Rv. 41 Nes-Kyrkjebyga blir framleis stengt på grunn av tryggleik
31.3.2023 07:00:00 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

Rv. 41 mellom Nes og Kyrkjebygda skulle eigentleg opna i ettermiddag, men utfordringar med sikringsarbeidet gjer at opninga må utsetjast.
– Me har framleis ein del lausmassar i fjellskjeringane som må fjernast. Kaldare vêr den siste tida har gjort at desse massane har frose fast. Me er avhengig av varmegrader for å sluttføra arbeidd, seier Jon Krogstad Bøe, byggjeleiar i Statens vegvesen.
Geologar har inspisert fjellet og konklusjonen er klar: Det er nødvendig at det blir utført meir reinsk og sikringsarbeid på enkelte parti før vegen kan opnast.
– Tryggleiken går føre – alltid. Me kan ikkje opna vegen for trafikk når me får slike faglege vurderingar, fortel Bøe.
Statens vegvesen beklagar veldig at riksveg 41 ved Mjågeto, omlag seks kilometer sør for Kyrkjebygda, likevel ikkje opnar til palmehelga.
– Sjølvsagt skulle me ønskt at vegen opna i ettermiddag, men me må vera sikre på at vegen er trygg først.
Det har vore jobba døgnet rundt med sikringsarbeidar i området, og dette vil halda fram.
– I dagane som kjem er det spådd plussgrader på dagtid. Me håpar dette vil bidra slik at me får fjerna lausmassane som må bort, og at me får god framdrift på sikringsarbeidet, seier Bøe.
Medan vegen er stengd ved Mjågeto, vil det bli skiltet omkøyring mellom Treungen og Steane. Trafikantar sørfrå må då køyra via fylkesveg 358 forbi Gautefall til Bustrak og vidare fylkesveg 38 via Grova til Steane.
Nøkkelord
Kontakter
Jon Krogstad BøeByggelederStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:40834596jon.boe@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje
Bilder


Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Justerer ferjeruta over Vestfjorden for å gi mer forutsigbarhet20.6.2026 12:55:56 CEST | Pressemelding
Det skal bli færre forsinkelser og kanselleringer på ferjene mellom Bodø og Lofoten, etter justeringer i sommerruta.
Vegvesenet ønsker 150 nye døgnhvileplasser mellom Oslo og Moss19.6.2026 14:21:35 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen lyser ut konkurranse for nye døgnhvileplasser for tungtransport langs E6 mellom Moss og Oslo.
Gjer E134 Ølen-Mørkeli breiare, rettare og betre19.6.2026 13:47:56 CEST | Pressemelding
I dag starta Statens vegvesen på jobben med å utbetra E134-strekninga Ølen-Mørkeli.
Risa AS skal bygge ny sykkelstamvei i Kristiansand19.6.2026 12:04:34 CEST | Pressemelding
I dag ble det signert kontrakt for bygging av E18 Vollevannet–Oddemarka, sykkelstamvei i Kristiansand.
Kvelds- og nattarbeider gir omkjøring fra Fornebu til Lysaker19.6.2026 10:05:36 CEST | Pressemelding
Det blir kvelds- og nattarbeid i Fornebukrysset fra mandag til fredag neste uke. Rampen fra Fornebu til Lysaker stenger fra klokken 20-06. Omkjøring skiltes via Vækerø.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
