Riksantikvaren lanserer nytt Kulturminnesøk
2.6.2021 12:20:33 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding

Riksantikvaren sin database inneheld tusenvis av kulturminne, alt frå arkeologiske kulturminne til vedtaksfreda bygg. På Kulturminnesøk kan du søkje etter kulturminne der du bur eller i andre fylker, søkje etter enkeltemne eller utforske direkte i kart. Løysinga baserer seg på data frå Riksantikvaren sin database Askeladden, samt bidrag frå privatpersonar, historielag, frivillige foreiningar og lag, samt andre interesserte.
- Kulturminnesøk er heile Noreg sin database for kulturminne, kulturmiljø og landskap. Her kan du enkelt finne fram til kulturminne der du bur eller reiser, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Det kjem dagleg nye kulturminne inn når fylkeskommunar, museum, kommunar, Sametinget og Riksantikvaren registrerer og oppdaterer innhaldet i Askeladden. Kulturminnesøk er ein open nettside. Det er laga slik at alle som ønskjer å vise fram eit kulturminne kan lage seg ein brukar og registrere dette. Kulturminnesøk skal være lett å bruke for folk flest.
- Det er mange der ute som har fantastiske historier knytt til kulturminne og kulturmiljø i sitt nærområde. Vi håpar difor at så mange som mogleg tek i bruk løysinga og registrerer sine historier i Kulturminnesøk, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Nye funksjonar
Med ny-lanseringa får nettstaden ny utsjånad. I tillegg kjem ny funksjonalitet, både i grensesnitt, søkemoglegheiter og kartfunksjonalitet. Alt av innhald vil også overførast til den nye løysninga. Kulturminnesøk er ei teneste frå Riksantikvaren, og driftast av ein redaksjon. Det meste av informasjonen om kulturminnene i Kulturminnesøk kjem frå kulturminnebasen Askeladden som også driftast av Riksantikvaren. Dei øvrige kulturminna kjem inn som bidrag frå engasjerte, frivillige brukarar.
Kulturminnesøk er i stor grad basert på frivillig innsats. Dei som ønskjer å ta i bruk tenesta kan enkelt opprette ein brukar og raskt byrje å registrere kulturminne.
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder




Om Riksantikvaren
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmannen på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Luftskipsmasta i Vadsø fredes6.5.2026 06:00:00 CEST | Pressemelding
Landemerket i Finnmark spiller en sentral rolle i norsk polarhistorie. Nå sikres 100-åringen for evigheten.
Luftskipsmasta i Vadsø blir freda6.5.2026 06:00:00 CEST | Pressemelding
Landemerket i Finnmark speler ei sentral rolle i norsk polarhistorie. No blir 100-åringen sikra for æva.
Ber om droneforbud over 27 stavkirker27.4.2026 06:00:00 CEST | Pressemelding
Stavkirkene er blant Norges nasjonalskatter. Nå søker Riksantikvaren om droneforbud over kirkene av hensyn til sikkerheten.
Ber om droneforbod over 27 stavkyrkjer27.4.2026 06:00:00 CEST | Pressemelding
Stavkirkene er blant Noregs nasjonalskattar. No søkjer Riksantikvaren om droneforbod over kyrkjene av omsyn til tryggleiken.
Enklere å spare strøm i freda bygninger21.4.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Varmepumper er effektivt for å spare strøm og klimautslipp, og det er skånsomt for freda bygninger. Nå mener Riksantikvaren at også flere kirker kan vurdere varmepumper.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
