Reduserte bompengesatsar for biogasskøyretøy i Oslo: Samferdselsministeren er positiv og vil ha rask avklaring
27.5.2019 12:30:00 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding
Styringsgruppa for Oslopakke 3 har vedtatt å gi redusert takst til biogasskøyretøy. Styringsgruppa har bedt Vegdirektoratet starte dei nødvendige prosessane for å få til ein slik takstreduksjon.
I brev til Vegdirektoratet i dag ber samferdselsministeren om at Vegdirektoratet innan 11. juni nærare orientere han om kva for opplegg og plan dei har for å få avklart om det er noko til hinder for at forslaget om redusert takst kan gjennomførast.
- Vegdirektoratet skal vurdere korleis redusert takst eller fritak for køyretøy som brukar biogass kan handterast i samband med passering i bomringen. Dei skal sjå på korleis ein kan kontrollere at køyretøya bruker biogass eller anna gass. Eg har også bedt Vegdirektoratet om å involvere lokale myndigheter i arbeidet på egna måte, seier Dale.
Nøkkelord
Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
No blir det enklare å levere dokumentasjonen for godstransport10.6.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
I dag må transportnæringa ha med seg mykje av den lovpålagte dokumentasjonen for godstransport på papir. Arbeidarpartiregjeringa ønskjer å gjere dette enklare for både transportørane og styresmaktene, og føreslår difor å gje transportørane rett til å levere den lovpålagde dokumentasjonen digitalt.
Jannicke Hilland er ny styreleiar i Entur9.6.2026 14:56:35 CEST | Pressemelding
På dagens generalforsamling i Entur AS blei Jannicke Hilland vald som ny styreleiar i selskapet. Nestleiaren i styret, Leif Harald Jensen, og styremedlem Sverre Kristian Gjessing vart attvalde.
Ni av ti tog var i rute i mai og rekord i antall togreiser for andre år på rad3.6.2026 07:15:00 CEST | Pressemelding
Mai i år har vært ekstra skjønn for jernbanen med rekordhøy punktlighet, der 90 prosent av togene har vært i rute. For andre år på rad ble det også i 2025 satt ny rekord i antall togreiser.
Ny bru over rv. 70 ved Fale i Sunndal i Møre og Romsdal kan stå klar i 202822.5.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen inviterer i dag til konkurranse om å bygge ny bru over Driva ved Fale i Sunndal kommune.
Revidert nasjonalbudsjett 2026: Meir pengar til vedlikehald av riksvegane våre12.5.2026 12:01:09 CEST | Pressemelding
Regjeringa held fram med satsinga på vedlikehald av riksvegane, og foreslår å auke løyvinga til drift og vedlikehald med 603,3 millionar kroner. Med dette vil løyvinga auke til 12 milliardar kroner i 2026.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
