Skatteetaten

Skattemeldinga: Få dagar igjen til fristen for næringsdrivande går ut

Del
Siste frist for levering av skattemeldinga for næringsdrivande er mandag 31. august. Over 70 prosent av dei næringsdrivande har alt levert skattemeldinga.
Vi veit at næringslivet er i ein krevande situasjon med mange oppgåver å handtere. Men til deg som enno ikkje har levert skattemeldinga, oppfordrar eg deg til å bruke tid på det i dagane fram mot 31. august, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.

På grunn av koronapandemien endra Finansdepartementet fristen for innlevering av skattemeldinga for næringsdrivande og selskap. Leveringsfristen vart i år difor utsett med tre månader, til 31. august.

– Har du fått skattemelding for næringsdrivande, må du levere denne elektronisk, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.

Mange har allereie levert

Per 20. august har 519 260 av 730 420 allereie levert skattemeldinga si. Dei litt over 200 000 som ikkje har levert, har framleis nokre dagar på seg til å levere.

– Det er svært positivt at så mange alt har levert skattemeldinga for inntektsåret 2019. Vi veit at næringslivet er i ein krevande situasjon med mange oppgåver å handtere. Men til deg som enno ikkje har levert skattemeldinga, oppfordrar eg deg til å bruke tid på det i dagane fram mot 31. august, seier Gjengedal.

Rettleiing på skatteetaten.no

På skatteetaten.no finn du mykje informasjon og nyttige verktøy. Viss du ikkje finn det du treng der, kan du få rettleiing på chat, telefon, eller på Skatteetaten si Facebookside, Skatten min bedrift. Der kan du også få svar på spørsmål om skattemeldinga di, sjå kva andre lurer på og finne korte videoar med gode råd. Skatteetaten har laga ein podcast og ein enkel rettleiingsvideo

Ikkje mogleg å søke utsetting

Du kan ikkje søke ytterlegare utsetting av fristen. Dersom verksemda ikkje leverer dei pliktige opplysningane innan fristen, kan Skatteetaten bruke skjønnsfastsetting.

– Det er viktig at Skatteetaten får rett informasjon frå næringsdrivande slik at skatten vert rett. Leverer du ikkje innan fristen kan vi fastetje skatten din ved skjønn, seier Gjengedal.

Fakta

Tal per 20. august 2020

730 420 bedrifter er pliktige til å levere skattemelding for næringsdrivande i år:

  • 345 272 enkeltpersonforetak
  • 385 148 aksjeselskap og selskap med deltakarfastsetting

Av desse har 519 260 levert skattemeldinga for 2019:

  • 273 475 enkeltpersonforetak har levert
  • 245 785 aksjeselskap og selskap med deltakarfastsetting har levert

211 160 har enno ikkje levert skattemeldinga for 2019:

  • 71 797 enkeltpersonforetak har ikkje levert
  • 139 363 aksjeselskap og selskap med deltakarfastsetting har ikkje levert

Meir informasjon om skattemelding for næringsdrivande finn du på: skatteetaten.no/skattemeldingbedrift

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Vi veit at næringslivet er i ein krevande situasjon med mange oppgåver å handtere. Men til deg som enno ikkje har levert skattemeldinga, oppfordrar eg deg til å bruke tid på det i dagane fram mot 31. august, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.
Vi veit at næringslivet er i ein krevande situasjon med mange oppgåver å handtere. Men til deg som enno ikkje har levert skattemeldinga, oppfordrar eg deg til å bruke tid på det i dagane fram mot 31. august, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.
Last ned bilde
Siste frist for levering av skattemeldinga for næringsdrivande er mandag 31. august. Over 70 prosent av dei næringsdrivande har alt levert skattemeldinga.
Siste frist for levering av skattemeldinga for næringsdrivande er mandag 31. august. Over 70 prosent av dei næringsdrivande har alt levert skattemeldinga.
Last ned bilde

Lenker

Om Skatteetaten

Skatteetaten
Skatteetaten
Fredrik Selmers vei 4
0663 Oslo

800 80 000http://www.skatteetaten.no

I Skatteetaten jobber vel 7000 ansatte mot samme mål; å sikre finansieringen av velferdssamfunnet. Skatteetaten er underlagt Finansdepartementet, og har ansvaret for et oppdatert folkeregister og at skatter og avgifter blir fastsatt og innbetalt på riktig måte.

Følg pressemeldinger fra Skatteetaten

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Skatteetaten på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Skatteetaten

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye