Skatteetaten

Rogalendingar meldte ifrå om 81 millionar i skjulte verdiar

Del

I 2020 tok totalt 212 personar kontakt med Skatteetaten for å rapportere inn uoppførte inntekter og formuar gjennom ordninga frivillig retting.

Divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.
Divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.

Gjennom ordninga med frivillig retting kan du i ettertid melde frå om formue og inntekt som du ikkje har oppgjeve til Skatteetaten. Dei som får godkjent frivillig retting må betale skatten dei skuldar pluss renter, men slepp straff i form av tilleggsskatt og mogleg politimelding.

I løpet av 2020 vart det ferdigbehandla 304 saker som resulterte i ei auke av skattbare inntekter på 164 millionar kroner og formuar på 4,1 milliardar kroner. I 2020 kom det inn 212 nye saker. I Rogaland resulterte 24 ferdigbehandla saker i ei auke i skattbare inntekter på 4,7 millionar kroner og formuar på 76,7 millionar kroner.

­– Størstedelen av sakene handlar om økonomiske forhold i utlandet. At vi får meir informasjon frå andre land gjer det vanskelegare å skjule verdiar i utlandet, seier divisjonsdirektør i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal.

For å få godkjent frivillig retting må du gje opplysingar til Skatteetaten på eige initiativ med ei fullstendig oversikt over alle verdiar du eig. Du kankkje melde frå etter at kontrolltiltak er sett i verk eller varsla om.

Skal førast i skattemeldinga
Over tid har det vore ei endring i kven som ber om frivillig retting. Tidlegare har mange gjort det på grunn av risikoen for å bli oppdaga, at ein har eit ønskje om å ta verdiane tilbake til Noreg, eller fordi ein ønskjer å gjere opp for seg slik at arvingane skal sleppe å ta seg av problemet.

– No ser vi at det varierer meir kven som ber om frivillig retting. Det kan vere kven som helst, men vi ser at det i større grad handlar om at mange ikkje kjenner til regelverket og melder frå når dei oppdagar at verdiane ikkje berre er skattepliktige i det landet ein har eigedom eller konto, seier Gjengedal.

Alle inntekter og formuar, som til dømes bankinnskot, eigedom og aksjeutbyte i andre land, skal opplysast om i skattemeldinga kvart år. Det betyr ikkje at du risikerer å bli skattlagd dobbelt opp.

– Du har plikt til å opplyse om alle inntekter og formuar du har i alle land. Har du blitt skattlagd i utlandet, vil norsk skattelov og skatteavtalar med andre land sørgje for at du ikkje betalar skatten dobbelt opp, seier Gjengedal.

Større sjanse for at inntekter og formuar vert oppdaga
Sidan 2007 har nesten 4000 personar kontakta Skatteetaten for å ordne opp i skjulte økonomiske forhold. Totalsummen på innmelde summar i samband med frivillig retting er no på over 80 milliardar kroner i formue og cirka tre milliardar i inntekt.

– At vi i 2017 innførde automatisk utveksling av opplysingar mellom skattemyndigheiter i fleire ulike land, og stor mediemerksemd rundt lekkasjar som Panama Papers, førte nok til at ekstra mange rapporterte inn saker i 2017 og 2018, seier Gjengedal.

Les meir om frivillig retting på Skatteetaten sine nettsider

År

Tal på nye saker

Tal på ferdig-behandla saker

Sum fastsett formue (akkumulert på endringar inntil 10 år)*

Sum fastsett inntekt (akkumulert på endringar inntil 10 år)*

2020

212

304

 

4,1 milliardar

 

164 millionar

 

2019

394

309

2,4 milliardar

 

71 millionar

 

2018

591

875

6,1 milliardar

268 millionar

 

2017

924

677

8,7 milliardar

279 millionar

2016

515

428

13,7 milliardar

362 millionar

2015

384

254

7,8 milliardar

189 millionar

2014

295

226

6,5 milliardar

281 millionar

2013

229

203

7,9 milliardar

273 millionar

2012

115

125

7,2 milliardar

478 millionar

2011

131

306

9,6 milliardar

544 millionar

2007 -2010

236

11,6 milliardar

288 millionar


*
Dette er akkumulerte tal for opptil 10 år. Dersom du har hatt 1 million kroner på konto i mange år, vert det rekna skatt av formuen i opptil 10 år tilbake, så vedtaket kan bli at det vert rekna skatt av ein formue på 10 millionar kroner. Det vert rekna renter på skatten som skulle ha vore betalt, men du får ikkje tilleggsskatt.

 Fylkesfordeling 2020:


Fylke

Tal på ferdigbehandla saker

Sum fastsatt formue (akkumulert på endringar inntil 10 år)*

Sum fastsatt inntekt (akkumulert på endringar inntil 10 år)*

Agder

15

73 millionar

4,9 millionar

Innlandet

10

24,5 millionar

690.000

Møre og Romsdal

12

59,9 millionar

435.000

Nordland

13

5 millionar

41.000

Oslo

84

346 millionar

24,4 millionar

Rogaland

24

76,7 millionar

4,7 millionar

Troms og Finnmark

Under 10 saker

Trøndelag

21

53,8 millionar

766.000

Vestfold og Telemark

31

32,9 millionar

1,6 millionar

Vestland

18

70,9 millionar

8 millionar

Viken

73

3,4 milliardar

119 millionar

Kontakter

Bilder

Divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.
Divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.
Last ned bilde

Om Skatteetaten

Skatteetaten
Skatteetaten
Fredrik Selmers vei 4
0663 Oslo

800 80 000http://www.skatteetaten.no

I Skatteetaten jobber 7500 ansatte mot samme mål; å sikre finansieringen av velferdssamfunnet. Skatteetaten er underlagt Finansdepartementet, og har ansvaret for et oppdatert folkeregister og at skatter og avgifter blir fastsatt og innbetalt på riktig måte.

Følg saker fra Skatteetaten

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Skatteetaten på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Skatteetaten

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom