Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa doblar kapitalen i Nysnø

Del

Regjeringa foreslår å tilføre Nysnø Klimainvesteringer AS ytterlegare 700 millionar kroner i 2020. Det er nær ei dobling av kapitalen i selskapet.

– Nysnø skal forvalte kapitalen slik at vi får god avkasting og positiv klimaeffekt i Noreg. Selskapet skal bidra til det grøne skiftet ved å gjere lønsame investeringar i teknologi som reduserer klimagassutslepp. Utvikling og kommersialisering av ny teknologi krev ofte tilgang til kapital og kompetanse. Saman med private investorar skal Nysnø bidra med det, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Nysnø kan investera i unoterte selskap og fond retta mot unoterte selskap, med verksemd i eller ut frå Noreg. Kapitalen i selskapet skal byggast opp over tid. Nysnø er førebels tilført 725 millionar kroner, og med 700 millionar kroner i 2020 vil forvaltningskapitalen auke til 1425 millionar kroner.

– Meir pengar til Nysnø bidreg til å akselerere det grøne skiftet. Pengane vert investert i vekstselskap med klimavennleg teknologi. Dette styrkar både selskapa og det norske systemet for kommersialisering av slik teknologi, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Nysnø vart stifta i desember 2017 som Fornybar AS. Selskapet haldar til i Stavanger og skal bidra til reduserte klimagassutslepp gjennom lønsame investeringar, saman med private investorar.

Kontakter

Bilder

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom