Visit Hardangerfjord

Regjeringa sin redningspakke reddar ikkje reiselivet i Hardanger

Del
Kompensasjonsordninga til regjeringa treff ikkje dei sesongutsatte reiselivsbedriftene i Hardanger. No etterlyser dei ytterligare grep for å unngå konkursar.

– Regjeringa har kome med fleire gode tiltak, men den nyleg føreslåtte kompenasjonsordninga hjelper ikkje reiselivet i Hardanger. Skjer det ikkje endringar her, kjem det til å få store konsekvensar, seier Andreas Skogseth, reiselivsdirektør i Visit Hardangerfjord. 

– Heilt urimeleg

Reiselivsdirektøren viser til at tiltakspakken i denne omgang kun gjeld frå mars til mai med utgangspunkt i omsetnad tilsvarande periode i 2019. Utfordringa er at nærmare 80 prosent av omsetnaden til reiselivet i Hardanger skjer i perioden juni – august. Det gjer at dei slik ordning kan vera til stor verdi i byar og vinterdestinasjonar, men er til liten eller inga hjelp for sesongutsatte bedrifter. Det får Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang kommune, til å reagera.

– Me kan ikkje ha det slik at reiselivet i distrikta vert fråskote midlar frå krisepakka medan bynære hotell får utteljing. Det er heilt urimeleg, seier ordføraren og fortsetter:

– Hardanger, som reiselivsikon, er eit sterkt merkenamn for heile Noreg. Bløminga, fjordlandskapet, Hardangervidda, Folgefonna og ikkje minst Trolltunga sel heile Noreg. Såleis skapar desse ikona store inntekter for bynære strøk, flyplassar og reiseliv generelt sett i Noreg på bakgrunn av naturen i Hardanger, forklarar Aga Haug i ei pressemelding.

Lite treffande

Kjetil R. Widding driftar Utne Hotel saman med kona Bente. Sesongen til hotellet, som er det eldste freda trehotellet i Noreg, byrjar i mai. Tiltakspakken er med andre ord lite treffande for dei.

– For vår del er det mange kostnader knytt til planlegging, marknadsføring og rigging av sesongen i fyrste halvår. Inntektene kjem ikkje inn før i slutten av mai og utover. Dette er ei stor utfordring for oss, seier Widding.

Må forlengast

På grunn av koronaviruset, er det svært usikkert når folk kan reisa att. Sjølv med fleire Nordmenn som potensielt ferierer i eiga land denne sommaren, vil det ikkje kompensera for dei tapte inntektene frå den utanlandske marknaden som utgjer majoriteten av hotellovernattingar i Hardanger. Skogseth i Visit Hardangerfjord håpar no at regjeringa forlenger tiltakspakken til å vara ut 2020 for å redda reiselivsnæringa i distriktet. 

– Dersom dei ikkje gjer det, vil det vera svært kritisk for reiselivet. Ikkje berre i Hardanger, men for alle typiske destinasjonar med ein stor andel bedrifter som baserer drifta si på sommarsesongen, avsluttar Skogseth.

Nøkkelord

Kontakter

Andreas Skogseth, reiselivsdirektør, Visit Hardangerfjord
Tlf: +47 926 64 894

Bilder

Last ned bilde
Bente R. Widding og Kjetil R. Widding - Utne Hotel
Bente R. Widding og Kjetil R. Widding - Utne Hotel
Last ned bilde
Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang Kommune.
Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang Kommune.
Last ned bilde

Om Visit Hardangerfjord

Visit Hardangerfjord
Sandvenvegen 40
5600 Norheimsund

56 55 38 70http://www.hardangerfjord.com

Visit Hardangerfjord er eit destinasjonsselskap som marknadsfører Hardanger-regionen med kommunane Kvam, Eidfjord, Ulvik, Ullensvang og Kvinnherad. Vår misjon er å visa fram og korta ned avstanden til den desidert mest spanande regionen i Noreg.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye