Samferdselsdepartementet

Samferdselsministeren vil ha meir infrastruktur for pengane i ny Nasjonal transportplan

Del

Arbeidet med Nasjonal transportplan (NTP) 2022-2033 er i startfasen. Samferdselsminister Jon Georg Dale sender no transportetatane eit tydeleg oppdrag: Nytten av investeringane skal aukast, kostnadane skal ned og ny teknologi skal på plass.

– Satsinga på samferdsel held fram med full styrke. I komande Nasjonal transportplan vil regjeringa investere i ny infrastruktur, ta vare på det vi har og ta i bruk ny og moderne teknologi for å skape gode bu- og arbeidsregionar og få varer og tenester fram til marknaden, seier samferdselsministeren.

Ein meir effektiv samferdselssektor

Regjeringa har gjennomført fleire store reformer i samferdselssektoren. Dette har opna for betre organisering, auka konkurranse, eit betre tilbod til kundane  og bruk av ny teknologi.

– Samferdselsektoren er no godt rusta til å effektivisere innsatsen. I oppdraget til etatane og verksemdene våre legg eg vekt på at det skal tas nye grep for å få meir infrastruktur ut av kvar samferdselskrone. Noreg må mellom anna bli ein pionernasjon i å bruke digitalisering og ny teknologi – både til å bygge ut og drifte infrastrukturen betre og med lågare kostnad, men også til å auke kapasiteten i transportsystemet.

Dette seier samferdselsminister Jon Georg Dale i samband med at han har sendt eit oppdragsbrev til etatane og verksemdene som arbeider med ny NTP. Den nye transportplanen perioden 2022-2033 vert lagt fram 2021. Dagens NTP vart lagt fram våren 2017.

Optimal bruk av resursane - alle NTP-prosjekt må tåle kritisk blikk

Oppdragsbrevet gjer det klart at alle prosjekt som skal vere del av ny NTP først skal vere nøye rekna på, med vekt på å finne fram til optimal bruk av resursane. I tillegg skal etatane og verksemdene vurdere korleis ny teknologi kan effektivisere transportsystemet.

– Vegdirektoratet, Nye Veier, Jernbanedirektoratet, Kystverket og Avinor skal til sommaren legge fram dei første resultata av dette arbeidet. Eg er trygg på at kostnadane går ned og at vi får fram gode og innovative løysingar på dei høgast prioriterte utfordringane, seier Dale.

Nye regionar

Noreg får snart nye og større regionar, med nye oppgåver og utvida ansvar. Samferdselsministeren seier at dei folkevalde må tidleg inn i arbeidet med ny NTP:

– Dei nye regionane må gjere reelle prioriteringar, og finne ut kva for utfordringar det er viktigast å løyse. Ein god heilskap i transportsystemet skapar gode bu- og arbeidsregionar og legg til rette for auka konkurransekraft for norsk næringsliv. Vi har mange utfordringar og vi må prioritere dei løysingane som har størst nytteverdi for folk og næringsliv og som hjelper oss å nå klimaforpliktingane Noreg har teke på seg, seier Dale.

Brev til transportetatane, Avinor, Nye Veier, Sametinget, KS

Meir om Nasjonal transportplan

Nøkkelord

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Regjeringa skjerpar krava til tunge køyretøy15.10.2019 11:35:15 CESTPressemelding

– Fjorårets vinter var prega av alvorlege ulukker og fastkøyringar. Difor innfører vi no strengare krav til vinterdekk for tunge køyretøy, samt auka gebyrsatsar for brot på krava til vinterutrusting. Samstundes styrkjer vi kontrollverksemda i Statens vegvesen med 20 millionar kroner, slik at vi får enda fleire kontrollar i vinterperioden. Dette er viktige tiltak i arbeidet for auka tryggleik og framkome på norske vintervegar. Farlege vogntog skal bort frå norske vinterveger, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Ingrid Dahl Hovland blir ny vegdirektør11.10.2019 11:45:00 CESTPressemelding

- Statens vegvesen har et viktig samfunnsoppdrag i samferdselssektoren. Etaten har tunge oppgaver innenfor utbygging, drift- og vedlikehold av vei, trafikksikkerhet, trafikant og kjøretøy og langtidsplanlegging. Med Ingrid Dahl Hovland får vi en svært dyktig og meget kompetent vegdirektør med tung ledererfaring fra bransjen. Jeg er glad for at hun har takket ja til denne viktige jobben og er klar til å starte om kort tid, sier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsbudsjettet 2020: Full fart i bygging av veg og bane7.10.2019 10:01:00 CESTPressemelding

– Regjeringa vil fortsette å bygge landet og skape eit berekraftig velferdssamfunn. Det krev ein moderne infrastruktur med effektive og sikre transportløysingar. Vi held fram med å satse på samferdsel, og bidreg med det til ein enklare kvardag for folk flest, ei styrking av næringslivets konkurransekraft og utvida bu- og arbeidsregionar. Regjeringa foreslår å løyve 75,4 milliardar kroner til samferdsel i 2020. Det er ein auke på over 80 prosent sidan 2013.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom