Nærings- og fiskeridepartementet

Presseinvitasjon: Signering av ny rammeavtale for fiskerisamarbeid med Storbritannia

Del
Noreg og Storbritannia har kome til semje om ein ny bilateral rammeavtale for fiskerisamarbeid. Avtalen blir signert i dag mellom kl.12-13.
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Avtalen, som vil tre i kraft frå 1. januar 2021, legg til rette for fiskerisamarbeid om kontroll, lisensiering og forsking. I tillegg gir den partane høve til å avtale gjensidig rett til kvarandre sine fiskerisonar og til byte av fiskekvotar.

I forkant av signeringa vil det vere eit videomøte mellom fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen og den britiske kollegaen hans, George Eustice. Signeringa vil finne stad i London, der Noregs ambassadør til Storbritannia, Wegger Chr. Straumen, og George Eustice signerer avtalen. Den britiske ambassadøren til Noreg, Richard Wood vil vere til stades i Nærings- og fiskeridepartementet under signeringa.

Det blir høve til fotografering i lokala til Nærings- og fiskeridepartementet i Kongens gate 8 i Oslo. Påmelding: media@nfd.dep.no

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen vil vere tilgjengeleg for kommentar i etterkant av signeringa.

Kontakter

Bilder

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye