Skatteetaten

Skatteetaten opnar gradvis skattekontor

Del

Skatteetaten startar no ei gradvis gjenopning av tenestetilbodet. Frå 18. mai vil 18 skattekontor vere opne for tenester som krev fysisk oppmøte.

− Frå 18. mai vil 18 skattekontor vere opne for tenester som krev fysisk oppmøte.  Det vil foreløpig kun vere mogleg å bestille tid til ID-kontroll viss du skal søke om skattekort, melde innflytting til Noreg eller bekrefte farskap, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.

Det vil foreløpig kun vere mogleg å bestille tid til ID-kontroll viss du skal søke om skattekort, melde innflytting til Noreg eller bekrefte farskap.

Hugs å bestille time

− Det er viktig at Skatteetaten legg til rette for dei som må utføre ID-kontroll og for dei som treng farskapserklæring. Desse tenestene krev fysisk oppmøte, seier divisjonsdirektør for Brukerdialog i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal. Ho legg til at dei som skal møte opp på skattekontoret må bestille time på førehand. Skattekontora er ikkje opne for andre tenester.

Foreløpig kan ein bestille time for fysisk møte på desse skattekontora:Oslo, Stavanger, Grålum, Trondheim, Lillestrøm, Tromsø, Haugesund, Ålesund, Kristiansand, Bodø, Narvik, Tønsberg, Hamar, Kirkenes, Alta, Førde, Sandvika og Bergen. 

Det same gjeld Servicesenteret for utenlandske arbeidstakarar (SUA) i Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim og Kirkenes.

Skatteetaten sine øvrige skattekontor er framleis stengde for å hindre virusspreiing, men rettleiarar over heile landet svarar på spørsmål i alle kanalar frå heimekontor. Du kan nå oss på chat på www.skatteetaten.no der du også finn mykje nyttig informasjon, på Facebook og på telefon.

Fokus på smittevern

Skatteetaten legg stor vekt på sikkerheit og smittevern, både for medarbeidarar og publikum når vi no opnar for timebestiling på nokre skattekontor.

− Det er viktig at vi kan opne for nødvendige publikumstenester. Samtidig må dette skje i samsvar med gjeldande råd om smittevern gitt av myndigheitene om koronapandemien, understrekar Gjengedal.

Du kan bestille time til ID-kontroll eller farskapserklæring her: skattetaten.no/timebestilling.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

− Frå 18. mai vil 18 skattekontor vere opne for tenester som krev fysisk oppmøte.  Det vil foreløpig kun vere mogleg å bestille tid til ID-kontroll viss du skal søke om skattekort, melde innflytting til Noreg eller bekrefte farskap, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.
− Frå 18. mai vil 18 skattekontor vere opne for tenester som krev fysisk oppmøte. Det vil foreløpig kun vere mogleg å bestille tid til ID-kontroll viss du skal søke om skattekort, melde innflytting til Noreg eller bekrefte farskap, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.
Last ned bilde

Lenker

Om Skatteetaten

Skatteetaten
Skatteetaten
Fredrik Selmers vei 4
0663 Oslo

800 80 000http://www.skatteetaten.no

I Skatteetaten jobber 6500 ansatte mot samme mål; å sikre finansieringen av velferdssamfunnet. Skatteetaten er underlagt Finansdepartementet, og har ansvaret for et oppdatert folkeregister og at skatter og avgifter blir fastsatt og innbetalt på riktig måte.

Følg saker fra Skatteetaten

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Skatteetaten på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Skatteetaten

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom