Skal brøyta meir effektivt i Haugesunds-området

Statens vegvesen har lyst ut driftskontrakten Haugesund som gjeld frå 1. september 2021 og fem år framover. Viss partane er einige, kan han forlengast i eitt år. Fristen for å komma med tilbod er 14. april.
Denne nye, store driftskontrakten erstattar tre tidlegare kontraktar, og omfattar E134, E39 og riksveg 13. Det er på dei to fyrstnemnde strekningane det er krav om tandembrøying i vinterdrifta.
– Tandembrøyting er noko vi alt har god erfaring med. Det fungerer slik at to køyretøy brøyter saman. Dei legg seg etter kvarandre slik at dei dekker kvar sin ytterkant av køyrebanen. Takka vere dette gjer vi oss ferdige med brøytinga i ei køyreretning i éin operasjon, seier byggeleiar Rolf Anders Tønder Svensson i Statens vegvesen.
Frå kyst til høgfjell
Kontraktsområdet går frå kyst til høgfjell, der entreprenøren må vera førebudd på å handsama kolonnekøyring vinterstid. Vi set strenge krav til responstid, beredskap og vinterdriftsklasse.
Kommunane som er dekte av kontrakten er Karmøy, Haugesund, Tysvær, Bokn, Strand, Hjelmeland, Suldal, Sveio, Stord, Fitjar, Vindafjord, Etne og Ullensvang. Det er i dei to sistnemnde at vi finn høgfjellstrekningar. Grensa for høgfjell går ved Vintertun på E134.
I store delar av innlandsområdet er vegnettet også utsett for skred. Dette gjeld på riksveg 13, heilt frå høgfjellsområdet ved Røldal til Nesvik ferjekai på riksvegferjesambandet Nesvik – Hjelmeland.
Det er 70 tunnelar i kontraktsområdet, mange av dei i høgfjellet. Fleire stader er det få og avgrensa moglegheiter for omkøyring, med til dels lange omvegar. Det er sjeldan er tunnelane er heilt stengde, og Statens vegvesen krev framleis høg oppetid.
Dei fleste av tunnelane er på E134 og riksveg 13. Men det er også nokre av dei på E39, mellom anna den undersjøiske Bømlafjordtunnelen.
Stor variasjon i trafikkmengda
Det er strekninga frå Haugesund lufthavn og inn til E39 som har den største trafikken, med opptil 20.000 køyretøy i døgnet. Minst er trafikken på riksveg 13 i høgfjellsområda, med ein døgntrafikk på 400-500 køyretøy.
Alle vegkontraktar Statens vegvesen lyser ut i år inneheld krav til miljøsertifisering og rapportering av CO2-utslepp. Slik kan vi registrera kva klimatiltak vi gjer, og saman med entreprenør evaluera og dokumentera kva som har effekt. For delar bilparken krev vi lavutslepps-køyretøy som tilfredsstiller dei strengaste nye krava. Målet er at utslepp frå Statens vegvesen sine verksemder skal halverast innan 2030.
I vinterdrifta ynskjer Statens vegvesen å redusera saltmengda. Dette skjer gjennom å velja rett vinterdriftsklasse, god bruk av vérdata, samt at ein bruker nye og meir effektive typar brøytereiskapar.
Totalt 516 kilometer riksveg og 92 kilometer gangveg er med i kontrakten som no er lyst ut i Doffin, og som erstattar delar av tre tidlegare kontraktar. Som ein konsekvens av regionreforma får Statens vegvesen no utelukkande ansvaret for riksvegar, og ikkje fylkesvegar som tidlegare.
Kontrakten er på fem år, med opsjon på ytteregare eitt. Tilbodet vert opna 14. april.
– Gjensidig opsjon er eit viktig omgrep i kontraktstrategien, og motiverer begge partar til gode og langsiktige driftsløysingar. Dette skal bidra til best mogleg framkommelegheit på vegane kvar einaste dag. Samtidig har vi eit langsiktig samarbeid for å utvikla nye teknologiske løysingar for miljøvennleg vegdrift, seier divisjonsdirektør Bjørn Laksforsmo i Statens vegvesen Drift og vedlikehald.
Fleire nye kontraktar i vest
Nye, store driftskontraktar for Bergen og Sunnfjord er også lyst ut i desse dagar. Også for desse er fristen for å komma med tilbod rett over påske.
Skal redusere svevestøv-mengden i Bergen
Bruken av vegsalt i Sunnfjord og omegn skal ned, mellom anna gjennom bruk av ny teknologi
Nøkkelord
Kontakter
Rolf Anders Tønder SvenssonByggeleiarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:48027103rolf.anders.tonder.svensson@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Stenger E6 ved Langnesberga i Snåsa i en uke27.6.2025 13:45:41 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen må legge ned ny og skifte stikkrenner, samt støpe og reetablere støttemurer ved E6 Langnesberga. E6 blir derfor stengt fra tirsdag 1. juli kl. 07.00.
Denne helgen bør du la bilen stå27.6.2025 13:16:09 CEST | Pressemelding
Denne helgen skjer det mye i Oslo både i byen og på veiene. Dette er helgen du bør la bilen stå.
Vegvesenet forbedrer E39 i Tysvær for alle trafikanter27.6.2025 07:40:24 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen øker kvaliteten på E39 mellom Hetland og Apeland i Tysvær for både myke trafikanter og bilister.
Sjåfører gjør hverdagen farlig for vegarbeidere26.6.2025 08:15:00 CEST | Pressemelding
De som arbeider med å gjøre vegen bedre for deg og meg, lever farlig.
Statsråden åpnet E39 Betna-Hestnes25.6.2025 14:32:03 CEST | Pressemelding
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård åpnet onsdag 12,8 km ny europaveg mellom Molde og Trondheim.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom