Rv. 13 Vik-Vangsnes offisielt opna: Tryggare og enklare reisekvardag for folk i Sogn
19.1.2021 16:21:45 CET | Samferdselsdepartementet | Pressemelding

- Når vi bygger nye vegar, skal dei ikkje berre sørge for at folk kjem seg fortare fram. Det er vel så viktig at folk kjem seg trygt fram. Den nye Goteviktunnelen er eit godt døme på eit slikt prosjekt. Den gamle vegstrekninga frå Vik og nordover langs fjorden til Gotvik har fram til no vore smal og skummel med stor fare for ras. No slepp folk i Sogn å køyre med hjartet i halsen, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
Samferdselsministeren opna i dag vegen digitalt frå heimekontoret i Oslo. Han hadde bakt kake sjølv for høvet.
Billigare enn forventa
Utbygginga av rv. 13 Vik-Vangsnes, starta i november 2017, og stod ferdig 9. desember 2020, da vegen blei opna for trafikk. Prosjektet består av den nær 3 km lange Goteviktunnelen samt nær ein km opprusta veg i dagen. I tillegg er det bygd 130 m gang-/sykkelveg på Vetleøyri for å legge til rette for gang- og sykkeltrafikk på gamlevegen i sommarhalvåret, og fleire private veger.
Vegen ligg an til å koste rundt 595 millionar kroner. Det er nesten 90 millionar kroner mindre enn forventa.
- Eg vil takk Statens vegvesen for god styring av prosjektet, seier Hareide.
Du kan sjå vegopninga på Youtube.
Nøkkelord
Bilder


Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Nye kontraktar sikrar at alle kan få lokalavisa i postkassa16.10.2026 13:00:19 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har sendt ut ein konkurranse om statleg kjøp av avisdistribusjon til postkasser på tysdagar, torsdagar og fredagar til område utan kommersielle avisbodnett.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Finnmark mandag 12. oktober9.10.2026 16:45:15 CEST | Presseinvitasjon
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Finnmark (Kirkenes) mandag 12. oktober.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Trøndelag fredag 9. oktober8.10.2026 11:33:02 CEST | Pressemelding
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Trøndelag fredag 9. oktober. Veg, jernbane og mobilitetsløysingar i storbyområde er tema for dagen.
Statsbudsjettet 2027: Framleis høge ambisjonar for samferdsel7.10.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å løyve i alt 105 milliardar kroner til samferdsel i 2027. Mellom anna foreslår regjeringa å løyve 51,7 milliardar kroner til vegformål, 32,4 milliardar kroner til jernbana, 7,1 milliardar kroner til byområda og 3,4 milliardar kroner til luftfarten.
Regjeringen foreslår å heve aldersgrensen for bruk av elsparkesykler til 16 år5.10.2026 18:24:39 CEST | Pressemelding
Det har vært en kraftig økning i antall barn og unge som skader seg på elsparkesykkel. Nå ber vi Statens vegvesen sende på høring et forslag om å heve aldersgrensen fra 12 til 16 år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
