Rv. 41 ved Mjågeto opnar til påske
23.3.2023 09:51:05 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Vegen skulle eigentleg opne måndag 27. mars, men det krevjande sikrings- og sprengingsarbeidet gjer at entreprenøren treng meir tid. Derfor blir rv. 41 ved Mjågeto, omlag seks kilometer sør for Kyrkjebygda, stengt i nokre dagar til.
Høgt, smalt og veldig bratt
– Det er dessverre uheldig at me ikkje klarer å opna vegen som planlagt. Rv. 41 har vore stengt på grunn av omfattande sprengingsarbeid. Det er svært høge fjellskjeringar som skal fjernast for å laga ein breiare veg, seier byggjeleiar Jon Krogstad Bøe i Statens vegvesen.
Arbeidet som har gått føre seg den siste tida er svært krevjande sidan det er ein høg fjellskjering og small og bratt ned mot Nisser. Statens vegvesen har vurdert at det ikkje er forsvarleg å ha trafikk på rv. 41 medan sprengingsarbeidet og det omfattande sikringsarbeidet går føre seg. Derfor har me vore nøydde til å halda vegen stengd.
Rv. 41 vil opna til påske
– Sidan vegen opnar fredag 31. mars betyr det at påsketrafikken kan gå som normalt. Rv. 41 skal vera ope i heile påska. Etter påska vil vegen vera delvis oppe frå tysdag 11. april og til 9. mai. Då vil vegen vera oppe morgon, ettermiddag og i helgane, seier Bøe.
Utbetringa mellom Kyrkjebygda og Nes er ein del av arbeidet med å forbetra rv. 41 mellom Treungen og Vrådal.
Medan vegen er stengd ved Mjågeto, vil det bli skiltet omkøyring mellom Treungen og Steane. Trafikantar sørfrå må då køyra via fylkesveg 358 forbi Gautefall til Bustrak og vidare fylkesveg 38 via Grova til Steane.
Oversikt over stengt veg
|
Frem til og med 31. mars |
Rv. 41 helt stengt ved Mjågeto |
|
31. mars–10. april (påska) |
Vegen vil vera open frå 31.3. kl. 14.30 til 11.4. kl. 08.30. |
|
11. april–9. mai |
Vegen vil vera open kl. 06.30–08.30 og kl. 14.30–17.00 i vekedagane. I helgane vil vegen vera open frå fredag kl. 14.30 til måndag kl. 08.30. |
Nøkkelord
Kontakter
Jon Krogstad BøeByggelederStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:40834596jon.boe@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje
Bilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Batteridrevne hjullastere imponerer i tunnel29.9.2026 12:57:39 CEST | Pressemelding
Batteridrevne hjullastere gjør jobben like effektivt som dieselmaskiner. De har få barnesykdommer og gir bedre arbeidsmiljø. Det er ferske erfaringer etter testdrift på E6 og E134.
Nattarbeid på Vikafjellet denne veka og neste28.9.2026 13:26:30 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen gjer arbeid på Vikafjellet denne veka og neste. Det er naudsynt å stengja vegen i periodar.
Stenger Stallogargotunnelen for brannøvelse28.9.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Tirsdag 29. september holder Statens vegvesen en beredskapsøvelse i Stallogargotunnelen på riksveg 94 i Hammerfest. Tunnelen blir helt stengt mellom klokka 09.30 og 15.00.
Ledebil og manuell dirigering på E16 ved Stanghelle neste uke24.9.2026 13:46:50 CEST | Pressemelding
Det blir ledebil, manuell dirigering og tidvis kortvarig stans på E16 ved Stanghelle i uke 40.
Ny innfartsparkering ved rv. 41 i Birkeland24.9.2026 11:17:26 CEST | Pressemelding
En ny innfartsparkering langs rv. 41 i Birkeland gjør det enklere å sette igjen bilen og ta bussen videre til Kristiansand.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
