Rekorddår for Noregs mest trua fugl
Heile 137 fuglar, inkludert 83 ungar, av den kritisk trua dverggåsa er registrert i år. Det er det beste resultatet sidan overvakinga starta i 1990.

83 nye dverggåsungar er ein stor kontrast til tidlegare år, med berre 1 unge i 2020, 4 ungar i 2021 og 7 i fjor.
– Dette er ei fantastisk nyheit, som både overraskar og gler stort etter mange tiår med låg ungeproduksjon. I år har den kritisk trua dverggåsa hatt eit historisk hekkeår, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Dramatisk nedgang
Dverggåsa var ein vanleg fugleart i Nord-Noreg fram til midten av førre hundreår, med ein hekkebestand på rundt 10 000 individ. Seinare følgde ein dramatisk tilbakegang, som følgje av massiv jakt, både i Noreg og langs trekkrutene.
– Dverggåsa er i dag kritisk trua. I perioden frå 2000-2023 har det berre vore 20-35 par, og alle held til i eitt lite hekkeområde i Finnmark. Sidan dette er det einaste gjenverande hekkeområdet i Europa, har vi i Noreg eit spesielt ansvar for å ta vare på denne bestanden, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Dverggås er ein prioritert art etter naturmangfaldslova. Les meir om prioriterte artar her: Forvaltning av trua artar og naturtypar - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)
På oppdrag frå Miljødirektoratet starta Birdlife Noreg overvaking av den utryddingstrua arten i 1990. Dverggjæsene blir overvakte i vinterområda sine i Hellas, langs den vestlege trekkruta og i Noreg, både på rasteområde og i det gjenverande hekkeområdet.
Har avgrensa ulovleg jakt
Dei positive tala fører til entusiasme blant forskarar, styresmakter og frivillige som har lagt ned ein solid innsats i overvakings- og vernearbeidet langs heile trekkruta, frå Noreg, via Finland, Estland, Ungarn og til Hellas der dverggåsa held til om vinteren.
– Gjennom eit felles EU-program meiner vi at vi no kan å sjå resultata av mange års hardt arbeid for å avgrense den ulovlege jakta på dverggåsa og dermed auke overlevinga hos dei vaksne fuglane, seier Hambro.
Sidan fjelløkosystemet, som dverggåsa er ein del av, blir påverka av klimaendringane, kan dverggåsa få dårlegare vilkår i åra som kjem. Når vintrane bli meir snøfattige og vi får meir is på bakken, får vi færre smågnagarar, som igjen fører til at raudrev og anna rovvilt et egg og ungar av dverggåsa. I år var det spenning knytt til om det gode smågnagaråret ville gi resultat for dverggåsa, og det har vist seg å stemme.
Godt internasjonalt samarbeid
Viss dei vaksne dverggjæsene mislykkast i hekkinga, vil desse dra austover til Sibir i Russland og vidare sørover på ein langt meir riskofylt rute, der dei er utsette for jakt og andre forstyrringar.
Det er derfor viktig at hekkeområdet blir verna mot ulike forstyrringar gjennom hekkinga på sommaren, slik at dverggåsa får vere ifred. I Noreg bidreg Statens naturoppsyn (SNO) med å fjerne raudrev i hekkeområdet.
– I dag er overvintringsområda og den vestlege trekkruta, som dverggjæsene vil nytte ned til Hellas når dei har lykkast med ungeproduksjonen, relativt godt beskytta. Dette er eit resultat av langsiktige tiltak og eit godt samarbeid langs heile trekkruta. No kan vi gle oss over eitt svært velkomme, godt hekkeår med god rekruttering av ungfuglar, seier Ingar J. Øien, fagsjef i BirdLife Noreg.
Les meir om dverggås i Noreg her: Dverggås (miljodirektoratet.no)
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Bilder

Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø
Hovudoppgåvene våre er å redusere utslepp av klimagassar, forvalte norsk natur og hindre forureining. Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagde Klima- og miljødepartementet . Vi har i underkant av 700 tilsette ved dei to kontora våre i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) lokalkontora sine.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
41 millioner til vannmiljøtiltak over hele landet31.10.2025 13:44:49 CET | Pressemelding
88 prosjekter over hele landet har til sammen fått 41 millioner kroner for å gjøre livet bedre for fisk og annet liv i elver, innsjøer og kystvann.
41 millionar til vassmiljøtiltak over heile landet31.10.2025 13:44:49 CET | Pressemelding
88 prosjekt over heile landet har til saman fått 41 millionar kroner for å gjere livet betre for fisk og anna liv i elvar, innsjøar og kystvatn.
Tekstilbransjen kan få strengere krav som øker ombruk28.10.2025 08:00:00 CET | Pressemelding
Tekstilprodusenter må ta ansvar for produktene sine – også når de havner i søpla. Miljødirektoratet foreslår nye krav for en mer bærekraftig bransje.
Tekstilbransjen kan få strengare krav som aukar ombruk28.10.2025 08:00:00 CET | Pressemelding
Tekstilprodusentar må ta ansvar for produkta sine – også når dei hamnar i søpla. Miljødirektoratet føreslår nye krav for ein meir berekraftig bransje.
Ny rapport: Slik kan klimaet i Norge bli framover27.10.2025 11:00:46 CET | Pressemelding
Norge står foran store klimaendringer. Klima i Norge-rapporten gir et oppdatert kunnskapsgrunnlag for å tilpasse samfunnet til et endret klima.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom