Så lett som ingenting med Odd Nordstoga
2.6.2022 10:52:14 CEST | Universal Music Norge | Pressemelding

Den tredje låten frå Nordstogas nye prosjekt er ute på straumetenestane fredag 3. juni. Det er ikkje nødvendigvis ein slik låt som ser deg djupt i augo og seier «I love you!» Nei, heller berre ein slik som prisar kor det lyfter, kor fint og kor lettvint detta livet kan vera, berre den andre er i nærleiken.
Som eit snøflak i desember
som kjem dalande og smeltar på di hand
Og som linerla om våren
som så liketil velsignar dette land
Som eit vindblaff i gardina
som seier: «Hei! Her er det liv i alle ting»
Ja, som morgonen som lyser inn er det
og det lyfter denne dagen
så lett som ingenting
Slik kan det ver’ når du er ikring
Så lett som ingenting
Til vanleg så går ein vel ikkje rundt og tenker så mykje på kor mykje glede det gjev berre det at ein har kvarandre. Men sommtid kan ein ta seg i det. Sjå nett den tingen. For ofte er det vel slik at det som gjorde dagen din var dei du dela den med.
Igjen er låten spelt inn heime i Nordstoga på Nordstrand. Reisverket er sett opp av Odd Nordstoga sjølv, som blei såpass oppstemt av låta sjølv at det på vokalsporet dukka opp både ein og to «juhuar». Etterkvart har det kome musikarar til etter tur og fullendt produksjonen. David Wallumrød drog igjennom ein kveld på pianoet nede i stoga. Håkon Aase kom med fela si ein sundag. Alexander Pettersen hadde ein ledig dag i Oslo, og kom med ein mandolin under armen. Trommene til Torstein Lofthus og bassen til Tor Egil Kreken vart spelt inn rett etter påske med Markus Arnet som kyndig teknikar. Så for låten til miksing hjå Øystein Frantzvåg og vidare til mastering hjå Morgan Nicolaysen.
Nøkkelord
Kontakter
Silje Hope
Tel:48095200silje.hope@umusic.comBilder





Om Universal Music Norge
Universal Music AS er verdens, og Norges, største musikkselskap og representerer blant annet artister som Sabrina Carpenter, The Weeknd, Alessandra, Billie Eilish, Ramón, Olivia Rodrigo, Post Malone, Ariana Grande, Dagny, Marstein, The Beatles, Odd Nordstoga, Taylor Swift, The Rolling Stones m.fl.
Følg pressemeldinger fra Universal Music Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universal Music Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universal Music Norge
Secret Garden slipper You Raise Me Up med Royal Philharmonic Orchestra18.9.2026 10:11:05 CEST | Pressemelding
You Raise Me Up er den første singelen fra det kommende albumet Secret Symphony – the Orchestral Music of Secret Garden performed by the Royal Philharmonic Orchestra. Låten er ute globalt i dag fredag 18. september.
Benjamin Ingrosso kjemper med kjærlighetslivet på ny dobbelsingel18.9.2026 09:09:48 CEST | Pressemelding
«funny feeling» og «waste my time» slippes 18. september via EMI Nordic
KAREN MOE HOLDER DØRA «PÅ GLØTT»18.9.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
22 år gamle Karen Moe fra Verdal i Trøndelag setter ord på et velkjent fenomen i dagens datingkultur. Med «På gløtt» leverer Norges nye countrystjerne en nær og relaterbar låt om å bli værende i en udefinert relasjon - et sted mellom flørt og kjæresteforhold.
Ballinciaga finner veien med «On My Way»17.9.2026 09:48:04 CEST | Pressemelding
18. september slipper Ballinciaga «On My Way», en låt om å finne seg selv på reise.
Kaja Gunnufsen tolker deLillos på «Finnes det en kvinne»17.9.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Fredag 18. september slipper Kaja Gunnufsen sin egen versjon av deLillos-låten «Finnes det en kvinne». Låten er andre utgivelse fra soundtracket til den kommende norske spillefilmen Suser avgårde.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
