Sparebanken VestSparebanken Vest

Simen Løland Aarskog og Tore Dvergsdal er nye konserndirektørar for personmarknaden i Sparebanken Vest

Del
Etter ein omfattande rekrutteringsprosess har Sparebanken Vest fått to nye konserndirektørar. Tore Dvergsdal har takka ja til stillinga som direktør for Divisjon Personmarknad i Region Nord og Simen Løland Aarskog blir ny direktør for Divisjon Personmarknad i Region Sør.
Sparebanken Vest har fått to nye konserndirektørar for Divisjon Personmarknad. Simen Løland Aarskog i Region Sør og Tore Dvergsdal i Region Nord. Foto: Anne Lise Urdal og Øyvind Hjelmen.
Sparebanken Vest har fått to nye konserndirektørar for Divisjon Personmarknad. Simen Løland Aarskog i Region Sør og Tore Dvergsdal i Region Nord. Foto: Anne Lise Urdal og Øyvind Hjelmen.

- Eg er takknemleg, og ikkje minst inspirert, over å bli vist denne tilliten. Vår viktigaste oppgåve er å sikre stødige leveransar for kundane våre i den heilt spesielle tida vi står i no, seier Simen Løland Aarskog.

Aarskog har syv år bak seg i Sparebanken Vest og kjem frå stillinga som regiondirektør for Divisjon Bedriftsmarknad i Sunnhordland og Haugalandet. Han skal leie 15 av i alt 33 kontor i banken, som strekk seg frå Bergen sentrum i nord til Nærbø i Rogaland i sør. Desse 15 kontora hadde ei samla utlånsportefølje på totalt 59,6 milliardar kroner til privatmarknaden i 2019.

Har vore konstituert konserndirektør


- Eg er svært motivert for denne oppgåva. Eg kjenner styrken i laget i region Nord allereie, og ser fram til at vi skal bygge ei enda sterkare konkurransekraft saman og bevise for våre kundar på Vestlandet at vi er der for dei, både i gode og tøffe tider, seier Tore Dvergsdal.

- I tillegg er det heilt klart at eg får ein utruleg god makker i Simen Aarskog som leiar for Region Sør, legg han til.

Dvergsdal har jobba seks år i Sparebanken Vest og kjem frå stillinga som regionbanksjef. Sidan 10. februar har han vore konstituert konserndirektør for Divisjon Personmarknad. No skal han leie 18 kontor i banken - frå Bergen sentrum og nordover til Møre og Romsdal. Desse kontora hadde ei samla utlånsportefølje på totalt 66,4 milliardar kroner til privatmarknaden i 2019.

Styrker personmarknadens posisjon i leiargruppa


- Det har vore heilt avgjerande å finne dei rette leiarane for å sikre enda sterkare vind i segla for personmarknaden. Denne divisjonen bidrar med heile 60 prosent av inntektene våre og derfor har eg vore opptatt av ein rekrutteringsprosess som søkte mot sterke finansprofilar på Vestlandet, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth.

Rekrutteringsselskapet BønesVirik har gjennomført målretta søk, som har resultert i fleire eksterne og interne kandidatar med betydeleg erfaring frå finans.

- Då er det ekstra gledeleg å konstatere at det systematiske arbeidet med leiarutvikling i banken gir ei tyngd som gjer at våre interne kandidatar utkonkurrerer erfarne, eksterne kandidatar. Eg ser frem til å samarbeide vidare med Tore og Simen i konsernleiinga, seier han.

Med denne endringa får personmarknaden styrka si posisjon i leiargruppa og målsettinga er å syte for marknadsvekst og vidareutvikle bankens posisjon i personmarknaden på Vestlandet.

Kontaktpersonar:

Simen Løland Aarskog: Simen.Aarskog@spv.no / 905 08 019
Tore Dvergsdal: tore.dvergsdal@spv.no / 951 98 501
Jan Erik Kjerpeseth: jan.kjerpeseth@spv.no / 951 98 430

Nøkkelord

Bilder

Sparebanken Vest har fått to nye konserndirektørar for Divisjon Personmarknad. Simen Løland Aarskog i Region Sør og Tore Dvergsdal i Region Nord. Foto: Anne Lise Urdal og Øyvind Hjelmen.
Sparebanken Vest har fått to nye konserndirektørar for Divisjon Personmarknad. Simen Løland Aarskog i Region Sør og Tore Dvergsdal i Region Nord. Foto: Anne Lise Urdal og Øyvind Hjelmen.
Last ned bilde
Tore Dvergsdal er nytilsett konserndirektør for personmarknaden i Region Nord.  Foto: Anne Lise Urdal
Tore Dvergsdal er nytilsett konserndirektør for personmarknaden i Region Nord. Foto: Anne Lise Urdal
Last ned bilde
Simen Løland Aarskog er nytilsett konserndirektør for personmarknaden i Region Sør. Foto: Øyvind Hjelmen
Simen Løland Aarskog er nytilsett konserndirektør for personmarknaden i Region Sør. Foto: Øyvind Hjelmen
Last ned bilde

Om Sparebanken Vest

Sparebanken Vest
Jonsvollgaten 2
5011 Bergen

915 05 555https://www.spv.no

Sparebanken Vest er landets tredje største sparebank. Vi er et komplett finanshus for mer enn 290.000 person- og bedriftskunder. Vi er stolt over å være et selvstendig finanskonsern med hovedkontor i Bergen med en sentral rolle i mye av den verdiskapningen som skjer på Vestlandet.

Følg pressemeldinger fra Sparebanken Vest

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sparebanken Vest

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye