Seks lokale firma konkurrerer om denne kontrakten

Dei som leverte inn tilbod var (alle prisane er eksklusive moms):
Tilbyder: | Tilbudssum ekskl. mva: |
Jostein Myge AS frå Avaldsnes | 15.393.450,00 |
Vats Anlegg AS frå Vats | 16.058.951,00 |
Vassbakk & Stol AS frå Kopervik | 16.724.351,00 |
Landmark Maskin AS frå Bømlo | 20.865.461,45 |
Bertelsen & Garpestad AS frå Egersund | 21.163.318,75 |
Sigurd M Søvik AS frå Skjoldastraumen | 36.552.590,00 |
Det kom ytterlegare eitt tilbod, men det vart avvist.
Prisane er no kontrollrekna, og Avaldsnes-firmaet Jostein Myge AS er innstilt til å få kontrakten. Den vert signert så snart karensfristen på ti dagar er ute, og jobben startar så snart som mogleg etter det.
Det vil bli signert ein kontrakt på eitt år, med moglegheit for eitt års gjensidig opsjon.
Dette er kontraktsområdet
Vegne som omfattast av kontrakten, er:
¤ E134 fra Haugesund Lufthavn til Liamyrane i Røldal
¤ E39 fra Bokn til Sandvikvåg ferjekai.
¤ Rv. 13 fra Nesvik til Røldal
Totalt er det snakk om 450 kilometer veg.
Dette skal Statens vegvesen gjera
– Det vi heilt konkret skal gjera, er å laga busslommer, oppgradera murar, rehabilitera midtrabattar, skifta ut rekkverk og legga ny asfalt der det trengst i samband med busslommer, seer byggeleiar Einar Stange i Statens vegvesen.
– Vi skal laga to nye busslommer i Stordalen i, og to i Frakkagjerd i Tysvær. Vi skal også montera ein del nye skilt på rv. 13, legg han til.
Det kan bli aktuelt med trafikkdirigering i samband med prosjekta, og Statens vegvesen jobbar for at det skal bli så lite venting som mogleg for trafikantane.
– Vegvedlikehald er ein viktig del av vårt samfunnsoppdrag med å sikra eit trygt og føreseieleg framkomeleg vegnett med høg oppetid, utdjupar Stange.
Konkret vil vedlikehald seia at vi oppgraderer veg og vegutstyr (alt fra lyktestolpar til røyr under vegen) til dagens standard.
– Stikkrenner som blir bytt, får auka dimensjon på røyr for å sikra betre flyt når det regnar mykje. Når vi vedlikeheld busslommer, bygger vi dei med høgare kantstein for å gi betre framkomst for påstigande busspassasjerar.
Andre tiltak som kan vera aktuelle å gjennomføra i denne kontrakten, er å betra sikten langs vegen ved å reinska i vegetasjon eller ta vekk skog. Å etablera leskur og sykkelskur står på lista over moglege forbetringar for mjuke trafikantar.
Dette er drift og vedlikehald
– Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehold er å sørga for at vi klarar det i morgeo. Å arbeida med grøfter og planera sideterreng bidreg til at vegen er i stand til å utføra sitt samfunnsoppdrag også i framtida.
Vidare utbetrar vi vegdekket der det er nødvendig. Vi skiftar eksisterande rekkverk, eller set opp rekkverk der det ikkje har vore før. Det å setta opp tørrmurer kan også verta aktuelt i denne vedlikehaldskontrakten som går rett inn i kjernen på mykje av det drift og vedlikehald av vegnettet handlar om.
– Kontraktens ansvarsområde er døme på at vi stadig gjer tiltak ute på vegen for å betra tryggleiken for trafikantene. Kvar for seg er tiltaka kanskje ikkje så synlege, og dei er heller ikke dei mest kostbare, men over tid bidreg dei til å redusera risikoen for ulukker og alvorlege hendingar, eller minska skadane når ei ulukke har skjedd.
Stange oppsummerer:
– Retta ut ein sving, laga bedte kurvatur på vegen, harmonisera vegbreidde, sprenga ut og planera sideterreng slik at trafikantene får betre sikt, laga betre og tydelegare avkøyringsfelt, laga betre busslommer, tilrettelegga alle prosjekt slik at dei vert betre også for mjuke trafikantar, montera nytt rekkverk. Dette er drift og vedlikehald.
Nøkkelord
Kontakter
Einar StangeByggeleiarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:90596436einar.stange@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgivarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Landsdekkende kontroller i bruk av belte i buss uke 1324.3.2023 10:57:01 CET | Presseinvitasjon
Dersom du ikke bruker belte i buss, utgjør du en stor risiko for både deg selv og for dine medpassasjerer. Neste uke gjennomfører Statens vegvesen beltekontroller over hele landet for å rette søkelyset mot viktigheten av bruk av belte i buss.
Blakkesrud bru i Eidsvoll er utbedret24.3.2023 09:35:39 CET | Pressemelding
Blakkesrud bru som går over E6 i Eidsvoll kommune på privat veg er utbedret og kan gjenåpnes.
Vassbakk & Stol skal bygge E39 Hove–Osli23.3.2023 13:37:18 CET | Pressemelding
Vassbakk & Stol var best på pris, og scoret også best på kvalitet. Dermed ble valg av entreprenør på E39 Hove–Osli enkelt for Statens vegvesen.
Ta ansvar for traileren din!23.3.2023 10:56:02 CET | Pressemelding
Antall stenginger på norske veier hvor trailere er involvert økte med 36% i år, sammenlignet med i fjor. - Ta ansvar for traileren din, oppfordrer Statens vegvesen.
Rv. 41 ved Mjågeto opnar til påske23.3.2023 09:51:05 CET | Pressemelding
Riksvegen mellom Nes og Kyrkjebygda opnar fredag 31. mars kl. 14.30.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom