NRK

Slik blir NRKs valdekning

Del
13. september er det stortings- og sametingsval. Her er oversikten over dei viktigaste debattane og programma på NRK.
Her er programleiarane i år: Fredrik Solvang, Ingunn Solheim, Bahare Viken, Åsa Vartdal, Astrid Randen og Atle Bjurstrøm (pluss Ingerid Stenvold) stiller spørsmål, forklarer og styrer debattane. (Foto: Ole Kaland/NRK)

Kva står dei ulike partia for, og kva er forskjellane mellom dei? NRKs valdekning består blant anna av humorprogram, seriøse debattar og utspørjingar, dokumentarseriar og tenester som valomaten og partiguiden. NRK lyttar til kva publikum synest er viktige tema, og legg til rette for at du skal kunne stille spørsmål til politikarane direkte. Målet er å gjere det enklare for deg å ta eit val du kjenner deg trygg på.

Viktige debattar og utspørjingar

16. august: Startskotet går
Innspurten på valkampen startar for fullt med Arendalsuka kor alle politiske parti og mange organisasjonar samlar seg. Den første partileiardebatten skjer på Fløyheia i Arendal med Fredrik Solvang som programleiar. Kvelden startar med sending frå sommerskute Statsraad Lehmkuhl med Bahare Viken som hovudprogramleiar. Her blir det «popkorn og politikk», altså både underhaldning og tips og råd for å forstå partileiardebatten som kjem etterpå.

Valkamp-opning med Bahare Viken med fleire: Kl. 19.45 på NRK1.
Partileiardebatt med Fredrik Solvang: Kl 21.20 på NRK1.

2. september: Statsministerduell
Kven er Noregs neste statsminister? Kven lar du deg overbevise mest av? Ingunn Solheim og Fredrik Solvang leiar duellen som blir sendt frå Samfundet i Trondheim. På NRK1 kl 21.20.

10. september: Avsluttande partileiardebatt
Stormen i Bodø er arena for den siste partileiardebatten før det faktisk er Sstortingsval. Fredrik Solvang og Atle Bjurstrøm er programleiarar for debatten som er politikarane sin siste sjanse til å overbevise deg om at du skal stemme på dei. Følg debatten på NRK1 frå kl 19.40.

Partileiarutspørjingar ved Astrid Randen – og deg?
Politisk journalist Astrid Randen har lese alle partiprogramma med lupe. Ho grillar kvar partileiar ein og ein, og etter kvar utspørjing er det publikums tur. Kvar utspørjing går direkte på radio og TV på morgonen som del av «Nyheitsmorgon» kl 07.40-08.00 på NRK P2 og NRK1 og før publikum tek over 08.15 – 08.30.

Partileiarutspørjinga inkludert spørsmål frå publikum ser du også på NRK1 kl 22.00-22.30. Still partileiarane spørsmål på NRK Svarer på nrk.no.

Supermålingane
Før stortingsvalet i 2021 gjennomfører NRK fire supermålingar. I NRKs supermålingar spør Norstat 600 veljarar i kvart av dei 19 valdistrikta. Det gir heile 11.400 spurde totalt og eit solid grunnlag for å seie korleis det ligg an i kvart distrikt.

Forstå meir

Din stemme
Under slagordet «Alt du treng å vite om valkampen» inviterer Ingerid Stenvold og Åsa Vartdal på uformell valprat kvar sin kveld tre dagar i veka. Aktuelle gjestar snakkar om dei viktigaste sakene i valkampen, og sjåarane får oversikt over det som skjer. Programmet går direkte frå NRKs valstudio på Marienlyst og startar tysdag 17. august kl 21.20 på NRK1.

Vi stemmer sammen
Laurdag 11. september ryddar NRK P3 sendeskjema for ei maraton-sending for demokratiet og stortingsvalet. Bahare Viken og Amir Horori er blant programleiarane.
Høyr direktesendinga frå 09.00 til 21.00 på NRK P3, mP3 eller følg ho på nett.

Er dette politikk?
I Noreg i dag er det 16-års aldersgrense på kosmetiske inngrep, men burde det vere 18 år? Når blir du dømt etter rasismeparagrafen? Roper «generasjon krenka» for høgt, eller bør lovverket bli strengare på kva du kan seie og gjere? I fire korte episodar tek Bahare Viken opp engasjerande tema som mange ikkje tenker på som politikk, men som faktisk er det. Alle episodane blir publisert samtidig rundt 2. september.

Brølet frå bygda
Nokre blir sinte når skular og fødetilbod blir lagt ned, eller når rikdommen frå lokale naturressursar ikkje kjem dei som bur der til gode. Andre gir opp og flyttar. I denne serien på tre episodar og lengre artiklar kjem vi tett på menneske over heile landet. Hege Moe Eriksen er programleiar. Første episode blir sendt søndag 22. august på NRK1 kl 20.10.

Høyr også podkasten «Exit bygda» i NRK Radio. Denne miniserien har fråflytting fra distrikta som tema og kjem i månadsskiftet august/september.

Valnatta
Kven skal styre landet dei neste fire åra? Programleiarar Ingunn Solheim og Ingerid Stenvold tek deg gjennom den spennande valnatta. Dei første resultata blir kjent kl 21.00 – sendinga startar med nedteljing til dette avslørande augeblikket kl 19.30 på NRK1.

Humor

Latterlig politikk
Ni komikarar konkurrerer om å lære seg mest mogleg om politikken til eit parti dei har fått tildelt. Kvar komikar får ein representant for partiet som mentor, og til slutt må dei forsvare partiet i ein direktesendt debatt på NRK1 den 9. september kl 22.00. Sigrid Sollund leiar debatten. Sjå dei to første episodane 1. september i NRK TV eller kl 22.00 på NRK1.

Sjukt mange spørsmål
Kven av våre kjente politikarar har ei fortid som sirkusartist? Kva driv Sylvi Listhaug (FrP)med på fritida, og kven ville Une Bastholm (MDG) dansa saktedans med? Astrid Randen møter vanlegvis rikspolitikarane når dei er på jobb, for eksempel i radioprogrammet «Politisk kvarter». I «Sjukt mange spørsmål» møter ho dei på privaten med TV-kamera på slep der ho stiller, ja nettopp, sjukt mange spørsmål på veldig kort tid. Første episode kjem 17. august kl 19.45 på NRK1.

Sametingsvalet

Det er også sametingsval måndag 13. september. Under Riddu riddu-festivalen i Kåfjord møttest unge sametingskandidatar til debatt om blant anna miljø (vindkraftverk og gruvedrift) og kva som skal til for å styrke det samiske språket. NRK har også sendt debatten mellom sametingspresidentkandidatane. Her ser du alle debattane.

Agnete jienáda (Agnete bruker stemmen)

Artist Agnete Saba var berre 14 år då ho vart kjent over heile landet med MGPjr.-låta Oro jaska beana. Etter det har ho representert Noreg i Eurovision Song Contest, og utvikla artistkarrieren sin vidare. Til hausten ønsker Agnete å bruke stemmen sin i sametingsvalet. Ho har latt vere å stemme ved to val, men no som 27-åring har ho bestemt seg for å for første gang delta i det samiske demokratiet.

I serien tek ho deg med på si personlige reise, kor hun kjenner på og utforskar frykta for å ikkje vere samisk nok. Serien handlar om å bli trygg på sin eigen identitet og sette seg inn i det samiske demokratiet. Med denne serien ønsker Agnete å inspirere andre unge samar til å ta eit val for ei god og trygg framtid, for kva skjer med samfunnet dersom den oppvoksande generasjonen ikkje engasjerer seg? Publisering i NRK TV i veke 35.

Kontakter

Prosjektleiar: Aksel Helgheim: aksel.helgheim@nrk.no
Kommunikasjonsansvarleg: Marit Holmquist Fenne: marit.holmquist.fenne@nrk.no

Bilder

Her er programleiarane i år: Fredrik Solvang, Ingunn Solheim, Bahare Viken, Åsa Vartdal, Astrid Randen og Atle Bjurstrøm (pluss Ingerid Stenvold) stiller spørsmål, forklarer og styrer debattane. (Foto: Ole Kaland/NRK)
Her er programleiarane i år: Fredrik Solvang, Ingunn Solheim, Bahare Viken, Åsa Vartdal, Astrid Randen og Atle Bjurstrøm (pluss Ingerid Stenvold) stiller spørsmål, forklarer og styrer debattane. (Foto: Ole Kaland/NRK)
Last ned bilde
Bahare Viken og Astrid Randen blir å sjå i mange samanhengar. Bahare Viken leiar blant anna sendingane før og etter dei store debattane, og har også nettsatsinga «Er dette politikk». Astrid Randen skal ha alle partileiarutspørjingane og får i tillegg partileiarane til å vise nye sider av seg sjølv i «Sjukt mange spørsmål». (Foto: Ole Kaland/NRK)

Fredrik Solvang er blant anna programleiar for partileiardebatten 16. august. Den 10. september leiar han og Atle Bjurstrøm den avsluttande (og avgjerande?) partileiardebatten saman. (Foto: Ole Kaland/NRK).

NRK P3 kombinerer humor og politikk: Komikarane Sofie Frøysaa, Amalie Stuve, Hani Hussein, Tamanna Agnihotri, Galvan Mehidi, Jonas Lihaug Fredriksen, Markus Gaupås Johansen, Mert Arsland og Halvor Johansson må lære seg politikken til kvart sitt parti og forsvare det på direktesendt debatt. (Foto: NRK P3)

Agnete Saba skal stemme ved sametingsvalet for første gong, men det er mange ting ho er usikker på. (Foto: Hanna Oseid/NRK)
Agnete Saba skal stemme ved sametingsvalet for første gong, men det er mange ting ho er usikker på. (Foto: Hanna Oseid/NRK)
Last ned bilde
Ingunn Solheim og Ingerid Stenvold er programleiarar for valnatta. (Foto: Julia Marie Naglestad/NRK)
Ingunn Solheim og Ingerid Stenvold er programleiarar for valnatta. (Foto: Julia Marie Naglestad/NRK)
Last ned bilde
Åsa Vartdal og Ingerid Stenvold er programleiarar for Din stemme. (Foto: Julia Marie Naglestad/NRK)
Åsa Vartdal og Ingerid Stenvold er programleiarar for Din stemme. (Foto: Julia Marie Naglestad/NRK)
Last ned bilde

Om NRK

NRK
NRK
Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1
0340 Oslo

23 04 70 00http://www.nrk.no

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.

Følg pressemeldinger fra NRK

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra NRK

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye