Miljødirektoratet

Skal forsøke å felle ulv i Vestland

Del
Miljødirektoratet har gitt Statens naturoppsyn i oppdrag å gjennomføre forsøk på skadefelling av ein ulv i deler av Ytre Sogn og Sunnfjord etter skader gjennom fleire år.
Ulven ble fanga av eit av SNO sine viltkamera i september i fjor.
Ulven ble fanga av eit av SNO sine viltkamera i september i fjor.

– Vi får no forhåpentleg ein periode med snø og gode forhold for å spore opp ulven i området. For å hindre ytterlegare skade på beitedyr frå denne ulven har vi valt å gje Statens naturoppsyn i oppdrag å gjennomføre eit forsøk på å felle den. Ulven har vore i området i tre år og vist seg vanskeleg å få felt. SNO vil iverksette fellingsforsøket dei næraste dagane, seier Knut Morten Vangen, seksjonsleiar i Miljødirektoratet.

Ifølge Stortingets bestandsmål for ulv er det ikkje mål om stasjonære ulv i rovviltregion 1, som Vestland fylke er del av. Statens naturoppsyn (SNO) har dokumentert at ein ulv er revirmarkerande i eit område innanfor kommunane Fjaler, Hyllestad, Høyanger og Sunnfjord i Vestland fylke.

Statsforvaltaren i Vestland har samla erstatta i underkant av 500 sau/lam som drepne av ulv i fylket i etterkant av dei tre siste beitesesongane. Alle desse skadetilfella er med stort sannsyn valda av den same revirmarkerande ulven.

Lisensjegerar og det lokale skadefellingslaget har dei tre siste åra lagt ned mykje innsats på å prøve å få felt ulven, utan å lukkast.

– Lisensfelling skal være det viktigaste virkemidlet for å regulere utbreiinga av ulvebestanden, men når ein ikkje lukkast har Miljødirektoratet anledning til å gje løyve til ekstraordinær skadefelling, med bruk av det statlege fellingslaget til SNO, seier Vangen.

Statens Naturoppsyn har ved bruk av fellingsinstruksen anledning til å nytte ekstraordinære virkemidlar som ikkje er tillat under alminneleg jakt dersom dette kan effektivisere uttaket.

Se vedtaket i miljøvedtaksregisteret

Nøkkelord

Bilder

Ulven ble fanga av eit av SNO sine viltkamera i september i fjor.
Ulven ble fanga av eit av SNO sine viltkamera i september i fjor.
Last ned bilde

Om Miljødirektoratet

Miljødirektoratet
Miljødirektoratet
Postboks 5672 Torgarden
7485 Trondheim

73 58 05 00https://www.miljodirektoratet.no

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye