Rapport om naturmangfald er no klar

– Vegvesenet er svært opptekne av å få eit best mogleg kunnskapsgrunnlag når det gjeld naturmangfaldet i dette planområdet. Regjeringa har også understreka at dei vil at ein framtidig E39 Stord-Os skal øydeleggje minst mogleg av verdifull natur. Då er det viktig at vi har god oversikt og kunnskap om kvar denne finst, seier planleggingsleiar Ellen Slinde.
Kartlegginga av området vart utført i feltsesongen i 2020 og omfatta naturkartlegging og verdivurderingar både på land, i vassdrag og i sjøen. Rapporten dannar ein del av grunnlaget for justering og forbetring av veglinja som vart vedteken i kommunedelplanen i 2019.
Nasjonal ekspertise
– Asplan Viak er kjende med området frå undersøkingar i samband med kommunedelplanen. For å dekke mest mogleg av undersøkingsområdet og tema, har dei i tillegg hatt med seg fleire underleverandørar. Blant kartleggarane finn me mellom anna nasjonale ekspertar på boreonemoral regnskog, som er ein viktig naturtype på Tysnes, fortel planleggingsleiar Slinde.
Fleire nye lokalitetar
Denne siste kartlegginga registrerte 137 nye naturtypelokalitetar. Totalt er det nå registrert 202 naturtypelokaliteter på land innanfor undersøkingsområdet.
Dei største kategoriane i denne registreringa er:
- 53 kystmyrlokalitetar
- 27 lokalitetar med store gamle tre
- 16 rik sump- og kjeldeskog
- 14 regnskogslokalitetar
Innanfor dei kartlagde områda vart det også registrert over 700 førekomstar av raudlista plantar, lav, mose og sopp (Sjå figur 1).
Fleire registreringar framover
Den førre kartlegginga blei gjort tilbake i 2015 i samband med kommunedelplanen. No er prosjektet i reguleringsplanfasen og undersøkingsområdet er innsnevra og fleire viktige detaljar er kartlagt og registrert.
–Det neste året skal vi registrere og måle blant anna myrer, skog, vassdrag og anna som vi ser vegen får følgjer for. Informasjonen vil bli nytta for å gjere ei best mogeleg vurdering av kor veglinja skal gå, understrekar Slinde.
Desse målingane vil også danne ein del av grunnlaget for klimabudsjettet som skal utarbeidast.
Vassdrag og marine kartleggingar
Kartlegginga undersøkte mange større og mindre vassdrag med tanke på fisk, særleg sjøaure og ål. Lokalkjende kom med god informasjon om ål til fiskebiologane som kartla vassdraga.
I samband med optimalisering av veglinjene skal vi sjå på alternative kryssingar av Søreidsvågen. Her er det difor supplert med marine naturkartleggingar, som viser at det er lokalt viktige verdiar i planområdet.
Hjortetrekk og tilrettelegging av faunapassasjar
Det er også gjort supplerande undersøkingar kring hjort og hjortetrekk.
– Det er mykje hjort i dette planområdet, og det må leggast til rette for faunapassasjar på strategiske plassar. Ti viktige trekkvegar for hjort vart blant anna registrert. Ein i Os, to på Stord og sju på Tysnes. Lokale jegerar og grunneigarar bidrog med verdifull kunnskap i dette arbeidet, understrekar Slinde.
Framleis mykje kartleggingsarbeid
Det står enno att nokre område å kartlegge. Dette gjeld i hovudsak mellom Økland og Hodnaneset på Tysnes, og noko langs ny trasé på Stord. I tillegg skal nokre insektgrupper kartleggast, og desse lokalitetane er spreidde i planområdet. Det vil difor også i 2021 dukke opp ein naturkartleggar nær deg om du bur i planområdet til E39 Stord-Os.
– Me håper dei vert godt mottekne, slik som dei vart i 2020. Dette arbeidet er svært sentralt og viktig for oss, oppfordrar Slinde.
Nøkkelord
Kontakter
Ellen SlindePlanleggingsleiar, E39 Stord-Os (Hordfast)Statens vegvesen/Utbyggingsdivisjonen
Tel:992 03 238e39stordos@vegvesen.noBilder



Lenker
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Hålogalandsbrua reguleres for asfaltreparasjon21.8.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Det blir begrensninger for trafikken over Hålogalandsbrua på E6 i Narvik fra mandag 25. august og i tre uker fremover.
E45 Kløfta klargjøres for utbygging20.8.2025 14:38:57 CEST | Pressemelding
Nå legges kraft- og fiberkabel til bygging av E45 Kløfta. Målet er å redusere utslippene fra milliardprosjektet i Finnmark.
Utlysning av døgnhvileplasser langs E18 Asker-Sande20.8.2025 13:30:23 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen ønsker leiekontrakt med næringsaktører langs E18 som vil etablere, drifte og vedlikeholde døgnhvileplasser for tungbilsjåfører. Behovet er stort. Frist for søknad om å levere tilbud er 13. oktober.
Ny stenging på E16 Bergen-Voss neste helg20.8.2025 11:26:57 CEST | Pressemelding
Allereie neste laurdag er Mesta klare til å støype ein ny seksjon av portalen på Dalseidtunnelen. Dette betyr at E16 vert stengd aust for Dale laurdag 30. august frå kl. 07.00 og fram til ca 12.00 søndag.
Startar arkeologiske utgravingar i Ørsta18.8.2025 13:04:14 CEST | Pressemelding
Arkeologar frå Universitetet i Bergen startar tysdag 19. august utgravinga av to automatisk freda kulturminne i samband med reguleringsplan E39 Ose–Osborg.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom