Sjukepleiarstudentane vil ha meir praksis med pasientdokker
Studentane får meir sjølvtillit og lærer meir av å øve med teknologistyrte pasientdokker. Det kjem fram i eit nytt doktorgradsprosjekt ved Universitetet i Agder.

– Kunnskapen og sjølvtilliten auka meir hos studentar som fekk undervisning med pasientdokker enn dei som ikkje fekk det, seier Kristine Haddeland.
Ho er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder (UiA) og disputerte nyleg for doktorgraden med ei avhandling om bruk av teknologistyrte pasientdokker i undervisninga av sjukepleiarstudentar.
Teknologien har for lengst toga inn i sjukepleiarutdanninga og bidreg på ulike måtar til å etterlikne realistiske situasjonar frå helse- og omsorgssektoren. På sjukepleiarfagspråket kallar ein denne typen teknologiundervisning for fullskala simulering. Det inneber bruk av pasientdokker i undervisninga.
Ved hjelp av pasientdokkene og sjukepleiarstudentane i ulike roller, etterliknar ein hendingar som kan oppstå med reelle pasientar på sjukehus eller i omsorgsheim.
Pasientdokka styrt frå siderommet
Pasientdokkene oppfører seg nesten som vanlege folk. Dei kan svime av. Dei kan få epileptiske anfall. Hjarte kan stanse. Blodtrykk falle, eller stige. Puls går opp, eller ned. Oksygenmetting ned, opp. Sveitten kan piple fram. Sår kan blø. Urin kan renne.
I simulator-rommet med dokkene er sjukepleielæraren saman med sjukepleiarstudentane. Studentane som har fått observatørrolla følgjer gjerne med frå eit anna rom, men kan òg vere med her. Ein annan lærar styrer pasientdokka ved hjelp av eit avansert dataprogram frå siderommet. Hjarterytme, blodtrykk, pulsverdiar og andre viktige helseinformasjon om pasientdokka vert styrt og endra herfrå.
Informasjonen kjem opp på pasientskjermen på rommet der sjukepleiarstudentane følgjer med. Skjermen er av den same typen som sjukepleiarstudentane møter når dei kjem i praksis på sjukehuset. Oppgåva til studentane i dette rommet er å følgje med på akutte endringar hos pasientdukka og gjennomføre riktig behandling.
Drama på sjukestova
Slik vert det drama for sjukepleiarstudentane: Pasientdokka har kjent seg dårleg og har tilkalla hjelp. Studentane kan sjå på skjermen korleis det står til med blodtrykk og puls. Dei ser også om pasientdokka pustar tungt.
– Vi skaper ein realistisk situasjon der studentane får relevant erfaring med akutte endringar hos pasienten. Pasientdokkene er lette å programmere. Dermed kan vi gi studentane erfaring med dei fleste akutte hendingar dei seinare kan oppleve i praksis og jobb, seier Haddeland.
Lærer meir og vert sjølvsikre
Hovudmålet med doktorgradsprosjektet hennar har vore å finne ut kva studentane lærer når pasientdokker vert brukte i undervisninga. Prosjekt og avhandling var tredelt.
I den første delen gjekk ho gjennom tidlegare forsking om pasientdokker og læringsutbytte.
Den andre delen dreidde seg om å utvikle eit spørjeskjema for å kunne måle kunnskapsnivå og sjølvtillit på ein vitskapleg måte som kan etterprøvast.
Den tredje studien samanlikna to studentgrupper der den eine fekk undervisning med pasientdokker og den andre ikkje (randomisert kontrollstudie).
Her deltok til saman 158 sjukepleiarstudentar frå to ulike universitet. Ei gruppe studentar og ei gruppe på seks sjukepleiarlærarar vart i tillegg intervjua om erfaringa med bruk av pasientdokker.
Observatørar lærte mest
– Kunnskapsnivå og sjølvtillit auka meir hos sjukepleiarstudentane som gjennomførte undervisningsopplegget med pasientdokker samanlikna med dei som ikkje gjorde det, seier forskaren.
Både før og etter undervisningstimane svarte sjukepleiarstudentane på spørsmål om helse og pasientar under akuttbehandling. Dei vart stilt spørsmål av typen kva er normal hjartefrekvens hos friske vaksne og kva skjer med puls og blodtrykk ved akutt bløding etter ein operasjon.
Eit overraskande funn var at sjukepleiarstudentane som hadde observatørroller, lærte meir enn studentane som stod midt oppe i behandlinga av pasienten.
– Det kjem kanskje av at sjukepleiarane som behandla pasientdokka var meir stressa enn dei som observerte, men det viser også at vi bør gi fleire undervisningstimar med pasientdokker slik at studentane får erfare situasjonen ut frå fleire roller, seier Haddeland.
Trygt miljø for læring
Eit trygt læringsmiljø, det å få lære i ulike roller og oppleve ei undervisning i realistiske omgivnader vart trekt fram som viktig både av sjukepleiarstudentane og lærarane som var på undervisninga.
Ved UiA vert det no lagt opp til at sjukepleiarstudentane alltid skal ha undervisning med pasientdokker før dei gjennomfører praksis på sjukehus og omsorgsheim. Det er i alt seks praksisperiodar i løpet av sjukepleiarutdanninga.
– Studentane etterspør undervisning med pasientdokker også mens dei er i praksis. Dei opplever hendingar på sjukehuset og andre praksisplassar som dei gjerne vil øve på i trygge omgivnader før dei vender tilbake til praksisplassen, seier forskaren.
Nøkkelord
Kontakter
Atle ChristiansenseniorrådgiverUniversitetet i Agder, kommunikasjonsavdelingen
Tel:91161119atle.christiansen@uia.noKristine HaddelandførsteamanuensisUniversitetet i Agder, Institutt for helse- og sykepleievitenskap
Tel:+47 38 14 15 24kristine.haddeland@uia.noBilder


Om Universitetet i Agder (UiA)
Følg saker fra Universitetet i Agder (UiA)
Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Agder (UiA) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste saker fra Universitetet i Agder (UiA)
UiA-forsker mest lest av alle i fjor12.1.2021 11:35:56 CET | Pressemelding
Janne Lund ved Universitetet i Agder skrev blogginnlegg om at det kanskje er mot sin hensikt å snakke så mye om ungdom og psykisk helse. Innlegget ble mest lest på forskning.no i 2020.
Pønkeren og professoren leser Nietzsche i ny podcast11.1.2021 15:12:01 CET | Pressemelding
Professor Einar Duenger Bøhn og punkrocker Kristopher Schau har lest Nietzsche. I en podkast skal de prøve å ta inn over seg filosofens ideer.
Rekordmange doktorgrader ved UiA8.1.2021 15:03:28 CET | Pressemelding
51 doktorgrader ble avlagt ved Universitetet i Agder i 2020. Til sammen har 300 personer avlagt doktorgrad eller tilsvarende på UiA.
Ny direktør for forskning og innovasjon på UiA15.12.2020 11:56:34 CET | Pressemelding
Ann Camilla Schulze-Krogh kommer fra stillingen som avdelingsleder for bærekraftig utvikling i Agder fylkeskommune.
Trente med høg intensitet under kreftbehandling14.12.2020 15:04:03 CET | Pressemelding
Pasientar kan halde ved like kondisjon og styrke når dei trener under kreftbehandling. Det kjem fram i ei ny avhandling ved Universitetet i Agder.
– Skriv gjerne passivt, seier språkforskaren14.12.2020 08:57:09 CET | Pressemelding
Dei fleste innføringsbøker og språklærarar seier vi må vakte oss for passive setningar. Språkforskaren meiner derimot at passiv er ein fullverdig tale- og skrivemåte.
I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom