum lurte på sjølve hundesøket, lurar dei sikkert også på om vi fann noko i Vågstunnelen nyleg.
– Svaret er at ja, det gjorde vi. Det som vart funne, var for det meste papir frå dynamitt frå eit tidlegare arbeid. Dette låg i ei grøft, hadde vorte vatna ut, var heilt ufarleg og var ikkje til hinder for trafikken.
Området der hunden markerte, vart grave opp og sjekka ut. Der vart ikkje funne noko meir der.
Hundesøket vart gjort på natta, og det var kolonnekøyring medan det fann stad.
– Trafikantane lurte kanskje litt på kva som skjedde, men det var altså ikkje noko dramatisk. Det var rutinearbeid, og vi gjorde for det for alle sin tryggleik. Tunnelen var trygg både før og etter vi fjerna dei små restane vi fann, avsluttar Skjærbekk.
Nøkkelord
Kontakter
Espen SkjærbekkByggeleiar tunnelStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:90811760espen.skjaerbekk@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder


Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Brua over Langfjordstrømmen blir lysregulert15.12.2025 10:41:30 CET | Pressemelding
Statens vegvesen har avdekket skader på kantdragerne på Langfjordstrømmen bru på E6 i Sør-Varanger kommune. Derfor blir det lysregulering og nedsatt fart over brua fremover.
Åpnet høyfjellsveg ved havet11.12.2025 13:17:56 CET | Pressemelding
Ny rv. 94 har kopiert vintertiltak fra E16 over Filefjell. Gir mindre stengt veg og mer forutsigbar fremkommelighet til og fra Hammerfest.
Nå blir det mindre trøbbel for Per Einar på E1611.12.2025 09:14:53 CET | Pressemelding
I flere ti år har trafikken ofte stått i stampe mellom midtrekkverk i betong opp mot Sollihøgda på E16. Nå er det lys i Sollihøgdtunnelen. Den nye motorvegen åpner neste tirsdag.
Ny ladestasjon på Gol gjør arbeidsdagen enklere for tungbilsjåfører som kjører elektrisk11.12.2025 07:49:42 CET | Pressemelding
Statens vegvesen har sammen med Fastcharge AS åpnet en ny høyeffekts ladestasjon for tungbiler og busser på Gol døgnhvileplass på riksveg 7.
Åpnet siste del av E6 Helgeland10.12.2025 16:04:23 CET | Pressemelding
E6 Svenningelv-Lien halverer kjøretiden forbi Trofors. Den største og eldste flaskehalsen på E6 Helgeland er borte.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
