Sju gullbillettar til nynorsken!

Teksten er skriven av Janne Karin Støylen, litteraturformidlar og medlem av juryen i nynorsk-ordninga.
– Det å sitja og sjå på eit fjell gjer meg godt, skriv Jon Fosse i diktet Snøsong. Jon Fosse sin diktekunst er mellom juvelane i den nynorske skrift-skattekista, men kista er godt gøymd for fleirtalet av unge, norske lesarar. Musikar og komponist Sandra Kolstad får den første gullbilletten for å opne denne skattkista for elevane.
På plata Elv på himmelen breier ho dikta ut i eit elektronisk og harmonisk lydlandskap, lett som snø og fast som fjell. – Eg vil lage ein konsertproduksjon som har ein underliggande bodskap til kvar enkelt elev: Det kan vere vondt å vere menneske, men det er verdt det, og somme tider er det fantastisk! seier Kolstad i søknaden sin. Det å lytte til Sandra Kolstad sine tonesettingar av Jon Fosse sine dikt, vil gjere elevane godt. Det er både fagpanelet og juryen overtydde om.
Sjangerbreidde og sjangermiks
Jubelblues! Heile tre barneplater med nye, nynorske tekstar til vaskeekte blues av beste merke ligg i bordet når Good Time Charlie får den andre gullbilletten. Mange års røynsle med ungar og songar, tekstskaping og språkleik like så.
Hvis du vil se dette innholdet fra cdn.innocode.digital, gi ditt samtykke øverst på denne siden.
– Kva har nynorsk og hiphop til felles, spør dansaren Belinda Braza retorisk i sin søknad. Ingenting? Alt, held ho fram, og overtyder juryen om å støtte hennar idè til ein produksjon som kombinerer samtidsdans, hiphop og slam med fellesnemnarane kamp, motstand og løvetann-filosofi. Lang fartstid i den kulturelle skulesekken og eineståande tilbakemeldingar frå elevane, er ei tunge på vektskåla når den tredje gullbilletten får sitt namnetrekk.
Læring og livsmestring
Også ein debutant som aldri har reist i skulesekken tidlegare, er mellom dei heldige sju. Geir Egil Eiksund debuterer denne våren med oppvekstskildringa Kampen: Det er sommarferie. Andreas gler seg til lange dagar med fotball og fri. Så flyttar ein ny gut til bygda, med United-caps og eit veldig fint smil.
– Eg har skrive ei bok eg sjølv ville hatt god nytte av å lese som 11-åring, då eg skjønte at eg var homofil. Draumen er å lage ein DKS-produksjon som ikkje berre eg, men heile klassen min hadde hatt godt av å sjå, seier Eiksund.
Hvis du vil se dette innholdet fra cdn.innocode.digital, gi ditt samtykke øverst på denne siden.
Livsmestring og frigjering er også tema i Martine Grande si nye, vakre biletbok Ørn. Animasjonsteater, workshop og kreativitet er stikkord i prosjektskildringa som får gullbillett nummer fem.
Scenografi og kostymedesign står på menyen når Dordi Strøm kjem til Seanse i Volda for å utvikle den sjette av sju produksjonar. At alt vi ser på scena ein gong starta med teikning og modellering, er lærdomar elevane får innsikt i gjennom prosjektet «I dag er du kostymedesignar!»
Opplysing og oppleving
Skit eller kanel? Informasjons-samfunnet lyg og bedrar. Falske nyheiter florerer. På oppdrag frå Nynorsk kultursentrum har forfattaren Anders Totland skrive eit overtydande manus som hentar fram hendingar frå nyheitsbiletet dei siste åra, ser på dei med kritisk blikk og inviterer elevane til å tenkje sjølve: Kronprinsen rette fram handa, men den unge kvinne la si eiga hand mot hjartet og bøygde hovudet. Kva var det eigentleg som hende?
Hvis du vil se dette innholdet fra cdn.innocode.digital, gi ditt samtykke øverst på denne siden.
Den generelle delen av læreplanen understrekar at opplæringa skal legge til rette for elevane sin framgang gjennom fornuft og opplysing, - dertil gjennom å gje kvar enkelt elev høve til å utvikle evna til å skape, oppleve og formidle. Med den sjuande og siste gullbilletten på veg til produksjonen «Skit eller kanel» er nynorsk-prosjektet rigga for å kunne levere på alle punkt: I høve til læreplanen, i høve til ulike uttrykksformer, i alle sjangrar og til alle aldersgrupper. Vi syng ein snøsong for dei sju vinnarane, og for alle barn og unge som har vedunderlege, nynorske kunst- og kulturopplevingar i vente. Gratulerer!
SNØSONG
det å sitja og sjå på eit fjell
gjer meg godt
hjarta blir roleg
og snøen på eit fjell
lyfter andletet mitt mot ein stad
inne i den skimrande snøen
og snøen
i lyset
seier meg
det er deg det gjeld
og då trur eg
at det finns ein stad
som også eg skal finna
der vinden snakkar lågt
og der kjærleik andar
i si lyse stille
av himmel og av jord
og er ein stad for kvile
i ei sky som driv forbi
– Jon Fosse
Fellesskap og forankring: info om ordninga
|
Nøkkelord
Kontakter
Agnieszka J. BrynKommunikasjonsjef
Tel:922 15 646ajb@kulturtanken.noBilder
Lenker
Om Kulturtanken
Følg pressemeldinger fra Kulturtanken
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturtanken på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kulturtanken
13 prosjekter mottar til sammen 5,5 millioner kroner22.4.2025 06:05:00 CEST | Pressemelding
Målet er at flere barn og unge kan delta i og være med å forme lokale kultur- og fritidsaktiviteter.
Søk midler til inkluderende kulturaktiviteter for barn og unge25.2.2025 06:03:00 CET | Pressemelding
Søk tilskuddsordningen «Inkludering i kulturliv» innen 30. april.
Årets utlysinger til DKS-LAB for visuell kunst, arkitektur og design er åpne14.2.2025 14:47:45 CET | Pressemelding
Bli en del av den landsdekkende satsingen! Søknadsfristen er 14. mars.
Søk om midler til mangfold og medvirkning i kulturlivet21.1.2025 06:05:00 CET | Pressemelding
Henholdsvis 1 og 5 millioner skal fordeles på prosjekter som fremmer mangfold og medvirkning i barn og unges kulturtilbud, med mål om å gjøre kunst og kultur mer inkluderende for flere barn og unge. Søknadsfristen er 28. februar.
Disse får tilskudd til pilotmidler knyttet til «Krafttak for mangfold i kulturfrivilligheten»2.12.2024 13:54:16 CET | Pressemelding
12 prosjekter med stor overføringsverdi skal bidra til større inkludering for barn og unge i kulturlivet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom