Riksantikvaren fredar bensinstasjon

Bensinstasjonen ligg i den sørlegaste delen av Bergen sentrum, på flata langs austsida av Nygårdshøgda. Området er i dag kjend som Nedre Nygård.
Bensinstasjonen blei lagt ned i 1998, etter 70 års drift. Same år vart det starta opp ei museumsgruppe, som i hovudsak bestod av pensjonerte Statoil-tilsette. Museumsgruppa har gjort ei omfattande restaurering på dugnad, med økonomisk stønad frå Statoil. I dag vert stasjonen brukt som veteranbilverkstad og til andre aktivitetar knytt til bensinstasjonshistorie, og framstår som eit lite privatmuseum.
- MIL Veteranstasjon fortel om vår moderne historie, om framveksten av bilismen og om kvardagsliv i Noreg. Bensinstasjonen er òg eit fantastisk døme på kor viktige entusiastar og frivillige er for vern av kulturminne. Museumsgruppa av frivillige har satt stasjonen i stand på eit vis som gjer at vi i dag får eit glimt av 1920-tallet, midt i Bergen sentrum, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Frå MIL til Statoil
Stasjonen vart bygd av Norsk Tankanlegg AS, eit dotterselskap til Norsk Brændselolje AS som i 1920-åra bygde rundt 500 bensinstasjonar over heile landet. Stasjonen vart driven samanhengande gjennom 70 år, under skiftande merkenamn. Først MIL, etter krigen BP, så Norol, og til slutt, Statoil.
Stasjonen er ført tilbake til den opphavelege utforminga frå 1920-talet. To originale pumpar, tilsvarande dei som stod der på 1920-talet, vart sett opp under restaureringsarbeida. Den eine av dei er kopla til bensintanken, slik at det faktisk er mogleg å fylle bensin ved stasjonen.
På veg til sentrum
MIL Veteranstasjon ligg i Lars Hilles gate 27 i Bergen. Stasjonen vart teikna av arkitekt Sverre Losnedahl i eit nyklassisistisk formspråk. Bensinstasjonen er gitt ei arkitektonisk stram og symmetrisk utforming med eit nyklassisistisk stilpreg, både i heilskapen og detaljane. Både utforming av stasjonen, og plasseringa langs ein innfartsveg til bykjernen, er typisk for 1920-talet. Ekspedisjonslokalet har også fast og laust inventar frå perioden, tilsvarande det som var eller kan ha vore der opphaveleg.
Fredinga
Føremålet med fredinga er å bevare MIL Veteranstasjon som eit arkitektonisk og kulturhistorisk viktig døme på ein bensinstasjon frå mellomkrigstida. Fasaden på stasjonen er freda, som vindauge, dører og overflater. Inne i stasjonen skal rominndeling, bygningsdelar og fast inventar bevarast. I tillegg fredast køyrearealet og tilkomstvegen til bensinstasjonen.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder



Om Riksantikvaren
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmannen på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Ny verdensarvutstilling åpnet for Urnes stavkirke20.6.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Den nye utstillingen i Skjolden skal styrke formidlingen og forståelsen av norsk verdensarv, og dens betydning for hele verden.
Ny verdsarvutstilling opna for Urnes stavkyrkje20.6.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Den nye utstillinga i Skjolden skal styrke formidlinga og forståinga av norsk verdsarv, og dens betydning for heile verda.
36 prosjekter fra kyst og landbruk får tilskudd5.6.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren fikk hele 112 søknader om verdiskapingsmidler til prosjekter innenfor blant annet kyst og landbruk. Nå er det klart hvilke 36 prosjekter som får tilskud i 2025.
36 prosjekt frå kyst og landbruk får tilskot5.6.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren fekk heile 112 søknader om verdiskapingsmidlar til prosjekt innanfor mellom anna kyst og landbruk. No er det klart kva 36 prosjekt som får tilskot i 2025.
Freder hotell i særklasse28.5.2025 07:00:20 CEST | Pressemelding
For første gang freder Riksantikvaren et hotell nord for Dovrefjell. På Britannia i hjertet av Trondheim har det vært hotelldrift siden 1870-årene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom