Pukkellaks-felle på plass i Tana frå slutten av juni

– Vi reknar det realistisk å kunne fange ein stor del av pukkellaksen som kjem i dette første året med felle i Tana. Samtidig er det mange usikre faktorar som vêrforhold og vassføring, kor godt fella fangar og kor mykje pukkellaks som kjem, slik at det er vanskeleg å anslå eksakt, seier Roar Sandodden i Veterinærinstituttet, som leier prosjektet på oppdrag frå Miljødirektoratet.
– Prøveår
Den uønskte framandarten pukkellaks kjem til elvane i Nord-Noreg annakvart år. I sommar er det venta mange. På grunn av at Tanavassdraget har eit stort potensial for produksjon av atlantisk laks, og har høg vassføring, er det ekstra krevjande å kontrollere og fange pukkellaks i elva. Sterkt reduserte bestandar av atlantisk laks dei seinare åra medfører ei ekstra utfordring, då pukkellaksen må takast ut utan at det går ut over den lokale laksen.
– Det er viktig å understreke at dette vil vere eit prøveår. Uansett kor mykje pukkellaks vi lykkast med å hindre frå å gå opp i elva så er det viktig å få testa ut korleis ein slik fellekonstruksjon vil fungere i Tana. Prosjektet vil gi nyttig erfaring for å løyse pukkellakseutfordringa også i andre større vassdrag, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.
Klar frå 24. juni
Det blir teke sikte på at fiskesperra i Tana skal vere operativ frå 24. juni. Den blir sett opp ved Seidaholmen, like nedanfor Tana bru. Lokale ressurspersonar og innleigd entreprenør vil vere dei viktigaste aktørane for å setje opp fella, som skal driftast av opp mot 30 kortidsanasatte personar i sommar. Miljødirektoratet vil vere formell arbeidsgivar for mellombels tilsette.
- Ei felle av denne typen har ikkje vorte bygd i Noreg tidlegare, så det er eit nybrotsarbeid. Sjølve fangstinnretninga og utstyr for å sortere ut og avlive pukkellaks vil plasserast på ein flåte ute i elva, seier Roar Sandodden.
– Håpar naturen speler på lag
Det går no føre seg eit grundig arbeid for å få på plass alt det tekniske, utarbeide prosedyrar og planleggje tryggleik for dei som skal røkte fella. Ikkje minst vil vassføringa i sommar påverke både når det er trygt å setje opp fella, og den daglege drifta.
– Vi håpar at naturen speler på lag med oss, slik at vi kan arbeide under relativt stabil vassføring. Vi har teke høgd for vassføringsendringar gjennom sommaren, men dersom det kjem ein større flaum må vi i verste fall vurdere å ta fella ut av drift i ein periode, seier Sandodden.
Ope informasjonsmøte 24. mai
Norsk institutt for naturforsking vil saman med Naturressursinstituttet i Finland overvake korleis dei lokale artane oppfører seg i møtet med fella, slik som den atlantiske laksen. Samtidig som pukkellaksen skal takast ut vil felleløysinga vere innretta slik at oppvandring og nedvandring av atlantisk laks og andre lokale artar ikkje blir forstyrra unødig. Det vil bli brukt både video og sonar for å overvake dei lokale fiskeartane og pukkellaks.
Miljødirektoratet vil saman med Veterinærinstituttet arrangere eit ope informasjonsmøte i Tana bru 24. mai klokka 18-21. Målgruppa for møtet er den norske og finske lokalbefolkninga, og møtet blir tolka mellom norsk og finsk.
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Bilder

Om Miljødirektoratet
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Reinheimen sitt nye besøkssenter til Åndalsnes1.6.2023 10:01:26 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet har vald å autorisere Norsk Tindesenter på Åndalsnes som besøkssenter for Reinheimen nasjonalpark. (nynorsk)
Reinheimens nye besøkssenter til Åndalsnes1.6.2023 09:59:51 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet har valgt å autorisere Norsk Tindesenter på Åndalsnes som besøkssenter for Reinheimen nasjonalpark. (bokmål)
Jotunheimens nye besøkssenter til Luster25.5.2023 10:38:29 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet har valgt Fortun Bygdalag i Luster kommune som autorisert besøkssenter for Jotunheimen nasjonalpark. (bokmål)
Jotunheimen sitt nye besøkssenter til Luster25.5.2023 10:37:04 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet har vald Fortun Bygdalag i Luster kommune som autorisert besøkssenter for Jotunheimen nasjonalpark. (nynorsk)
Luftkvalitet 2022: Kommuner hadde for mye svevestøv25.5.2023 08:00:00 CEST | Pressemelding
Fem kommuner brøt de nye grenseverdiene for svevestøv i fjor. Økende veitrafikk er en av flere grunner til at arbeidet mot luftforurensning må fortsette.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom