Nærings- og fiskeridepartementet

Samde om totalkvote for makrell i 2023

Del
Noreg, EU, Færøyane, Grønland, Island og Storbritannia har i dag underteikna ein avtale om ei totalkvote på 782 066 tonn makrell for 2023. Dette er i tråd med det internasjonale havforskingsrådet ICES si tilråding og inneber ein nedgang frå kvoten for 2022 som var på 794 920 tonn.

– Eg er svært fornøgd med at vi no endeleg har fått fastsett ei totalkvote for makrellen. Dette er noko vi har jobba for i lang tid og som betyr mykje for fiskarane, og for ei berekraftig forvaltning av denne viktige fiskestammen, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Trass i fleire forhandlingsrundar gjennom heile 2022 har ein endå ikkje komme heilt i mål på spørsmåla om fordeling av bestandane og forvaltningsplan for makrell. Partane må bli samde seinast 31. mars og har derfor allereie no avtalt fleire møte i februar og mars 2023 for arbeide vidare med dette.

– Vi vonar at dei gjenståande spørsmåla finn si løysing i starten av neste år. Departementet vil likevel lage ei førebels kvote for 2023, slik at dei som treng det kan starte opp sitt fiske allereie frå årsskiftet, seier Skjæran.

Sjå avtalen i vedlegget.

Nøkkelord

Kontakter

Dokumenter

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye