Semje om kvotar for norsk vårgytande sild og kolmule
– Eg er glad for at vi no er samde om totalkvotane for både NVG-sild og kolmule for 2023, og at begge bestandane blir forvalta innanfor trygge biologiske og berekraftige rammer. Det er framleis usemje om kvotefordelinga for begge bestandane, men kyststatane har avtalt å møtast tidleg i 2023 for å starte arbeidet med fordelingsdiskusjonane, seier fiskeri og havminister Bjørnar Skjæran.
Alle partane er samde om at totalkvoten skal fastsetjast i samsvar med dei faglege tilrådingane frå Det internasjonale rådet for havforsking (ICES). Det er også avtalt at kyststatane skal halde fram arbeidet med analyser for sonetilhøyrsle for både kolmule og sild, som er viktig kunnskap for framtida.
Det er Noreg, EU, Storbritannia, Færøyane og Island som er kyststatar til kolmule, medan kyststatane til sild er Noreg, Russland, Storbritannia, Færøyane og Island.
Når det gjeld avtalar om sonetilgang for norske fiskarar i andre lands soner, vil dette forhandlast gjennom dei bilaterale forhandlingane.
Dei endelege kvotane for norske fiskarar for neste år vil bli klare etter at reguleringane er fastsette og det finst endelege tal for kvotebyte og årets fiske.
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt NFDPressevakta er betent mellom 8.00 - 15.45 på kvardagar (8.00-15.00 om sumaren).
Tel:902 51 303 (ikkje SMS)media@nfd.dep.noOm Nærings- og fiskeridepartementet

Kongens Gate 8
0032 Oslo
Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd
Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Haugland skal lede utvalg om leveringsplikt21.10.2025 20:14:40 CEST | Pressemelding
Svein Ove Haugland skal lede utvalget som skal vurdere leveringspliktene for torsketrålere.
Sildekvoten øker i 202621.10.2025 18:55:19 CEST | Pressemelding
Kyststatene er enige om totalkvoten for nvg-sild for 2026.
Presseinvitasjon: Fiskeri- og havministeren til Brasil14.10.2025 13:39:22 CEST | Pressemelding
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss besøkjer São Paulo og Rio de Janeiro i Brasil 20.–24. oktober.
Regjeringen satser på lukket oppdrett10.10.2025 08:38:31 CEST | Pressemelding
Regjeringen har vedtatt en ny ordning som skal gi insentiver til at oppdrettere skal ta i bruk lukkede produksjonsenheter.
Stabil snøkrabbekvote i 202610.10.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nærings- og fiskeridepartementet har fastsatt totalkvoten for snøkrabbe i 2026 til 12 336 tonn. Det er i tråd med anbefalingen fra Havforskningsinstituttet, og er 389 tonn lavere enn i 2025.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom