Statens vegvesen

Raudt farevarsel for flaum i Vestland, seks vegar er heilt stengd

Del
Det er sendt ut raudt farevarsel for flaumfare for midtre og indre delar av Vestland fylke. - Om du ikkje må ferdast på vegane, så lat det vera, seier Statens vegvesen.

Vassføringa er allereie på oransje nivå i mange vassdrag. Det er venta fortsatt mykje nedbør gjennom fredagsdøgnet, 50-80 mm, og lokalt kan det koma meir. Det går fram av varselet frå Varsom. Nedbøren er venta å gje vassføring på raudt nivå i både små og store utsette vassdrag. Raudt er det øvste farenivået.

Det kan bli omfattande oversvømmingar, erosjonsskadar og flaumskadar. Varselet frå Varsom ber folk om å halde seg unna elver og bekkar med stor vassføring.

- Vi ber trafikantane om å vera varsame med å ferdast på vegane. Om du ikkje må, så lat det vera, seier Svenn Finden, avdelingsdirektør for Drift og vedlikehald i Statens vegvesen.

- Vi veit at slik nedbør kan føre til stengde vegar og bruer, seier han. Kl. 11.30 fredag er seks fylkesvegar i Vestland heilt stengde på grunn av flaum eller skred.

Varsom er ei teneste levert av NVE, i samarbeid med Meteorologisk institutt og Statens vegvesen.

Kontakter

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye