Pressemelding frå «Haram ut av Ålesund»

Del
Torsdag 21.10.21 kl. 13:50 vil Ålesund kommune ved ordførar og varaordfører formelt motta eit godt begrunna og sterkt innbyggarinitiativ for lausriving av tidlegare Haram kommune. Dette vil skje i gangen utanfor kommunestyresalen i Ålesund Rådhus rett før kommunestyremøtet som startar kl. 14:00.

Det vert krevd folkerøysting i spørsmålet om å få gjennoppretta Haram som eigen kommune. Med ny regjering og grunnlaget i Hurdalsplattformen, kan Haram kommune som vart tvangssamanslått med nye Ålesund i 2020, mot folkets vilje, få ei reversering. Bak denne store folkekampanjen står organisasjonen «Haram ut Ålesund».

Innbyggjarinitiativet er retta mot kommunestyret, slik kommunelova opnar for. Med underskrifter frå svært mange av dei røysteføre i tidlegare Haram kommune, er dette eit massivt uttrykk for folkeviljen mot tvangssamanslåinga. Den kvalitetssikra lista som vil bli overlevert før kommunestyremøtet, er basert på underskrifter pr 2.oktober i år. Kampanjen held fram, og det kjem stadig til nye underskrifter. Organisasjonen har gjort eit stort arbeid med å «vaske» listene. Her vil vi nemne at eit stort antal underskrifter er utelatt fordi vi ikkje kan verifisere desse med sikkerheit. Men det er stor sannsynlegheit for at også det meste av desse underskriftene er reelle.

Som den første kommunen etter at ny regjering no er på plass, har vi store forventningar til at initiativet blir følgt opp og positivt mottatt både av Ålesund kommunestyre og sentrale myndigheiter. Vårt primære krav er folkerøysting der innbyggjarane i det som var gamle Haram kan få seie eit klart JA eller NEI til å få løyst opp det statlege tvangsvedtaket som førte Haram inn i nye Ålesund kommune. Regjeringa seier at det er vanlege folks tur. Vi set vår litt til at det også gjeld borgarane i tidlegare Haram kommune.

I oversendinga til Ålesund kommune vert det særleg lagt vekt på:

  • Kommunestyret er i medhald av kommunelova §12-1 pliktig til å ta opp til behandling eit initiativ når minimum 300 innbyggjarar krev det. Bak denne kampanjen står det fleire tusen røysteføre  innbyggjarar i gamle Haram kommune, som er langt over det lova krev.
  • Kampanjen er gjennomført over ein kort periode, utan press frå noko hald og utan store marknadsføringskampanjar. Det er folkeviljen som her kjem til uttrykk, ikkje minst fordi folket ikkje godtek at vår heimkommune vart tatt frå oss med tvang.  Derfor er det særs viktig å få prøvd spørsmålet på nytt.
  • Det var svært dårlege og uforståelege argument som vart lagt til grunn då den norske stat  tvangssamanslo gamle Haram med det som no er blitt nye Ålesund. Grunngjevinga var at kommunen var «inneklemt» fordi lille Sandøy frivilleg ville slå seg saman med Ålesund. Dette kan ikkje anna enn å bli oppfatta som eit stort overtramp mot gamle Haram sine om lag 9300 innbyggjarar, når den massive støtta frå dei røysteføre er så formidabel.

For meir informasjon kontakt styreleiar Harald Nordang og/eller presseansvarleg på post@haramutavalesund.no

For Haram ut av Ålesund

Harald Nordang

styreleiar

Kontakter

Styreleiar Harald Nordang 915 10 990
Presseansvarlig: post@haramutavalesund.no

Om Haram ut av Ålesund

Haram ut av Ålesund
Oterleivegen 311
6294 Fjørtoft

https://haramutavalesund.no/

Interesseorganisasjon for å reversere kommunesammenslåinga med Ålesund.

Følg pressemeldinger fra Haram ut av Ålesund

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Haram ut av Ålesund på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Haram ut av Ålesund

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye